Herøy Brass

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Herøy Brass har adresse Fosnavåg, i Herøy kommune. Brassbandet har pr. dato 30 medlemar, i hovudsak frå Herøy, men også frå Sande. Herøy Brass vart stifta i 2003, etter samanslåing av Bergshorn (Fosnavåg) og Herøy Brass (Tjørvåg/Moldtustranda).

Øvingar og tilhald elles er på Herøy Kulturhus. Ines Vatne vart tilsett som dirigent hausten 2018. Ho er utdanna kantor og musikkpedagog. Ho er ein røynd dirigent, men Herøy Brass er det fyrste brassbandet ho dirigerer fast. Målsettinga hennar er å vidareutvikle dei musikalske evnene til medlemane, ved å skape eit godt miljø og å utfordre medlemane der det trengst.

Aktiviteten i brassbandet er tufta på friviljug innsats frå medlemane. Arrangement, øvingar, musikkutval, administrasjon, investeringar, finansiering, rekneskap, og anna organisering skjer heilt og fullt på dugnad.

Kjelder

Eksterne lenkjer