Jamtgeit

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jamtgeit-bukkar.
Foto: Olve Utne

Jamtgeit (sv. jämtget) er ein gammal geiterase frå Jamtland og Herjedalen. Jamtgeita er den minste skandinaviske geiterasen; geitene veg normalt 25–30 kg og bukkane veg normalt 50–60 kg. På let er jamtgeita oftast kvit; gjerne med mørk ryggål og mørk maske og føter. Dei kan òg vera brokute eller brun/viltfarga. Både geitene og bukkane har oftast horn. Rasen er utryddingstruga. I 2007 var det registrert 387 jamtgeiter i genbanken.

Bildegalleri