Kjeldearkiv:Daa eg skulde gjæte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Daa eg skulde gjæte
Aakerstoelen nedre.jpg
Restar etter steinbu på nedre Åkerstølen. Truleg var det her Kitil budde den sumaren han var gjetlegut. Foto: Marianne Wiig (2013).
Kildeinformasjon
Navn: Kitil Johannesson Foss (kalla seg i Amerika Charles J. Foss)
Født: 9/6-1850
Død: 1922
Tema: Seterbruk
Sted: Ustaoset (Hol)
Tidsrom: 1858
Nedtegnet: 1922?
Ekstern referanse: Hallingen, mars 1922, 38te Hefte. Utg. Hallinglaget i Amerika. S. 1168-1170.
Beskrivelse: Ein åtteåring er gjetargut for ein dag i 1858.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Det var paa langstøle vaaro. Den summaren fylte eg aatte aar, halvtrea viku fyri jonsok. Aakerstølen heite langstølen vaar, det var to taa dei, han farbror aatte den andre. Denna farbroren hadde mange nabn, fyst og fremst heite han Ola, men dei kalla han mest Vesle-Fosse’n, fordi han var den yngste taa syskino, sume kalla han hestehandlaren, fordi han dreiv mykje me aa kjøpæ aa seljæ hestar. Han hadde mange sprækæ hestar, aa go var han tel aa kjøire dei. Han kunne staa i sale me hesten trava.

Heimstølen vaar kalla me Brænæstølen. Der var det berre ei steinbu. Han far bygde ein a’n heimstøl uppi jore, bue der var bygd taa tømmer og det var jamvel to rum aa ein svalgang paa den eine sia. Her bygde han ogsaa fjøs. Det var flat og fint paa den stølen. Eg høirde jambt at dei svalla um ein og a’n som skulde gifte seg, og daa tænkte eg, at naar eg vart gift so skulde eg bea far um og faa denna heimstølen før aa leva og bu der. Men so hepna det seg at me reiste til Amerika daa eg var 10 aar gamal, so det vart inkje noko taa me giftinga aa heimstølen.

Fordi det er so mange hallingar som er født paa denne sia aaf den store kjødne, so lyt eg fortelja ko dessa støla var bruka til. Jau paa heimstølen flutte me kor vaar me buskapen sosnart som aakrar og eng grønskast. Der havna me buskapen to-tre vikur til graset grødde i høgfjelle, so me kunna fløtta paa langstølen. Jamnast flutte me dit ved Jonsok tie, aa var der til bufarhelg, i slutten av september. Daa viste snøn sig i fjellet aa me maatte fløtta tilbake paa heimstølen. Hausten kom tidleg der so vintre nætter (14 oktober) måtte buskap, kjærring og ongar heimatt. Husbond og tenestefolk var heime um sumaren og aanna. Ein og anden gong helst me helje kom far paa stølen. Han hadde daa me seg kaffe, mjøl, kjøt og anna godt fraa bygden, aa fek med seg att ost, prim smør osv. Me hadde to norske mil til Aakerstøladn. Me kjøirde me vøgn att juvo, sea maatte me kjøire i kløv. Ho mor reid i tversal naar me reiste paa stølen aa heimatt.

Uppe i fjellet var det ingen skog, berre noko rab eller brusk som me kalla det. Det var bakkutt og steinutt, me store vat’n og elve sume sta’n. Der me skulde over maatte med va aa kræk som inkje var langbeint nok maatte svømja.

Ja eg skulde fortelja um den dagen daa eg skulde jætæ.

Farbror og far hadde støt ein jætargut isaman, fordi støladn laa voll i voll. Denne sumaren hadde me ein jætargut som heite Botolv. Han var nea-skogen ifraa aa var flink og snill og pen, men no er det kje vært at nokon halling jentu tenkje mykje paa den guten fordi han var pen, for det er no otte aa halvtressenstjuge aar sea.

Det hadde seg slik at Botolv skuld reise eit snar errend til bygden eit par dagar aa so skulde eg og ein a’n litten vott paa min alder jætæ. Han heite Lars Trageton og var søstersøn til kjærringa til farbror min og var altso jaa moster si um sumaren. Um morgon, den dagen eg alder forgløyme, jaga me krøtøre vestum aane. Den var inkje liten men brei ved stølen so vatne var grunt. Me kunna gaa over tørskodd daa me hoppa paa steino. Dæ var rart med den aane. – I fjellet heite ho Aakerstøl-Aane, daa ho kom længer heite ho Hallingdals-Aane, men daa ho kom utt paa flatbygdane so vart det Drammenselve. Det er akkurat me hennar som me mange taa aus, daa me era unge so heita me Vesle-Ola, daa me bli stor so heite me Ola Johnson, aa bli me gamle – aa rik – so heite me Mr. Johnson. Me stiga gradvis likesom Aakerstøl-Aane.

Daa me hadde faat krøtøre uppaa bakkadn so gik dei role aa grasa, og eg aa Lars bar stein og bygde bu. Naar me sansa us te sjaa ette so vare dei fordærvelege jeitad’n reist. Me til sprangs fortare hell beina kunna bæra us. Langt um lænje fek me sjaa i spæl’n paa dei netop som dei for over ein bakkeryg. Endeleg kom me um dei, men viare bli paa gjeitod’n vare me kje. Aa længgje vart det før me fann atte buskapen, men daa varo sauid’ne burte. Men me haatte ha mista vaar, som me hadde ved den nye stølstua, den som me bygde um morgonen fyst. Det var nok kje frit for at me gret aa syntes det var troll til jætning, men paa sprangs maatte me att. Me for over nutor og dalar meljom Hallingskarve og Usta, men ingen sauer fandt me. Aa det som verre var naar me kom dit som buskapen hadde vore so saag me kje eit liv. Me kom til eit vatn kalla Bruslet-Kjødne og der saag me far i sande ette ein bjød’n. Det kan henda me vart meir forfærd. ”Aa Gud trøste aa bære us”, sa Lars, ”no ha bjødn ete up krytyre vaare. Aanei, aanei ko vil ho moster seja.” ”Det er godt at han far og han farbror inkje er paa støle no,” forsøgte eg og trøsta med.

Mea me sutra slik høirde me braak i ol-ruste tæt ved. ”Aa Jossu nabn der kjem bjødn,” sa Lars. Me paa sprang fortare hell beina kunna bæra, tilbakers vaagede me inkje aa sjaa, men me høirde han kasta smaastein ette us naar me for upfor bakke og nedover trilla dei fram um us. Blautt aa saar paa beina me sundrivne klæu kom me endelig till Aakerstøl-Aane, og over den so vasspruten sto. Upp over vollen og beint in i bue for me. Der sto ho mor og sila kveldmjølke, og ho vart forskrækka naar ho saag kos me saag ut, og spurde ko som var tis. ”Aa-aa,” sa eg – ”kor ska eg gjera ta mæg naar han far kjem paa stølen, naar bjødn ha ete upp alle krytyre.”

Daa lo mor og sa de era noko toska baae to. ”Jau det er sandt,” sa han Lars, ”me kunne inkje finne att eit haar ta dei, aa han hadde ete us med hadde me kje sprungji ifraa’n.” Daa tok ho mor us unde armen aa bar us burt til døre. ”Der era alle krøtøre i kven,” sa ho. ”Dei kom heimatt den tia som dei bruke og koma.” ”Men bjødn ha no ete up hatten has Lars,” sa eg, ”og hadde eg inkje sprungji me koll-huva mi i hand’n heile dagen so hadde han vel ete up den med.”

Glad var eg at Botolv kom att me notti so eg slap jæra dagen ette.