Hjelsengstova
Hjelsengstova i Feios i Vik kommune i Sogn vart bygd på 1800-talet. Han som bygde stova heitte Nils Hjelseng og kom ifrå Hjelseng nær Nessane. Kona hans heitte Marta. Dei hadde seks ungar i eit hus på ca. 30 m². Dei var plassmenn under Berdal. Difor fekk dei litt åker og mark over huset til sjølvberging. Nils var skomakar, slik at han kunne forsørgja familien. Då kunne dei kjøpa salt, sukker evt. kaffi viss det var pengar att. Dei hadde ei kyr og 2–3 sauer i kjellaren, og for dette måtte han jobba nokre dagar i året.
Nils og Marta døydde i 1948.
Dottera, Britt, budde i huset til ca. 1970. Sonen, Ivar, budde som vaksen i det vesle huset over Feios bui. Anders (son) flytta heimatt til Nessane. Olav (son) flytta til Skjolden, der han gifta seg. Han tok etternavnet Berdal, i staden for Hjelseng. Difor finn ein folk med namnet Berdal der.
Hjelsengstova er ein del av Feios kulturløype.
Hele eller deler av Hjelsengstova er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes. Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten. |