Jensine Høydalsbø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Portrett av Jordmor Jensine Høydalsbø. Usikker på årstal men trur mellom 1927 og 1937.

Jensine Høydalsbø, (fødd 23. mai 1872Stigane, Årsneset i Hjørundfjorden, død 20. oktober 1954 Høydalsbøen) vart gift i 1894 med Martinus Elias Sivertson frå Høydalsbøen i Volda (1864 - 1911). Dei bygsla Høydalsbøen gardsnummer 84/2 av Volda kyrkje i 1895 med kår, og kjøpte garden til sjølveige i 1904. Dei fekk ni born, fem jenter og fire gutar. I si tid som jordmor budde Jensine på garden Høydalsbøen. Når Martinus omkom på tur til Volda, så var det Jensine som stod som eigar og brukar av garden heilt til sonen Johannes overtok.

Jensine var yngst i ein barneflokk på 10, nokre av dei døde unge. Martinus kom også frå ein stor barneflokk på 9 stk. Mellom syskjena til Martinus var der nokre som døde kort tid etter fødsel. I avisa Møre for 6 desember er redaksjonell melding om ulukke i Voldsfjorden. Martinus S. Høydalsbø omkom på veg til Volda, to dagar før siste sonen var fødd. Der står mellom anna; «Han hadde ikkje segl oppe».

Jensine Høydalsbø med alle borna, framme fra venstre: Sivert, Jensine, Anna, Johannes. Bak frå venstre: Martinus, Henna, Magda, Klara, Gurine og Martin.
Foto: Fotograf Nerbøvik, Volda (1926)

Foreldre og heimstad

Foreldra til Jensine var Jon Arnesson frå Rekkedal i Bondalen i (tidlegare) Hjørundfjord kommune (1825 – 1893) og Henrikke Berntsdotter Rønning frå Nes i Hjørundfjord (1826 – 1889).

Dei bygsla Stigane, ein husmannsplass på Ytre Årsneset. Hjørundfjordboka nemner at kanskje var det «Hennika» (ho vart kalla så) som kom med ideen om Stigane som buplass, for bestefaren Jens kom frå Ytre Årsneset. Jon og Hennika fekk bygsle av Lars Severinsson Aarsnes og bygslesetelen nemner det som «min eiendes gaards utmark». Bygslesummen var 40 spesiedaler og kunne betalast i avdrag over eit par år.

Plassen strekkjer seg frå sjøen og oppunder ura og frå elva til Klubbenesbytet, merkt med steinar og innhogde kors. Jo skulle få hogge einer til ved og til innhegning av plassen. Han skulle og få ein skogteig, den fremste «i den såkalte Lien» men rognetrea ville Lars ha sjølv, det var til fôr i vårknipa. Utslåttar skulle han få i «Brotveiskouen kaldet og lige til fjeldet»

I eit dokument er det funne at dei bygde saman stova og løda for å spare ein vegg. Det galdt å nytte stein mest muleg til fjøsmurane, og noko av grovmaterialane har han kanskje henta frå eigen skog. Naust var òg mura i stein, det var viktig å få opp, mykje av føda kom nok frå sjøen. I folketellingane ser det ut til at dei i eit par år budde på hovedbruket. Då eldste jenta kom til verda i 1854 står dei nemnde som innerstar i folketeljinga. Bruksretten varde så lenge den siste av ektefolka levde.

I Hjørundfjordboka er Jo nemnd som ein kraftkar. Kreftene kom vel godt med når han skulle bygge hus og dyrke jord. Dei sådde 1/8 t bygg, 1/4 t blandkorn, ½ t poteter og fødde 5 storfe, 3 sauer, 2 geiter og 1 gris i 1865. Då islevering frå blåbreden tok til i 1880 hadde Jo rekna med ein sikker arbeidsplass. Isforretninga gjekk konkurs og Jo hadde 66 kroner til gode i arbeidspengar.

Det var tronge tider med ein stor barneflokk, men fiske i fjorden gav sikkert ein god matauke. Ein gong han fiska utafor land miste han ei stor tôgahespe han nyleg hadde kosta seg. «Ho var åt sjønå laga,» var komentaren. Det vert fortalt at Jo kunne vera oppfarande og hissig, truleg var han sjølv merksam på det – i allefall vert det fortalt at når humøret var dårleg så strauk han til fjells. Når han kom nedatt hadde han gått av seg problemet. Folketeljinga i 1865 fortel om heile 9 menneske i den vesle stova, truleg har der vore nokre sengeplassar i fjøsen. Forutan barneflokken på 6 budde mor til Henika, Brit på 82 år der.

Ut i arbeid

Etter konfirmasjonen var det vanlig at både jenter og gutar skulle ut i teneste. Det måtte Jensine også, fyrst på gardsbruk og seinare som kokke i vinterfiskja. Då ho var i teneste med Vartdalpresten vart ho rådd til å gå meir skule. Valget vart då jordmorskulen. Ho søkte på jordmorskulen ved Fødselstiftelsen i Bergen frå 1861, og der kom ho inn. Ho hadde spart opp litt pengar av si beskjedne løn og fekk litt økonomisk hjelp frå familie. Jensine var yngst i barneflokken og nr. 10. Ved gjennomgang av syskena ser ein at mange har døydd tidleg og/eller ved fødsel. Kanskje har det vore medverkande til at ho valde å gå jordmorskule.    

Skulen varde eit år, Jensine var av dei yngste elevane.

Jensine vart uteksaminert frå jordmorskulen våren 1893. Ho vart tilsett som distriktsjordmor for Austefjorden og Kilsfjorden, då var ho 21 år og slo seg ned i Høydalen. Det vart og midt i det området ho skulle arbeide. Den stillinga hadde ho frå 1. juli 1893 til 15. juni 1937. Fyrste staden Jensine budde når ho kom til Høydalen seiest å vera i Midgardsbuda. På den tida var det ei fin og stor bud (stabbur).

Distriktsjordmor, i ordets tyding

Distriktet Jensine skulle vera jordmor i var frå Bjørkedalen og Kilsfjorden i vest til Kalvatn og Osdalen i aust. Ikkje akkurat eit område det var lett å koma fram i. For å koma til Kilsfjorden var det båttransport og i fyrste tid å ro eller sigle, 10 km. Til Bjørkedalen båt til Straumshavn og hestekjerre eller gå resten, eventuelt båtskyss på Bjørkedalsvatnet. Frå Straumshavn vart det fort ei milsveg det også. Om ho skulle til Austefjorden var det om lag 10 km inn til Fyrde og bygdene fram over dalen var spreidde men Osdalen som låg lengst til dals var rundt 10 – 12 km frå Fyrde. Om det var vinter og kuldegrader låg fjordisen på Austefjorden. Den gamle rôtelagde bygdevegen frå Høydalen til Austefjorden om lag 10 km, var då alternativet med hest og slede. Dette kunne vere krevjande under dårlege forhold serleg på vinteren i mørkre.

Jensine sine syskjen

  1. Den eldste var (Berte) Kristine, f. 1854, d.1900 på Molaupen. Ho fekk med Ivar H. Maude sonen Ole, f. 1879, som voks opp på Molaupen. Det er slik det står i Hjørundfjordboka 5 s. 542, der borna på Stigane står oppførde, men det står ikkje noko om Ole under Molaupen. Han kom seinare til Båtneset i Sula, g. med Marie Sulebakk, f. 1877.
  2. Anna Karoline, f. 1856, d. 1922, Ytre Øyra. g. 1880 med Einar Sivertss. Øren, f. 1854, d.1897. Einar kjøpte garden av Jakob Bukkeskinn for 1800 kr og kår, og vart fyrste sjølveigaren på Ytre-Øyra, det vart ikkje så mange år han fekk drive der. Saman med eldste gutane tok han til på eit steinsel, det fekk han ikkje fullført. Han etterlet seg ein stor barneflokk. Anna som var nervesvak fekk ein ny knekk då mannen døde, og familien vart spreidd. Fleire av jentene flytte til Molde og fekk seg arbeid på konfeksjonsfabrikk.
  3. Berte Eline, f. 1858, d. 1916, til Skårabakkane, l.nr. 88b, bnr. 2. Ho vart gift 1890 m Knut Hansson Strandabø, f.1859, d. 1946. Berte Eline hadde ein tøff lagnad. Då to av gutane kom vekk under fangst på ishavet så skreiv ho ein minnesong på 13 vers. Dette likna på slik Jensine gjorde etter at Martinus drukna. Berte Eline og Knut fekk 8 born, men berre to nådde gifteføralder. Fire døde like etter fødsel og me ser korleis foreldra kallar oppatt dei døde slik skikken var: Hans Kristoffer, f. 1891, omkom ved Grønland i 1913. Johan Andreas, f.1893 d. 1971, var på bruket. Bernt Hilmar Johannes, f.1895, omkom ved Grønland i 1913: Fire som døde rett etter fødselen. Petra Berta Amalie, f.1904, d. 1973, til Viddal.
  4. (Randi) Larense, f. 1860, til Molaupen, Andersgarden, br.1. Sjå det som står under nr. 1. Ho vart gift i 1891 med Anders Eliass. Molaup, f. 1866, d.1920 og er omtala som ei sterk kvinne. Ho gjekk den illgjetne «Fjellveien» etter geitene medan ho venta barn, ho såg der bjørnefet. Gustav tente også i mange år på Molaupen med Hansine, dotter av Larense.
  5. (Jens) Magnus, f. 1862, d. 1899. g.1888 m Anna Johansd Standal, ytre br nr 2, f. 1870, d.1904. (Jens) Magnus ville prøve å føre drifta vidare på Ytre Øyra der eldstesystra var, han var snikkar av fag. Ikkje lenge etter fekk han kreft og døde. Då sat Anna att som enkje på Ytre-Øyra med tre små born. Ho reiste heim til foreldra i Olagarden, brn. 2 Ytre Standal. Der finn ein dei under folketeljinga i 1900. Til sist vart garden seld.
  6. Peder Andreas, f. 1864, d. 1864.
  7. Andrine, f.1866, d. ung?
  8. Henrik, f. 1868, d.1868.
  9. (Henrik) Kristoffer, f. 1869, d.1889.
  10. Jensine f. 1872, som altså var den yngste, og opplevde mykje sorg og liding i familien.

Kjelder og litteratur

  • Busetnadssoga for Volda bd 3, s. 55.
  • Iversen, Ingrid Marie 2014: Jensine Høidalsbø - jordmor i Austefjord og Kilsfjord 1893-1937, Voldaminne 2014 side 14-50 (Jensine vart Ingrid si tippoldemor.
  • Strømme, Lars og Ragnar Standal 1993: Hjørundfjordboka. Band V. Gard og ætt, om Stigane side 541-43, sjå elles fleire andre Digital versjonNettbiblioteket
  • Høydal, Magnar f. 1937, har vore og er brukar og eigar av garden Jensine og Martinus kjøpte i 1904.