Jacob Erik Lange

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jacob Erik Lange (døypt i Bergen 3. april 1767, død i Trondheim 5. april 1825) var offiser og eidsvollsmann. Han representerte 2. Trondhjemske infanteribrigade på Eidsvoll. Det er ikkje kjent om han heldt seg til Sjølvstendepartiet eller Unionspartiet. Han markerte seg ikkje i forhandlingane der.

Foreldra var prokurator Erik Lange og Anna Catharina Juel. Han gifta seg i Trondheim 27. august 1799 med Laurentine Elisabeth Nannestad Laulund (døypt i Klæbu 7. februar 1780, død i Trondheim 15. mars 1870). Også far hennar var prokurator, Iver Laulund, og mora var Magdalene Carlsen. På folketeljingstidspunktet 1801 budde familien i «Munch Hau Veiten» i Trondheim. Hushaldet bestod da av 10 personar. Det var dei sjølve og den eitt år gamle dottera Magdalena. Dei hadde to tenestejenter. To losjerande ungdomar var etter alt å dømme av kondisjonert stand, Martha Maria Coldevin på 14 som er der «til lærdom», og den 18 år gamle teologistudenten Augustinus Gaarder. Dei har også ein gevorben soldat i huset med kone og fosterdotter. [1]

Lange hadde kom i militærteneste ca. 1787. Han var korporal ved Livgarden til fots i København til 1789, da han vart offiser i stilling som fenrik ved 2. Trondhjemske nasjonale infanteriregiment, 1. gevorbne grenaderkompani. Han fekk grad som sekondløytnant ved regimentets 2. gevorbne grenaderkompani i 1794 og premierløytnant ved same regimentets Hevneske nasjonale kompani i 1798. Så kom han tilbake til 1. gevorbne grenaderkompani i 1800.

Lange fekk kapteins grad frå 1808, og vart i 1810 sjef for Fanottingske kompani, framleis ved 2. Trondhjemske regiment. Han var parallelt med dette inspeksjonsoffiser ved Trondheims underoffisersskule 1805-1813. Frå og med den nye hærordninga 1. januar 1818 var han ved Trondhjemske infanteribrigade, og vart sjef for 2. gevorbne kompani av Trondhjemske gevorbne musketerkorps.

Referansar

  1. Jacob Lange i folketelling 1801 for Trondheim kjøpstad fra Digitalarkivet

Kjelder og litteratur

  • Koht, Halvdan: Artikkel om Lange i Norsk biografisk leksikon 1938.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd II. Oslo 1949.

Eksterne lenker