Jørgen Gjerde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jørgen Gjerde (fødd 1873, død 1941) var lokalhistorikar i Stranda. Jørgen (Johanss.) Gjerde tok etternamnet Gjerding, og dei fleste av publikasjonane hans er med dette namnet. Gjerding er namnet på gardsbruket han brukte saman med kona Anna Sofia Saxegaard på Sve-Gjerde (Gnr. 26) i Stranda.

Jørgen Gjerde samla inn og publiserte folkeminne frå heile Sunnmøre og var aktiv i sogelagsarbeid og publiserte mindre stykke i Tidsskrift for Sunnmøre historiske lag. Men dei fleste arbeida hans tok utgangspunkt i heimbygda Stranda, og han var ein av initiativtakarane bak bygdebokarbeidet i kommuna. Stranda kommune gav tilskot til arbeidshjelp heime på garden, slik at Gjerding kunne nytte tida til innsamling av materiale for ei gardssoge for Stranda (Stranda sokn). Gjerde har gitt ut bøker om Stranda kommune, Stranda Sparebank og kyrkjene i Stranda. Store delar av Stranda bygdebok I Gard og Grend er bygd på Jørgen Gjerdes manuskript frå 1940. Bandet kom først ut etter at Gjerde var død.

Gjerde var medlem i Landslaget for folkeminnesamlarar og fikk stipend til innsamlingsarbeid derfra. Materialet er bevart i Norsk Folkeminnesamling.

Bibliografi

  • Gjærde, Jørgen: Stranda. Eit minneskrift til hundreårsdagen 17. mai 1814. Ålesund 1914. 84s.ill.
  • Gjærde, Jørgen: Dialektprøve fraa Stranda i Tidskrift for Sunnmøre historielag, Årg. 6, 1914. s.92-93
  • Gjerding, Jørgen: Folkeminne frå Sunnmøre. Ålesund 1921. Bind 1 av 2, bind 2 utgjeve i 1932.
  • Gjerding, Jørgen: Avskrift av eit diplom frå 1604 og 1638. i Tidskrift for Sunnmøre historielag. Årg. 12/13, 1920/22. s.l07f.
  • Gjerding, Jørgen og Roald, Karl: Kyrkjene i Stranda 1000-1938. Utgjeve til 100-årsfesten for Stranda kyrkje. Ålesund 1938. 72s.ill.
  • Gjerding, Jørgen: Stranda Sparebank gjennom 75 aar 1849-1924. Eit kort oversyn. Ålesund 1924. 22s med portrett.
  • Gjerding, Jørgen: Folkeminne frå Sunnmøre II, Ålesund 1932. Digital versjonNettbiblioteket
  • Gjerding, Jørgen: Øydebruk i Sunnylven og Geiranger, 1935. Utgitt med støtte frå Nansen-fondet. Digital versjonNettbiblioteket
  • Gjerding, Jørgen: Tenarlønene i gamle dagar, Tidskrift for Sunnmøre historielag, Årg. 24/25, 1937/38. s.24-28
  • Gjerding, Jørgen: Stranda kommune 1837-1937. Med bidrag frå Jørgen Gjerding, C.P.Ous, R. Langlo, Stefan Aasen og O. Fjørstad. Ålesund 1937. 105s. ill.

Kjelder