Julius Cæsar Hartmann (1885–1969)

Julius Cæsar Hartmann (fødd 2. mars 1885 i Selje, død 5. september 1969 i Eid) var kunstmålar, og var i mange år var den einaste i ytre Nordfjord som livnærte seg berre av måleri. Han måla særleg landskapsmåleri.

Tegning av Julius Cæsar Hartmann i sine eldre år.
Foto: Tegnet av Ivar Tøsti (1960-tallet)

Han var son av lensmann og gardbrukar Hans Peter Kristian Hartmann (f. 1847) og Karoline Helene Hartmann (f. 1859), Faren tilhøyrde slekta Hartmann.

Julius Cæsar Hartmann - namnet hadde han etter bestefaren Julius Cæsar Hartmann (1811–1875) - vaks opp på Nedre Berge i Selje. I folketeljinga 1920 noterta han at han hadde vore i Amerika frå 1907 til 1920, og at var amerikansk statsborgar. Han skal òg ha vore ei tid i Canada og mange av motiva er derifrå. Etter at han kom heim frå Amerika arbeidde han ei tid som sjømann. Hartmann hadde i periodar svært dårleg råd og mange av måleria hans vart måla på oljedukar i staden for lerret. Dette har resultert i at mange av maleria har gått tapt ved at målinga flassar av. Han døydde i 1969.

Kjelder og litteratur