Jostedal skule- og ungdomskorps

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jostedal skule- og ungdomskorps framfor Jostedal samfunnshus 17. mai 2007.

Jostedal skule- og ungdomskorps er eit musikkorps i Jostedalen i Sogn og Fjordane, skipa 1975.

Skipinga

I 1960- og 70-åra var det ei sterk korpsinteresse i Luster, og det vart skipa korps i heile seks av bygdene i kommunen. På eit foreldremøte på Jostedal skule 14. februar 1974 kom det framlegg om å setje i gang skulemusikkorps. Det vart sett ned eit styre med representantar frå krinsane og sett i gang arbeid med finansiering og instrumentkjøp. 11. februar 1975 vart så Jostedal skulemusikk formelt skipa. Drivkrefter i organiseringa var Anders Grov og Anders Bjørk.

Musikalsk fekk korpset i skipingsfasen mykje hjelp av spelemannen og gamaldansmusikaren Oddvar Stegegjerde som var mykje involvert i dei andre korpsa i kommunen. Han hjelpte òg til med instrumentkjøpet, som kosta kring 23 000 kr. Av dei vart kring 7500 kr samla inn frå bygdefolket.

Fast innslag i bygda

Fyrste opptreden frå korpset var 17. mai 1975 med læraren Magne Moen som dirigent og kring 14 musikarar i korpset. Seinare har korpset vore eit fast innslag på 17. mai i bygda. Korpset hadde skuleåret 2010/2011 24 vanlege medlemer og 6 aspirantar. Dette tilsvarar kring 7 prosent av innbyggjartalet i bygda.

Mykje av finansieringa av arbeidet kjem gjennom to årlege basarar i Jostedal samfunnshus, som er storhendingar i bygda.

Generasjonskorps

Jostedal skulemusikk bytte namn til Jostedal skule- og ungdomskorps i 1990, og det vart då understreka at det skulle vere eit generasjonskorps. Det har vore viktig for stabiliteten i korpset at også eldre ungdomar og foreldre har vore med.

Korpset fekk seg fane etter skipinga i 1975 med Jostedalsrypa som sentralt motiv. I 2005 skaffa laget seg ny fane med same motiv ved god hjelp av Husflidslaget i Jostedalen.

Jostedal skule

Frå 1984 har korpset hatt ein øvingstime i veka på Jostedal skule i skuletida. Korpset har slik vorte viktig i musikkundervisninga på skulen, og dette har vore viktig for rekrutteringa. Dei vanlege øvingane blir òg haldne på Jostedal skule ein kveld i veka.

Det har hatt mykje å seie at Marie Fredheim, lærar ved Jostedal skule, heilt sidan 1984 har vore dirgent og teke eit stort ansvar for korpsdrifta.

Dirigentar

  • Kring skipinga Oddvar Stegegjerde
  • Våren 1975 Magne Moen
  • Hausten 1975-1981 Asbjørg Ormberg
  • 1981-1984 Lars Thomassen
  • 1984-1999 Marie Fredheim
  • 1999-2000 Elin Fossøy
  • Sidan 2000 Marie Fredheim

Kjelder

  • Arkivet til korpset
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 356-358.