Östersund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Östersund sett frå Frösön.
Foto: Dena Utne

Östersund, sørsam. Staare, er ein by og kommune ved Storsjön i Jamtland. Byen vart grunnlagt i 1786 som eit forsøk på å monopolisere den frie bondehandelen i Jamtland, inkludert grensehandel over Kjølen til Trøndelag. Östersund er residensstad i Jämtlands län i Sverige. Östersunds kommun grensar til Bergs kommun i sørvest, Åre kommun i vest, Krokoms kommun i nordvest, Strömsunds kommun i nordaust, Ragunda kommun i aust og Bräcke kommun i søraust. Kommunen grensar med andre ord til samtlige kommunar i Jämtlands län med unntak av Härjedalens kommun. Östersunds kommune, eller Staaren tjïelte, har vore del av förvaltningsområdet för samiska språket sidan 1. januar 2010.