Jakob Håkonsson Myklebust

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jakob Håkonsson Myklebust (1766-1848) var skreddar og gardbrukar.

Han var fødd på garden AmundrustadToten i 1767. Foreldre var Haagen Paulson Amundrudstad og kona Aase Jacobsdotter fødd Holte. Det har vore fortalt og skrive mykje om disse folka, men ikkje alt av dette stemmer. Blant anna har det vore sagt at dei miste garden Amundrudstad etter ein odelsprosess. Men det er feil. Amundrudstad vart seld på vanleg vis våren 1773, og så kjøpte dei garden Vinju i Ringsaker og flytta dit. Han vart gift i 1789 med Birte Larsdotter Skappel frå Ringsaker, og dei kjøpte så garden Torsrud på Toten i 1790. Her vart dei tre første borna fødde. Så, i 1794, vart denne garden tatt tilbake på odel og dei vart gardlause og kom til å bu fleire stader. Det fjerde barnet vart fødd på Brusveen i Gjøvik, dei to neste på Helgøya, høvesvis Maarud og Røråsen. I folketeljinga for 1801 finn ein Jakob Håkonsson som jordlaus husmann på Lille Ingeberg i Vang prestegjeldHedmarken. Siste barnet vart fødd i 1803 på Rogstad i Vang. I 1804 flytta familien herifrå, og seinast i 1805 budde dei på Igesund i HerøySunnmøre. I 1811 var familien brukarar på Myklebust i same prestegjeld. Både Igesund og Myklebust høyrde til Herøy prestebol, og det var sokneprest Grüner som hadde gjeve dei bygsel ved begge høva. Av dei sju borna var det fire som vaks opp og vart buande på Sunnmøre.

Jakob Håkonsson skal ha drive som skreddar ei tid før han fekk hand om eit gardsbruk. Då han budde på Igesund, prøvde han å dyrke lin. For dette vart han premiert av Landhusholdningsselskapet. Jakob Håkonsson skal også ha vore boklærd. Både han og kona var haugianarar.

Våren 1814 vart Jakob Håkonsson Myklebust vald til valmann frå Herøy prestegjeld.

Kjelder

Eksterne lenkjer