Jørstadmoen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Jørstadmoen er ein militærleir ved Lillehammer og var i alle fall i bruk som ekserserplass for dragonar frå 1780. Infanteriavdelingane i Gudbrandsdalen hadde øvingane sine på Breivegen i Fron. I 1869 kjøpte staten området som ekserserplass for Gudbrandsdalens nasjonale musketerkorps. Moen har namn etter garden Jørstad.

Frå 1886 vart leiren utvida, og det vart etter kvart m.a. bygd seks mannskapsbrakker med sengeplass til 72 mann i kvar. Telthus frå kompanidistrikta vart òg flytt hit og nytta m.a. til legebustad og lager.

Øvingsområdet leiren disponerte vart etter kvart for lite for infanteriavdelingar, og frå 1918 var det berre under første del av rekruttskulen den kunne nyttast. I siste periode vart rekruttane sendt til Terningmoen.

Østoppland infanteriregiment nr 5 disponerte Jørstadmoen til 1940. Etter krigen vart leiren overteke av Hærens samband.

Om Jørstadmoen i dag på no.wikipedia.

12. kompani, som gjorde «mytteri» i 1911.

Litteratur


Koordinater: 61.1472215° N 10.388056° Ø