Kjeldearkiv:Barndomsminne frå Garveriet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Barndomsminne frå Garveriet
Kjeldeinformasjon
Type: Personlig minne
Namn: Aud (f. Vassbotn) Berg Rusten
Født: 4. november 1933
Død: 27. mai 1995
Tema: Barndomsminner
Stad: Garvarbuda på Nedre Rotset, Volda.
Tidsrom: 1930-åra
Nedteikna: 1993
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Aud Berg Rusten fortel om barndomsminne frå Garvarbuda på Nedre Rotset, Volda. Hau er fødd Vassbotn og er dotter av garvar Bjarne Vassbotn (1902 – 1983) og Marit Sandvik (1907 - 1943), gift med Kåre Berg Rusten (1928-1997). Dette intervjuet er ein del av undervisingsmaterialet i høve at 7. klasse på Øyra skule kvart år besøk Garvarbuda.

Eg heitte Aud Vassbotn då eg budde på garveriet. Eg vart fødd i den store stova i andre høgda, som de sikkert såg då de var der. Det er 60 år sidan no. Vi var ei familie på fire: Far, mor eg og ein bror som var fem år yngre. Far gjekk i garvarlære med bestefar sin, og overtok då han døydde.

Vi borna hadde få plikter, min jobb var å passe bror min. Vi hadde leikarstove i hagen bak det nye naustet som står der i dag. Der hadde vi mange dokkeselskap, med hagebær, havregryn og sukker, rosiner og kjeks til mat, og dokkene var sjølvsagt med. Vi leika også mykje i fjøra, fann krabbar og sjøstjerner m.m. Og frå brygga fiska vi mort og skjebbe. Vi hadde det veldig kjekt saman med alle barna i nærmiljøet vårt.

Inne på garveriet dreiv dei 3-4 arbeidarane på med dei ulike garveprosessane. Eg dreiv aldri med garving, men eg var mykje nede og såg på dei. Dei skava reine skinna, og alle vart vaska oppatt og oppatt mange gongar. For at skinna skulle verte heilt reine og fine, måtte dei tørkast og mjukast med forskjellige hjelpemiddel, og nesten alt var med handemakt.

På butikken vart dei ferdige skinna pakka og sende til dei som ikkje budde i Volda. Det var ikkje lett-tente pengar. Eg hugsar ikkje alle prisane, men saudeskinna var kr.30-40. Elles var det sal av hesteselar og alt som høyrde til det. Litt sal av heimelaga vesker, pungar og lommebøker var det også. Dette var det far som styrte med.

Vi budde i den enden av huset som snur ut mot Volda. Der hadde vi kjøken og eit stort soverom, og der sov vi alle. Det året eg skulle konfirmerast, fekk eg eige rom. Storestova i andre høgda vart delt i to, og eg fekk det eine rommet.

Vi hadde det kjekt på garveriet, og det var trygt for oss barna at far alltid var der, både på arbeid og i fritida. Dette var godt for oss, fordi mor døde då eg var 10 år. Eg byrja på Øyra som låg der parkeringsplassen til Mega er no. Vi var 9 jenter frå Rotset og 5 gutar frå gata, og læraren vår heitte Olav Velsvik. Under krigen måtte vi flytte til gamleskulen på Hauane (no Røde Kors huset), og til slutt på lærarskulen.

I garveriet hadde vi ikkje dyr, det var etter at dei var slakta at skinna kom til oss. Vi prøvde ei tid med høner, men dei for flaksande over alt når dei skulle gå frå hønsebuda og inn i hagen, og mange drukna i dei store barkekara i garveriet. Så då måtte vi slutte med høner. Ein svart katt hadde vi i mange år, til han døde av seg sjølv.

Vi barna hadde det fint i heimen vår, og eg kan ikkje hugse at vi hadde nokre særlege problem. Far var den som hjelpte til med lekser som vi ikkje forstod. Far var snill og roleg, men bestemt, og det var aldri store problem som eg kan hugse. Eg hadde mange venner. Vi var 9 jenter i klassa vår, og vi var mykje saman i fritida også. Vi spelte ball og hoppa paradis om sommaren, og om vinteren var det skeisser på Rotevatnet og ski i Ristebrauta og Årflotlia. Vi var også i bursdagsselskap til kvarandre frå oktober til sumarferien. Ja, vi hadde det verkeleg kjekt.

Vi åt vanleg mat: Brød, kjeks og kavring med sylte, brunost og surost til pålegg. Til middag hadde vi mykje fersk fisk. Ein granne sette ut line der den nye hamna er, og han fekk alltid fisk. Han fekk mest longe og torsk som vi kjøpte av han. Saltkjøt hadde vi alltid i hus. Under krigen var det litt verre , men vi hadde alltid nok.

Alle nedre-Rotset-ungar var nede ved brygga og bada. Gutar og jenter lærte å symje der. Dei flinkaste sumde utom brygga, og andre hoppa frå brygga. Dei minste borna var i fjøresteinane. Ja, det var eit yrande liv!

Min bardomsheim under grøne lidi,
der glad eg levde den første tidi,
du vart den flekken eg mest fekk kjær,
um ut eg vankar, du var meg nær.

Anders Vassbotn