Hommersåkveien 151 (Sandnes)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hommersåkveien 151 (gnr. 102, bnr. 99) er eit hus i Sandnes kommune. Det er bygd i 1955 og ligg sørvest for gardstunet på bnr. 2 der utmarka begynner. Eigedomen er utskilt frå bruk nr. 2 på Frøyland. Første eigar var Albert Slagstad, født 1923, død 2009, son til Aslak Slagstad, bonde på Ytre Kvam i Nedstrand. Tømmermann. Huset har 1 ½ etasje med full kjellar og blei bygd av Albert Slagstad med god hjelp frå faren Aslak Slagstad, og blei kalt Frøytun. I 1964 blei det oppført eit uthus på eigedomen. I den eine enden var det innreia eit rom til høner kor 10 – 12 høner holdt til i nokre år. Tidleg på 1980-talet blei det oppført ein dobbelgarasje. Eigedomen blei seld til Sandnes kommune i 2009.

Albert Slagstad gift i 1951 med Berta Gismarvik, født 1928, død 2010, dotter til Olav Gismarvik, Frøyland (Frøyland-64).

Barn:

  1. Inger Sigrun, født 1953 gift i 1981 med Reidar Vik, Sandane i Gloppen kommune, sjå Bergliots vei 43
  2. Olaug, født 1956 gift i 1978 med Svein Alfred Høyheim, Høyheimsvik i Luster kommune
  3. Arni, født 1959                      
  4. Gunvor, født 1963 gift i 1983 med Geir Jostein Søndenaa, Søndenå i Sauda kommune

Kjelder

Tekst er henta delvis frå Riska, gardar og tettstad av Eivind Smith, utgjeven av Sandnes kommune 1993 og delvis frå Inger Sigrun Slagstad Vik (kunnskap om eigen barndomsheim).