Hyllestad sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hyllestad sogelag i Hyllestad kommune vart opphavleg skipa 25. november 1975. Etter nokre år sovna laget inn, men grunnlaget for Sogeskrift frå Hyllestad var lagt, og det kom ut fem nummer. Sogelaget vart reorganisert i januar 2000, og sogeskriftet kom igjen ut. Sidan har Sogeskrift frå Hyllestad komme ut før jul kvart år, som fyldige hefter med lokalhistorisk stoff. Sogeskriftet er laget si hovudoppgåve, men sogelaget er også med i andre aktivitetar; slikt som «Kulturvandringar» i samarbeid med Folkeakademiet i Hyllestad og Kvernsteinsparken (Musea i Sogn og Fjordane).

Leiar sidan 2017 er Leif Jørgen Akse.

Vedtekter

1.    Hyllestad Sogelag har til føremål å skape forståing for og kjennskap til den lokale kulturarven, og arbeide for at så mange som råd er får del i denne.

2.    Hyllestad Sogelag vil sjå det som hovudoppgåve mellom anna å:

- Arbeide for å verne om, samle inn og bevare lokale kulturminne

- Fremje lokalhistorisk arbeid og gransking

-  Samle inn og systematisere gamle foto frå kommunen

- På ulike måtar arbeide for å spreie opplysning om den lokale historia

3.    Alle kan verte medlemer i laget. Årsmøtet fastset årskontingenten

4.    Laget vert leia av eit styre på 5 medlemer og 2 varamedlemer.

- To av styremedlemene og ein av varamedlemene er på val kvart år.

- Styreleiar er på val kvart år

- Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar, sekretær og kasserar.

5.    Årsmøte vert halde ein gong årleg. Ekstra årsmøte kan haldast om 1/3 av medlemene, eller eit fleirtal av styret, krev det.

- Årsmøtet vel styremedlemer og varamedlemer med funksjonstid to år

- Årsmøtet vel styreleiar med funksjonstid eitt år

- Det vert også valt ein revisor og valnemnd, med funksjonstid to år

6.    Styret legg fram årsrapport på årsmøtet, med oversyn over laget sitt arbeid og økonomi. Årsmøtet drøftar laget sitt sitt arbeid og fastset arbeidsoppgåvene som laget bør prioritere.

7.    Styret er ansvarleg for utgjeving av Sogeskrift.

Kjelder

  • Hyllestad Sogelag