Johannes Tvedt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Tvedt (1847-1943).
Foto: Norske lensmenn, 1950.

Johannes Tvedt (fødd 1847 i Kvinnherad, død 1943) var frå Omvikedalen i Kvinnherad, son åt fanejunker og bonde Johannes Tvedt og halvbror av diktaren Jens Tvedt. Han kom til Tysnes som lensmann i 1881 og sat i embetet til 1918. Johannes Tvedt var elles ein særs aktiv person som tok del på ei rekkje område i bygdelivet, og framleis vert hugsa som ein markant person.

Lensmann i Tysnes

Etter skulegong på Halsnøy var han ei kort tid handelsbetjent i Haugesund. Så fekk han ei stilling som amtsfullmektig i Nordre Bergenhus nokre år, busett i Leikanger i Sogn, før han i 1873 vart tilsett som kontorist på futekontoret på Hamarhaug, som den gongen høyrde til Tysnes, i dag Kvinnherad. I 1879 vart han gift med Hilda (Brynhilde Marie) Utne (1856-1944,) som var dotter av lensmannen i Tysnes, Brynjulf Utne. Dei første åra budde paret på Gjerstad) i nærleiken av lensmannsgarden, og Tvedt fekk då gjerne etternamnet Gjerstad som me finn i fleire omtalar av han. I 1883 tok han over embetet som lensmann etter svigerfaren. Som lensmann vart han sett på som ein streng og myndig person som det stod stor age av, men etter måten godt omtykt av bygdefolket.

Jordbrukar og bankmann

Johannes Tvedt var ein ivrig gardbrukar attåt lensmannsombodet, og fekk med leigehjelp brote opp og drenert ut heile jorda. Han vart også ein ivrig fruktdyrkar, med stor frukthage, og var også oppteken av skogbruk. Tvedt var dessutan kasserar i Tysnes Sparebank 1883-99, etter Herman Olai Hermandsen. På garden hadde Hilda og Johannes Tvedt jamnt både barnepike, kokkepike og ei tredje tenestejente, forutan dreng. Dessutan hadde dei guvernante eller huslærarinne for borna. I eldre år selde ekteparet frå det meste av bruket (med husa), så Hilda som enkje i 1934 sat att med berre eit mindre stykke, ein liten trekant. Hilda Tvedt var kommisjonær for Kvinnherad Uldvarefabrikk.

Ei artig historie

Om Johannes Tvedt går det ei rekkje historier. Ei av dei er litt spesiell. Soga er fortald av Kolbjørn Tvedt, son av den lokale kunstnaren og diktaren Jens Tvedt frå Tysnes:

Denne vesle soga frå Lundebygda er frå omkring 1910 og omtalar eit møte mellom to små gutar og to vaksne herrar i ein karjol. Desse gutane kjende truleg ikkje dei to herrane, likeeins kjende ikkje karane i karjolen dei to små gutane. Dei vaksne karane var ikkje kven som helst, det var lensmannen i Tysnes, Johannes Tvedt og halvbror hans, forfattaren Jens Tvedt frå Omvikedalen, som var sjefsbibliotekar i Stavanger. Forfattaren var på vitjing i Gjersvik hos Johannes, og no hadde dei teke turen innom Lunde med hest og karjol.

Dei to gutane var òg brør, og tilfeldigvis bar dei også namna Johannes og Jens. Ikkje berre det, men dei heitte Tvedt til etternamn, men var sjølvsagt ukjende små karar i høve dei store herrane oppe i karjolen. Guten som heitte Jens vart seinare far min og den andre guten var onkel Johannes.

Men lensmann Tvedt var ein høfleg kar og stoppa hesten der gutane stod i vegkanten og sa:

- God dag gutar, kva heiter de då?

- Eg heiter Jens, sa far kjekt.

- Då heiter du det same som meg, svarer forfattaren frå Omvikedalen.

- Kva heiter du då, spør lensmannen den andre guten.

- Eg heiter Johannes, svara guten.

Lensmann Tvedt byrja lura på desse små karane - var det skrønefakter dei fór med- ville dei halda moro med sjølve lensmannen og den kjende forfattaren? Men tolmodet til lensmann Tvedt var stort heilt til han spurte dei om etternamnet.

- Jau, sa far, - me heiter Tvedt…

Etter dette ruska lensmannen hardt i taumane og sette hesten i galopp innetter vegen. Far hugsa dei vaksne alvorlege herrane såg på kvarandre og rista på hovudet. Kva er det for ungar som veks opp her i soknet, tenkte dei vel der oppe i karjolen.

Litteratur og kjelder

  • Clausen, Conrad: Lensmennene i Hordaland. Hordaland lensmannslag, 1950.
  • Drange, Ernst Berge: Tysnes gards- og ættesoge, band 3. Utg. Tysnes Sogelag, 1989.
  • Heggland, Johannes: Tysnes - det gamle Njardarlog, band 2. Utg. Tysnes Sogelag, 1975.
  • Tvedt, Kolbjørn: Informant (2013).