Hosanger kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hosanger kommune vart oppretta i 1885 då Hammer og Hosanger kommune vart delt i tre. I 1909 vart Modalen kommune utskild frå Hosanger. Namnet kom frå tettstaden Hosanger.
Kommunen dekka eit område som dels låg på Lindåshalvøya og dels på Osterøya, på både sider av Osterfjorden. I alt var arealet på 228 km².
I 1964 vart fastlandsdelen lagt til Lindås kommune, medan Osterøydelen vart innlemma i Osterøy kommune. Den sistnemnde delen svarar til Hosanger sokn i Den norske kyrkje.
Litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999..
- Hosanger i Store norske leksikon.