Bergliots vei 43 (Sandnes)
Bergliots vei 43 (gnr. 102, bnr. 421) i Sandnes kommune ligg nær Kvitlåna og Frøylandsvatnet. Det er ein einebustad på 1 ½ etasje med full kjellar. Huset vart bygd i det fyrste delfeltet i bustadområde kalt Maudlandslia, men som er ein del av beitemarka til fleire av gardsbruka på Frøyland. Byggeåret for huset er 1983, og fyrste eigarar av bustaden var Inger-Sigrun Slagstad Vik og Reidar Vik.
Reidar Vik var født i 1945 i Ålfoten i dåværande Davik kommune i Nordfjord, gift 1981 med Inger-Sigrun Slagstad, sjå Hommersåkveien 151, død 2014. Ingen barn. Huset blei solgt til nye eigarar i 2012, og Inger-Sigrun og Reidar flytta til Hommersåk terrasse 5 (tidlegare Kaiveien 23).
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå Inger-Sigrun Slagstad Vik