Karl Hagerup (1918–1940)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Karl Hagerup (fødd 25. mai 1918 i Trondheim, død 3. mai 1940) var ein frivillig soldat som fall under krigen i Noreg i 1940.

Hagerup vart fødd i Trondheim med foreldra Solveig f. Utheim og Aage Hagerup.[1] Han studerte kjemi ved NTH frå hausten 1937, og melde seg frivillig til kampane i 1940. Han fall i eit tysk bakhald på riksvegen ved Kotsøy stasjon i Gauldalen natt til 3. mai 1940.[2]

Karl Hagerup er gravlagd ved Mære kyrkjegard i Steinkjer kommune. Han er hedra på minneplater ved Steinkjer videregående skole og Mære kyrkje.

Referansar