Honlivegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Honlivegen sett austover frå Lønnegravvegen.
Foto: Roy Olsen (2022).

Honlivegen i Vrådal i Kviteseid kommune er ein bomveg som går austover frå Lønnegravvegen og deler seg i fleire lange greiner i eit stort område mellom Kviteseidvatnet og nordenden av Nisser. Vegens hovudløp endar ved Honlimyran i Honlidalen nordaust for Tjøruhelltjønni og er 9,9 kilometer langt.

Vegen har namn etter Stulen Honli ved Hornlivatnet og vart namnsett i 2016.

Kilder


Koordinater: 59.31417° N 8.51765° Ø