Hjørnegården (Sykkylven)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hjørnegården er eit forretningsbygg i Pihl-gata i Aure sentrum i Sykkylven. Her har vore forkjellig næringsverksemd sidan huset vart bygd i 1984. Det var Andreas Aure, Pihl-Andreas, som byrja å byggje på denne tomta. Han var ein tiltaksam lastebileigar og entreprenør. På tomta planla han å byggje eit hotell. Han sette opp grunnmurar, men greidde ikkje å reise kapital til å fullføre bygget. I 1955 vart han skada i ei arbeidsulukke slik at han vart lam.

I 1984 vart det ført opp eit forretningsbygg på tomta. Her gjekk Otto Hjellegjerde, Oddvar Hjellegjerde og Elias Vinje saman om å drive skoutsal i firmaet Sko- og Sportsnytt. Dette firmaet hadde tidlegare hatt tilhald i andre lokale. Frå 1988 vart det bankdrift i lokala. Sunnmørsbanken, som etter kvart skifte namn til Nordea, flytte hit frå sine tidlegare lokale i Kyrkjevegen.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.