Jakob Norby

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jakob Norby (18511911) var ein lærebokforfattar og overlærar, frå 1898 skuleinspektør i Bergen, som fekk utgjeve bøker i perioden 18821908. I arbeidet sitt som skuleinspektør i Bergen arbeidde han særleg for å få til fritt skulemateriell for elevane — noko som møtte sterk motstand frå fleire av dei eldre medlemmene av skulestyret: Dei meinte at det ville redusere sjølvbergingsviljen frå folk og velte ansvaret for borna over på samfunnet.[1]

Jakob Norby dødde den 18. juni 1911 av komplikasjonar etter influensa.

Verk

«Österrig-Ungarn». Kart frå Byström og Norby sitt skuleatlas frå kring 1900.

Som eineforfattar

  • 1882 - Historiske tids-tabeller til brug i høiere skoler. Kristiania : Osk. Knabelauchs forl, 1882.
  • 1882 - Historiske tids-tabeller til brug for middelskolen. Kristiania : Osk. Knabelauchs forl, 1882.
  • 1883 - Digtarterne : omrids til skolebrug. Kristiania : Achehoug, 1883.
  • 1887 - Grunddrag av verslæren : (metriken). Kristiania : [s.n.], 1887. (utg. anonymt, men skrive av J. Norby)
  • 1887 - Historiske tids-tabeller til skolebrug. 2. omarb. udg. Kristiania : Osk. Knobelauchs forl, 1887.
  • 1888 - Omrids af vor litteraturs historie for middelskolen og den høiere pigeskole. Kristiania : Huseby & co, 1888.
  • 1889 - Digtarterne : omrids til skolebrug : med et tillæg om de prosaiske skriftarter. Kristiania : [s.n.], 1889.
  • 1890 - Lettere tyske stil-opgaver for skolens mellemtrin. Kristiania: Beyer, 1890.
  • 1903 - Norsk Udtale-Ordbog over fremmede Navne for Skole og Hjem. Bergen : Grieg, 1903.
  • 1908 - Ordliste til norsk retskrivning : med et tillæg om tegnsætningen. Bergen : Bergens skolestyre, 1908.

Som medforfattar

  • ca 1900 - Bystrøm, A.H. og Jakob Norby: Nyt norsk skole-atlas. Bergen : Beyer, [ca. 1900]

Fotnotar

  1. Hoprekstad 1960

Kjelder