Karl Hagerup (1918–1940)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Karl Hagerup (1918-1940)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Hagerup som russ.
Foto: Faksimile fra Studentene fra 1937 (1962)

Karl Hagerup (fødd 25. mai 1918 i Trondheim, død 3. mai 1940) var ein frivillig soldat som fall under krigen i Noreg i 1940.

Hagerup vart fødd i Trondheim med foreldra Solveig f. Utheim og Aage Hagerup.[1] Han tok eksamen artium i 1937 og studerte studerte kjemi ved NTH frå same haust. Han meldte seg frivillig til kampane i 1940, men fall i eit tysk bakhald på riksvegen ved Kotsøy stasjon i Gauldalen natt til 3. mai 1940.[2]

Karl Hagerup er gravlagd ved Mære kyrkjegard i Steinkjer kommune. Han er hedra på minneplater ved Steinkjer videregående skole og Mære kyrkje.

Referansar