Idrettsstreiken

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Idrettsfronten)
Hopp til navigering Hopp til søk

Idrettsstreiken, òg omtala som Idrettsfronten, var ein del av motstandskampen mot den tyske okkupasjonen av Noreg 1940–1945. Aksjonen starta opp allereie hausten 1940 som ein av dei første større, organiserte aksjonane mot okkupasjonsmakta og nazifiseringa. Den utløysande hendinga var at Arbeidstjeneste- og idrettsdepartementet under leiing av Axel Stang den 22. november 1940 oppløyste Norges Landsforbund for Idrett og Arbeidernes Idrettsforbund for å samle dei i Norges Idrettsforbund.

Bakgrunn

Sidan 1924 hadde det vore to store idrettsforbund i Noreg, Norges Landsforbund for Idrett og Arbeidernes Idrettsforbund. Lenge deltok dei ikkje i felles konkurransar, men etter lange forhandlingar kom dei i 1936 fram til idrettsforliket. Dei byrja å delteke i felles konkurransar, og eit arbeid med å slå saman forbunda starta opp. Hausten 1939 vedtok begge forbund å slå seg saman i Norges Idrettsforbund, og det formelle skulle gjerast i løpet av 1940.

Då tyskarane invaderte Noreg den 9. april 1940 var arbeidet ikkje ferdig. Det stoppa heilt opp ein tid, men den 13. september 1940 vart eit interimstyre for Norges Idrettsforbund oppretta.

Tolv dagar seinare, den 25. september 1940, vart dei kommissariske statsrådane utnemnde av Josef Terboven. Axel Stang vart leiar for Arbeidstjeneste- og idrettsdepartementet. Den 22. november sende han ut ei forordning der han oppløyste interimstyret og styra i dei to organisasjonane. Planen var å få på plass eit nazivennleg styre i Norges Idrettsforbund.

Streiken

Svaret frå idretten var ein idrettsstreik; sjølv om det å slå saman dei to organisasjonane var noko dei var einige i, kunne dei ikkje akseptere eit diktat frå Stang.

Nasjonal Samling freista å organisere idretten gjennom Norges Idrettsforbund, men det var stort sett berre NS-medlem som vart med på det. I staden organiserte folk eigne konkurransar, kjend som «jøssingidrett» etter kallenamnet jøssing på dei som utfordra okkupasjonsmakta. I byrjinga måtte ein vere særs forsiktig med det. I 1942 gav NS meir eller mindre opp å organisere idretten, etter ei rekkje konkurransar med få utøvarar og tomme tribunar.

Tyskarane gjorde òg lite for å få kontroll på dette feltet. Jøssingidretten vart derfor arrangert meir og meir openlyst i dei siste krigsåra. Nokre gonger gjekk det galt. Den 14. februar 1943 vart det arrangert eit hopprenn i Furubakken i Asker med over hundre deltakarar og fleire hundre tilskodarar. Bakken låg nær Skaugum, der Josef Terboven budde. Elleve dagar seinare vart fjorten av deltakarane arrestert og sendt på Grini. Dei fleste slapp raskt ut att, men Birger Ruud vart sittande i eit års tid.

Idrettsstreiken vart ein viktig inspirasjon for seinare motstandsaksjonar, då ein såg kor effektiv sivil, ikkjevaldeleg motstand kunne vere.

Kulturminne frå idrettsstreiken

Fleire stader i landet finn ein idrettsanlegg som vart nytta i jøssingidretten. Nokre døme er:

Litteratur