Garvarbuda på Nedre Rotset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Garvarbuda.
Foto: Heidi Thöni Sletten

Garvarbuda på Nedre Rotset i noverande Volda sentrum vart bygd som sjøbud av handelsmann Olai Olsen (1813-1889) frå Bergen i 1838. Huset er på 2 1/2 etasje i tømmer med bordkleding. I 1876 vart sjøbuda seld til garvar Carl Nokolai Rødset (1832-1925) frå Jørgenstova på Rotset og i 1978 vart garveriet etablerte. På ein tvangsauksjon i 1884 mista han, i tillegg til garvarbygniga, både gard (Ristegarden) og grunn. Etter hard arbeid klarte han få år etter å kjøpt attende garveriet, som no og vart bustad for heile familien. I 1925 døde Carl Nikolai Rødseth og dottersonen Bjarne Vassbotn tok over. Han dreiv fram til 1971. Seinare tok Volda Sogelag over buda, som no er ein del av Volda bygdetun. Garvarbuda blei freda i 1978 og tildelt kvalitetsmerke Olavsrosa.

Garvarbuda i Kjeldearkivet


Kjelder


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Garvarbuda på Nedre Rotset er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.

Koordinater: 62.139877° N 6.075727° Ø