Kari Torkjellsdotter Holjestuggun

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kari Torkjellsdotter Holjestuggun (fødd 30. september 1789, død 25. februar 1822) var ei husmannskone frå Toten.

Ho vart fødd i Skinstadstuggun, ein husmannsplass under Skinstad i Lensbygda. Foreldra var Torkjell Olsen og Inger (Hans?)dotter. Folketeljinga 1801 syner at familien heldt fram med å vere husmannsfolk i Skinstadstuggun, og i teljinga ser vi òg at Kari hadde brørne Johannes og Anders.

I 1814, då ho var 24 år gammal, gifte ho seg med Johannes Jonassen. Dei budde som innerstar eller husmannsfolk på fleire plassar i grannelaget, men frå rundt 1819 finn vi dei i Holjestuggun i nabosoknet Kolbu. Det året vart sonen Torkjell fødd. Kari var gravid fleire gonger, men ved minst fire høve var barnet dødfødd. Den siste gongen dette hende var i 1822, og av kyrkjeboka går det fram at Kari sjølv var «Død i Barselseng».

Kjelder og litteratur