Holland og Slåttebakken (Sandnes gnr. 97/8)
| Holland og Slåttebakken | |
|---|---|
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 97 |
| Bnr: | 8 |
| Type: | gardsbruk |
Holland og Slåttebakken (gnr. 97/8) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 33/8. Gammalt matrikkelnr. 13 og løpenr. 53b og 54a. Utskilt fra gnr. 97/7 tinglest 5. juli 1873.
Brukarar
94. Ådne Olsen,
født 1814. Son til Ola Omundsen, husmann i Lauvåsvågjen (nr 24).
Ådne hadde i omlag tjue år det eine småbruket i Lauvåsvågjen (nr 84). Til dette høyrde også eit stykke oppe på Holland. Kan henda ein gong i slutten av 1860-åra selde Ådne småbruket sitt nede i Lauvåsvågjen. Han sat bare igjen med dette stykket på Holland, dessutan eigde han halv delen i husmannsplassen i Slåttebakkjen. Ca 1873 reiste han over til Amerika, der budde han i Toronto i Canada.
Gift i 1840 med Gurina Gautesdtr., født 1816, dotter til Gaute Nilsen, husmann i Heia under Hommarsåk (Garden Hommarsåk-33).
Barn:
- Rakel, født 1841, gift i 1867 med Elias Kristiansen Søyland, han var matros og budde ei tid i Lauvåsvågjen, sidan i Stavanger
- Gabriel, født 1842, død 1842
- Gurina, født 1843
- Ola, født 1845
- Ane Gurina, født 1847, gift i 1872 med Rasmus Reinertsen Gådeset, matros
- Gabriel, født 1849, reiste til Amerika i 1871
- Nils Martinius, født 1852
- Karen Maria, født 1854, reiste til Amerika 18 år gammal (ca 1872), gift Engelson, budde i Canby i Minnesota
- Andreas, født 1857, han døydde på reisa til USA i 1874 og blei gravlagt i New York
- Elen Jorina, født 1860, død 1868
- Ådne
- Rakel
95. Ola Jakobsen,
født 1830, død 1877. Son til Jakob Ringstveit i Nedstrand.
Han budde fyrst ei stund i Vier hos kona sin familie (Folk i bygda-328), sidan i Stavanger. Kom så til Lauvås og overtok Ådne sin part på Holland ca 1873. Ola var sjøfarande i 1875.
Gift i 1858 med Karina Knutsdtr., født 1830, dotter til Knut Øyuvsen, husmann i Vier under Eltervåg (Eltarvåg-35).
Barn:
- Karen Kristina, født 1859
- Elida, født 1862
- Karoline, født 1865
- Nils Edvard, født 1868
- Karl Johan, født 1873
96. Ola Endresen,
født 1847, død 1936. Son til Endre Lydiksen Storå Ådnøy i Høle.
Etter dei gifta seg budde Ola og kona den fyrste tida hos foreldra hennar på Oanes (sjå Forsand boka bind I, del 1, s 257). Der blei det fyrste barnet deira fødd i 1880. Omlag 1881 overtok han dette stykket på Holland, som han hadde til 1927. Utanom småbruket dreiv han som fiskar.
Gift i 1880 med Kristina Torsteinsdtr., født 1862, død 1906, dotter til Torstein Tormodsen, husmann i Lunden under Oanes i Forsand (sjå Forsandboka bind I, dell, s 257-258).
Barn:
- Ingeborg, født 1880, gift i 1903 med Rasin Jørgensen, fiskar, budde i Uskakalven (Folk i bygda-279)
- Torstein, født 1882, tømmermann, budde ei tid i Uskakalven (Folk i bygda-272), sidan i Stavanger, gift med 1) 1908 Taletta Sivertsdtr., 2) Emelia Gabrielsdtr.
- Endre, født 1885, gift med Inger Barka Nag
- Adolf, født 1887, budde i Stavanger, gift med Berta
- Ole, født 1890, budde fyrst på Lauvås, sidan fabrikkarbeidar busett i Harstad, gift med Kristine Kristiansen
- Anna, født 1892, gift med 1) Hjalmar Grønnestrand, 2) Salve Gabrielsen, budde i Stavanger
- Kristina, født 1895, gift med 1) ca 1923 enkjemann Knut K. Vier (død 1927) (Eltarvåg-84), 2) Peder B. Pedersen, bonde på Nedre Tasta i Hetland
- Børe Andreas, født 1898, overkonduktør, budde i Stavanger, gift med Olga Baustad
- Arna, født 1900, gift med 1) Knut Eriksen frå Maraholå (Hetland-47 a), 2) John Ramlo, USA
- Emanuel, født 1904, overtok småbruket (nr 97).
97. Emanuel Løvåsvåg,
født 1904, død 1955. Son til Ola Endresen Holland (nr 96).
Emanuel overtok stykket etter faren i 1927. Han var fiskar og ellers arbeidde han i fleire år ved skipsopphogginga på Buøy ved Stavanger.
Gift med Margit Endresen, født 1904, dotter til Knut Endresen, Vassøy. Nokre år etter at mannen døydde selde ho stykket og flytta til Vassøy.
Barn:
- Klara, født 1932, gift med Obert Olsen, sjømann, budde i Kastevigjå, Uskakalven (Folk i bygda -276)
- Gunvor, født 1934, gift med Olaf Olsen
- Odd, født 1935, gift med Rut Nilsen
- Kåre, født 1937, gift med Sigrid Nilsen
- Marit, født 1942, gift med Reidar Årdal
- Kirsten, født 1949
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norges bebyggelse. Utg. Norsk faglitteratur. Oslo. 1958. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 242-243 i Digitalarkivet
- {{Digitalarkivet-skann|tl20090108070761|Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 45-46