Haugaland prosti
Hopp til navigering
Hopp til søk
Haugaland prosti, tidlegare Karmsund prosti, er eit prosti i Stavanger bispedøme i Den norske kyrkja. Det fekk sitt noverande utstrekking da sokna i Vindafjord kommune vart lagt til det eldre Karmsund prosti med kommunane Bokn, Haugesund, Tysvær, Utsira og Vindafjord. Dette er fem av dei seks kommunane i distriktet Haugalandet; Karmøy kommune utgjer eit eige prosti, Karmøy prosti.
Karmsund prosti vart oppretta i mellomalderen, og femna opphavleg om sokna Skåre, Utsira, Torvastad, Avaldsnes, Åkra, Falnes, Ferkingstad og Bokn.
Dei prestegjelda som tilhøyrde Karmsund prosti då Den norske kyrkja avskaffa prestegjeld i 2000-åra var:
- Avaldsnes prestegjeld med Avaldsnes sokn.
- Kopervik prestegjeld med Kopervik sokn og Åkra sokn.
- Norheim prestegjeld med Norheim sokn.
- Rossabø prestegjeld med Rossabø sokn.
- Skudenes prestegjeld med Falnes sokn og Ferkingstad sokn.
- Skåre prestegjeld med Skåre sokn.
- Torvastad prestegjeld med Torvastad sokn og Utsira sokn.
- Vår Frelsers prestegjeld med Vår Frelsers sokn.
Litteratur
- Haugaland prosti på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Haugaland prosti på Den norske kyrkja sine nettsider.