Jan Ringseth Rørleggerforretning

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jan Ringseth Rørleggerforretning A/S var ei rørleggarbedrift i Sykkylven. Firmaet vart registrert i 1977, og fekk året etter tilbod om å kjøpe Wavo-rør A/S, som til då hadde vore drive av H. Walseth. Jan Ringseth A/S overtok då ein del halvferdige arbeid etter Wavo-rør A/S, og fann det naturlege arbeidsområdet i kundekrinsen som dette firmaet hadde hatt.

Frå byrjinga brukte firmaet dei lokala Wavo-rør hadde hatt, men flytte i 1982 inn i nye butikklokale på 160 m2 i Aure sentrum. Der var det plass til utstilling av fleire alternative baderomsmiljø.

I kjellaretasjen, som hadde inngang frå sjøsida, var det eit lager på 160 m2.

Jan Ringseth A/S var med i ei landsomfattande kjede av rørleggjarforretningar, og følgde med i det som skjedde på butikksida i bransjen.

Heilt fra starten var firmaet innom alle område innan faget: vanlege sanitærinstallasjonar, oljeanlegg, vassverk, varmeanlegg, flisfyring m.m. Firmaet opererte både innanfor kommunegrensene og utanfor.

Firmaet vart leia av Liv og Jan Ringseth, og hadde i 1983 seks tilsette.

Då Jan Ringseth pensjonerte seg, selde han rørleggarforretninga til Odd Kåre Naustenget i Sykkylven Rør. Dei tilsette følgde også med over i det nye selskapet som i 2015 held til på Blindheim, i lokala til tidlegare Brødrene Blindheim Møbelfabrikk.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.