Hol gamle kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 60°36′54″ N 8°18′0″ Ø


Hol gamle kyrkje
Hol-kirke.jpg
Foto: Svein-Magne Tunli
Stad: Hol
Byggeår: 1200-talet
Endringar: Ombygd og restaurert fleire gonger.
Kyrkjesamfunn: Før 1537: Den katolske kyrkje
Frå 1537: Den norske kyrkje
Bispedøme: Tunsberg
Prosti: Hallingdal
Prestegjeld: Hol
Fellesråd: Hol
Sokn: Hol og Hovet
Periode: Romansk
Materiale: Tømmer
Preikestol: 1696, skåret av snekker Wærch.
Døypefont: 1674.
Altartavle: 1703, «Nattverden».
Sitteplassar: 180

Hol gamle kyrkje i Hol i Hallingdal blei truleg oppført på 1200-talet, og er den eldste i kommunen. Første gong ho nemnast er i eit skriv frå 1328, og ho vert då skildra som ei lita stavkyrkje med svalgang. Apsis står truleg att frå den eldste bygningen, og truleg er golvet laga av stavar frå stavkyrkja. Slik ho står nå er veggane lafta med ytre og indre bordkledning; berre i apsis er det stavverk.

Kyrkja har blitt utvida og ombygd fleire gonger. Det skjedde ein gong på 1500-talet, i 1697, 1798–1799, 1888 og 1938.

På kyrkjebakken står dei to gamle bygningane Prestestugu og Tingstugu. På Prestestugu overnatta prestane i tida før Hol fekk eigen prest.

Galleri

Kjelder