Holum skule (Bergstuen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Holum skule (Bergstuen) tilhøyrde Holum skulekrins i Leikanger kommune.

Skulehuset

På 1800-talet blei Holum skule kalla "Bergstuen" fordi huset eigentleg stod på ein bergknaus tilhøyrande prestegarden nede ved fjorden. Men stova blei flytta til klokkargarden på Holum og nytta som skule frå 1853. Tre år tidlegare hadde sokneprest Johan Haslund gitt beskjed til kommunen om at dei kunne få disponere huset til skule om dei trong det.

Andre bruksområde

I 1872 når den nye skulen var satt opp blei den gamle "Bergstuen" seld til Leikanger Sparebank som flytta det til Halland og nytta det som bankhus i femti år. Huset blei i seinare tid utvida og ombygd, og blei riven då riksvegen blei bygd i 1938.

Kjelder og litteratur

Prenta

Aas, Sverre (1994) . Innsyn i den eldste skulesoga i Leikanger. Systrendingen, nr. 2, årgang 2, s. 5.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.185533° N 6.819170° Ø