Just Borthen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Just Borthen er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)

Just Christian Haurowitz Borthen (fødd 21. januar 1883 i Trondheim, død 23. juli 1961 i Oslo), arkitekt og sekondløytnant.[1][2] Han verka som arkitekt fra 1908 til slutten av 1950-tallet.[3]

Just Borthen tok examen artium i 1902 og Krigsskolen i 1903. Han tok eksamen ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt, arkitektlinja, i 1906 og studerte ved Kunstakademiet i København i 1907 og 1908.[4] Borthen var medeigar i firmaet Borthen og Brantzeg saman med Paul Eugen Brantzeg frå 1914.

Av kjende arbeid kan nemnast: Avløs stasjon, Bærumsbanen 1924. Avløs funksjonærby 1924. (27 eineboligar 12 tomannsboligar for funksjonærar ved AS Bærumsbanen, alle i Bærum. Gabels gate 4, Gabelsgate felleskjøkkenhus AS, 1928, i Oslo. Førebels er ingen arbeid frå nokon gjenreisingsby kjend, men han arbeidde ifølgje Norsk kunstnerleksikon under andre verdskrigen i Bodø med gjenreising av byen.[5] Seinare arbeidde han mellom anna med reisinga av eit tilbygg til Bodø gamleheim på slutten av 1950-talet.[6]

Borthen vart teken som gissel av okkupasjonsmakta 12. januar 1942 og var fange på Grini frå 13. januar 1942 til 8. juli same året.[7] Grinimuseet har tre akvarellar der Borthen har skildra miljøet på Grini.[8]

Just Borthen er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo.

Referansar

  1. Norske Slægter 1912, s. 53.
  2. Dødsannonse i Aftenposten, 26. juli 1961, s. 11
  3. https://docplayer.me/7940555-Gjenreisingsarkitektane.html
  4. Studentene fra 1902 : biografiske oplysninger samlet til 25-års-jubileet 1927
  5. https://nkl.snl.no/Just_Borthen
  6. nb.no|NBN:no-nb_digavis_nordlandsposten_null_null_19601214_98_291_1
  7. Norsk fangeleksikon. Grinifangene (1946). Oslo: Cappelen, s. 50
  8. https://digitaltmuseum.org/search/?aq=name%3A%2290287860-9F38-46BF-B91D-2A7D2E2AE7A5%22}

Kjelder og litteratur


Senter for gjenreisningsarkitektur logo.jpg Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.