Holland og Slåttebakken (Sandnes gnr. 97/8)
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Holland og Slåttebakken | |
---|---|
Fylke: | Rogaland |
Kommune: | Sandnes |
Gnr.: | 97 |
Bnr: | 8 |
Type: | gardsbruk |
Holland og Slåttebakken (Sandnes gnr. 97/8) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 33/8. Gammalt matrikkelnr. 13 og løpenr. 53b og 54a. Utskilt fra gnr. 97/7 tinglest 5. juli 1873.
Brukarar
94. Ådne Olsen,
f. 1814. Son til Ola Omundsen, husmann i Lauvåsvågjen (nr 24).
Ådne hadde i omlag tjue år det eine småbruket i Lauvåsvågjen (nr 84). Til dette høyrde også eit stykke oppe på Holland. Kan henda ein gong i slutten av 1860-åra selde Ådne småbruket sitt nede i Lauvåsvågjen. Han sat bare igjen med dette stykket på Holland, dessutan eigde han halv delen i husmannsplassen i Slåttebakkjen. Ca 1873 reiste han over til Amerika, der budde han i Toronto i Canada.
G.m. 1840 Gurina Gautesdtr., f. 1816, dotter til Gaute Nilsen, husmann i Heia under Hommarsåk (Garden Hommarsåk-33).
Barn:
- Rakel, f. 1841, g.m. 1867 Elias Kristiansen Søyland, han var matros og budde ei tid i Lauvåsvågjen, sidan i Stavanger
- Gabriel, f. 1842, d. 1842
- Gurina, f. 1843
- Ola, f. 1845
- Ane Gurina, f. 1847, g.m. 1872 Rasmus Reinertsen Gådeset, matros
- Gabriel, f. 1849, reiste til Amerika i 1871
- Nils Martinius, f. 1852
- Karen Maria, f. 1854, reiste til Amerika 18 år gammal (ca 1872), gift Engelson, budde i Canby i Minnesota
- Andreas, f. 1857, han døydde på reisa til USA i 1874 og blei gravlagt i New York
- Elen Jorina, f. 1860, d. 1868
- Ådne
- Rakel.
95. Ola Jakobsen,
f. 1830, d. 1877. Son til Jakob Ringstveit i Nedstrand.
Han budde fyrst ei stund i Vier hos kona sin familie (Folk i bygda-328), sidan i Stavanger. Kom så til Lauvås og overtok Ådne sin part på Holland ca 1873. Ola var sjøfarande i 1875.
G.m. 1858 Karina Knutsdtr., f. 1830, dotter til Knut Øyuvsen, husmann i Vier under Eltervåg (Eltarvåg-35).
Barn:
- Karen Kristina, f. 1859
- Elida, f. 1862
- Karoline, f. 1865
- Nils Edvard, f. 1868
- Karl Johan, f. 1873.
96. Ola Endresen,
f. 1 847, d. 1936. Son til Endre Lydiksen Storå Ådnøy i Høle.
Etter dei gifta seg budde Ola og kona den fyrste tida hos foreldra hennar på Oanes (sjå Forsand boka bind I, del 1, s 257). Der blei det fyrste barnet deira fødd i 1880. Omlag 1881 overtok han dette stykket på Holland, som han hadde til 1927. Utanom småbruket dreiv han som fiskar.
G.m. 1880 Kristina Torsteinsdtr., f. 1862, d. 1906, dotter til Torstein Tormodsen, husmann i Lunden under Oanes i Forsand (sjå Forsandboka bind I, dell, s 257-258).
Barn:
- Ingeborg, f. 1880, g.m. 1903 Rasin Jørgensen, fiskar, budde i Uskakalven (Folk i bygda-279)
- Torstein, f. 1 882, tømmermann, budde ei tid i Uskakalven (Folk i bygda-272), sidan i Stavanger, g.m. 1) 1908 Taletta Sivertsdtr., 2) Emelia Gabrielsdtr.
- Endre, f. 1885, g.m. Inger Barka Nag
- Adolf, f. 1887, budde i Stavanger, g.m. Berta
- Ole, f. 1890, budde fyrst på Lauvås, sidan fabrikkarbeidar busett i Harstad, g.m. Kristine Kristiansen
- Anna, f. 1892, g.m. 1) Hjalmar Grønnestrand, 2) Salve Gabrielsen, budde i Stavanger
- Kristina, f. 1895, g.m. 1) ca 1923 enkjemann Knut K. Vier (d. 1927) (Eltarvåg-84), 2) Peder B. Pedersen, bonde på Nedre Tasta i Hetland
- Børe Andreas, f. 1898, overkonduktør, budde i Stavanger, g.m. Olga Baustad
- Arna, f. 1900, g.m. 1) Knut Eriksen frå Maraholå (Hetland-47 a), 2) John Ramlo, USA
- Emanuel, f. 1904, overtok småbruket (nr 97).
97. Emanuel Løvåsvåg,
f. 1904, d. 1955. Son til Ola Endresen Holland (nr 96).
Emanuel overtok stykket etter faren i 1927. Han var fiskar og ellers arbeidde han i fleire år ved skipsopphogginga på Buøy ved Stavanger.
G.m. Margit Endresen, f. 1904, dotter til Knut Endresen, Vassøy. Nokre år etter at mannen døydde selde ho stykket og flytta til Vassøy.
Barn:
- Klara, f. 1932, g.m. Obert Olsen, sjømann, budde i Kastevigjå, Uskakalven (Folk i bygda -276)
- Gunvor, f. 1934, g.m. Olaf Olsen
- Odd, f. 1935, g.m. Rut Nilsen
- Kåre, f. 1937, g.m. Sigrid Nilsen
- Marit, f. 1942, g.m. Reidar Årdal
- Kirsten, f. 1949.
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norges bebyggelse. Utg. Norsk faglitteratur. Oslo. 1958. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 242-243 i Digitalarkivet
- {{Digitalarkivet-skann|tl20090108070761|Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 45-46
B