Kjeldearkiv:Folkeforskingsprosjektet for Stavanger – om Valgjerd i Brønngata 58 og Olene og Anna i Bekkegata 2

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bekkegata slik den såg ut i 1920-åra, med barn utanfor inngangen til Bekkegata 8.
Foto: Hans Joachim Norland / Stavanger byarkiv

Folkeforskingsprosjektet for Stavanger – om Valgjerd i Brønngata 58 og Olene og Anna i Bekkegata 2

av Nils Olav Østrem

Artikkelen er óg prenta i Stavangeren 1/2024.

Innleiing

Målet med denne artikkelen er å omtala Folkeforskingsprosjektet for Stavanger. Gjennom aktive deltakarar som folkeforskarar, har prosjektet som mål at eigarar av hus, gateeigedomar og bruksnummer i heile Stavanger, skal skriva historie om heimane, familiane og forteljingane sine.

Dette prosjektet vil få på plass ei interaktiv by- og bygdebok for Stavanger på den digitale plattforma lokalhistoriewiki.no. Dette skjer altså i form av eit folkeforskingsprosjekt, der folket sjølv blir inviterte til å skriva si eigedoms- og familiehistorie inn på Nasjonalbiblioteket si nettbaserte plattform for lokal historie. Denne internettsida blir drifta og kvalitetssikra av Norsk lokalhistorisk institutt.  

I tillegg har prosjektet fagleg støtte til historia frå gammalt for alle gardane i Stavanger, ca. 40 gardsnummer. Denne faghistoriske delen er det UiS (Universitetet i Stavanger) som står for slik at alle områda, bydelane og gardsnummera i byen kan få si samla områdehistorie.

Folkeforskingsprosjektet vil ha med alle som bur i eller har tilknyting til noverande Stavanger by. Alle blir oppfordra til å delta og skriva bidrag til ei interaktiv by- og bygdebok som kan fortelja historier og historie om bruksnummer, gateadresser og husvære i byen. Folkeforskinga har utspring i ønskje frå innbyggjarane i Hetland, Madla og Riska om å få sine eigne bygdebøker. No er desse områda deler og areal som høyrer til våre dagars Stavanger kommune.

Internasjonalt er ulike former for Citizen Science i vinden. Vårt lokale folkeforskingsprosjekt, som gjerne kan kallast «Siddis Science» om Stavangers innbyggarar, hus og heimar gjennom tidene, er eit godt eksempel på dette. Innbyggarane og alle interesserte med private arkiv, kjelder, brev, dokument og fortidsberetningar av alle slag, blir bedne med til å skriva om hus, gater, bygårder og bruksnummer dei har informasjon om. Privatarkiv er like sentrale som offentlege kjelder for denne storstilte skrivedugnaden.

Eiganes og Kampen i 1957, med blokkene på Misjonsmarken midt i biletet. Nedst, nesten i høgre hjørne, ser vi Brønngata 58 som hus nummer to på venstre sida av Brønngata rekna frå Kampens gate, som går på skrå nede i høgre hjørne.
Foto: Widerøes Flyveselskap / Stavanger byarkiv

Konkret vil denne artikkelen ved å visa til sentrale kjelder, informera om korleis det kan skrivast om gateeigedomar og adresser i sjølve Stavanger. Det blir brukt to eksempel på gate- og hushistorie: Brønngata 58 og Bekkegata 2.[1] Framstillinga legg både i artikkelteksten og gjennom fotnotane vekt på å rettleia om korleis du som lesar skal bli skrivar om og forfattar av din eigen eigedoms historie.

Brønngata er ei ung og levande gate i forhold til den gamle og bortregulerte Bekkegata. Etableringa av Brønngata like etter slutten av første verdskrig i 1918, gjer at denne gata må reknast til ein del av den moderne utbygginga av Stavanger by. Brønngata høyrde til eit «betre strøk» av byen enn Bekkegata, som låg i sentrale pressområde der «nedbygging» av gamal, «sliten» og fortidsbusetnad etter kvart måtte vika for modernisering og urban arkitektur. Det nye posthuset i Stavanger kunne ikkje Brønngata 2 og huset der stå seg imot.

Artikkelen startar med inngangstrinna til kjeldene om Brønngata. Seinare vil artikkelen visa korleis dei historiske kjeldene også kan nås og finnast for Bekkegata. Tilgangen til historisk informasjon er ulik for den unge Brønngata og den gamle Bekkegata.

Guiden til historisk informasjon om Brønngata, kan setjast opp slik – og vil bli nærare omtalt vidare i artikkelen. «Steg for steg-guiden» er slik:

Steg 1:

Gå til: Kartverket.no Se eiendom

Steg 2:

Bruk informasjonen frå Se eiendom om at Brønngata 58 har gardsnummer 58 og bruksnummer 166 til å gå til: Vis grunnboken

Steg 3:

Bruk BankID til å få tilgang til Aktiv grunnbok

Steg 4:

Send e-post til innbyggerservice@stavanger.kommune.no og bestill kopi av Målebrev for gardsnummer 58/bruksnummer 166, Brønngata 58, jfr. oppgitt dato i Aktiv grunnbok.

Bestill gjerne også på nettet Historisk grunnbok

Steg 5:

Gå til Digitalarkivets «Selvbetjening gammel grunnbok» og bestill Gammel grunnbok

Steg 6:

Benytt Digitalarkivets «Finn kilde» til å bruka panteregister og pantebøker for gnr. 58/bnr. 166, Brønngata 58.

I panteregisteret er gitt opp tinglyste eigedomsdokument, f.eks. skylddelingar (målebrev), skøyter, lånebrev/panteobligasjonar osv. Panteregister gir også referansar med protokollnummer og sidetal til Pantebøkene der dei tinglyste dokumenta er skrivne av og førte inn til protokolls. På Digitalarkivet er også pantebøkene å finna og når dei tinglyste dokumenta har fått dagboknummer kan det gjerast eigne søk på i pantebøkene. Dersom det berre er gitt opp pantebok-nummer og -sidetal, må ein bla seg fram til korrekt pantebokside og finna dokumentet ein leitar etter.

Stega vidare:

Folketeljingar, kyrkjebøker, branntakstprotokollar og andre offentlege protokollar ligg på Digitalarkivet. I tillegg er Nettbiblioteket.no ein stor ressurs for å søkja opplysningar i aviser, bøker og trykksaker etter gater, personar og hendingar osv. Sjå fotnotane i denne artikkelen for tips om kva kjelder som kan finnast og brukast for å skriva slik gatehushistorie som i dette artikkeleksempelet.

Historia om dei to «eksempelgatene», blir i denne artikkelen knytt til to menneske - aktørar – som budde i Brønngata nummer 58 og Bekkegata nummer 2 til noko ulik tid, men dels også overlappande på tidslinja. Det kan også knytast ulike band mellom Olene og Valgjerd. Dei kom frå kvar sine to nabobygder, Ølen i Sunnhordland og Vikedal i den tids Ryfylke. Valgjerd Viland, som er artikkelforfattarens grandtante, budde i Brønngata 58 som leigetakar. Ho var styrar for det kommunale matutsalet i Stavanger ved Vågen og Torgjå.

I tillegg til fotografi av Valgjerd, har artikkelen også med foto av Anna Nilsen, dotter til bygdejenta Olene (Olina) frå Vikedal som flytta til Stavanger og kan knytast opp til ein byeigedom og historia om denne – og ei gateadresse som no er borte: Bekkegata 2.

Alt innhaldet i denne artikkelen har som mål å visa at Folkeforskingsprosjektet også har relevans for sentrum og bykjernen i Stavanger.

Denne artikkelen står i ein tradisjon innan historieskriving for byen Stavanger. Ståle Dyrvik skriv i 1987 i Fylkeshistoria for Rogaland – «Fra Vistehola til Ekofisk» om «Levekår på Bergjeland» fram mot slutten av 1800-talet.[2]

Dyrvik skriv søskenlagshistorie og tar først føre seg ein søskenflokk på 8 – åtte – i Sokndal, på garden Ørsland. «Kort sagt», oppsummerer Dyrvik:

Av dei åtte enda ein heime i Sokndal, to i Stavanger og fem i den nye verda: Amerika.
Og så seier han:
Me lyt vri søkelyset over mot den staden i Rogaland som vart hamn for flest flyttarar, Stavanger. Kva skjedde med den sosiale strukturen her? Med levekåra i vid meining?
Deretter tar Dyrvik føre seg levekåra på Bergjeland for dei to Ørsland-søskena som slår seg til der – i Privatgata 5 og Vaisenhusgata 25.
Dei to søskena etablerte seg med familiar – og budde tett i husa sine. «Tettboddhet» høyrde med til bylivet for arbeidsfolk i Stavanger by. Men Dyrvik vil ikkje «overbetona» dette med å bu tett: Tilflyttarar frå landsbygda var vane med å ha budd tett i heimbygda også.
Rotlause byfolk? – spør Dyrvik. Og han gir gode grunnar for å setja opp spørjeteiknet – og kjem fram til:
[…] innflyttarane, same kor mobile dei var, blei snøgt og naturleg innpassa i eit levande lokalmiljø i byen. Dermed fekk dei faktisk rikare kontaktnett enn dei som sat att heime på bygdene. I tillegg til sysken og slektningar som fylgde med, hadde dei grannelaget [i byen/ gatefellesskapet]. For kvar ny flytting kom eit nytt grannelag til, og kontaktnettet vart større.
Kjernen i denne sosialiseringa må ha vore det nære samlivet med andre familiar innanfor huset. Innflyttarfamiliane kunne heilt enkelt ikkje stengja seg av eller verta utestengde, slik buforholda i byen Stavanger var.
Og Dyrvik konkluderer, som vanleg optimistisk: Dei som braut opp frå bygdene […] kom til Stavanger for å arbeida seg opp, og svært mange greidde det.

«Kjøkkenpige»

Valgjerd Viland (1893–1984) budde som leigetakar i Brønngata 58 frå ca. 1942 og fram til ho døydde i 1984.
Foto: Hakon Johannessen

Valgjerd Viland (1893-1984) frå Ølensvåg i Sunnhordland flytta til Stavanger i 1920-åra.[3] I  boka Viland – ei slekt frå Ølen av Lars Viland om folket hennar, heiter det at Valgjerd «i unge år reiste til Stavanger for å arbeida hjå Bellest Roaldsen på den store garden hans på Hundvåg».[4]

Heilt slik kan det faktisk ikkje ha vore. Valgjerd var ikkje komen til Hundvåg og gardsbruket til Bellest R. Østbø ved folketeljinga for Hetland i 1920.[5] Men til Stavanger hadde ho alt flytta! Me finn henne, 27 år gammal, som «kjøkkenpige» i «Stokkeveien» nr. 37. Ho og søstera Olena («Olly») på 16, også ho kjøkenjente, har eige husvære, «leilighet 4».[6] I «leilighet 3» budde slaktarmeister Torger Anda med familien sin.[7]

Valgjerd og «Olly» arbeidde faktisk alt no i 1920 begge to ved «Stavanger Kommunale Matsalg», slik dei har skrive på personsetlane sine ved folketeljinga.[8] Formelt hadde ingen av dei to søstrene tatt utflytting frå Ølen. På spørsmålet i rubrikk 16a: «Er De fast bosatt i huset?», svara dei nei. «Hvis nei, hvor bosatt?»: «Ølen», var svaret deira.

Til Brønngata 58

Valgjerd Vilands barndomsheim Smågje (Smuget) på Viland i Ølensvåg. I dette huset vaks ho opp tidleg på 1900-talet. Noverande eigarar har sett huset, som var noko mindre i Valgjerds oppvekst, i god stand med hjelp av Lars Østrem, Valgjerds søsterson.
Foto: Nils Olav Østrem

Kva tid Valgjerd fekk seg husvære til leige i Brønngata 58 lar seg finna ut gjennom Adressekalenderen for Stavanger. Valgjerd budde framleis i Stokkaveien i 1940, men på denne tid i nummer 37.[9] Det er Adressekalenderen for Stavanger 1940-1941 som opplyser om dette. I løpet av dei to neste åra flytta ho inn på «den vesle hybelen sin» i Brønngata 58.[10]

Ho kan ha fått seg fast tilsetjing og arbeid ikring 1930 på «Det Kommunale Matsalget» i Nedre Strandgate 13.[11] Ved inngangen til 1940-åra var ho blitt «bestyrerinne» der.

Valgjerd Viland budde som leigetakar i Brønngata 58 heilt til ho døydde i 1984.[12] I mange år før dess, disponerte ho førsteetasjen i huset der. På eitt tidspunkt hadde ho fått seg meir husrom i brønngatehuset nr. 58 enn den første tida ho etter kvar arbeidsdag tok «fatt på dei bratte bakkane opp til Løkkeveien og den vesle hybelen sin i Brønngaten».[13]

Brønngata 58 har i dag som eigedom gardsnummer 58 og bruksnummer 166. Denne informasjonen er å finna i Kartverkets «Se eiendom».[14] På denne nettsida er arealet gitt opp til 341 kvadratmeter i dag. Bustadhuset på eigedomen er i dag ein horisontaldelt «tomannsbolig». (Sjå «Steg for steg-guiden ovanfor.)

Ved å gå til Aktiv grunnbok og få tilgang via Bank-ID, blir det opplyst at eigedomen Brønngata 58 blei oppretta i 1919. Frådelingsdokumentet er datert 18. juni 1919.[15] Dette «målebrevet», som deledokumentet blir kalla her, viser at sjølve delingsforretninga blei halden 1. april 1919.[16] I tillegg til sjølve oppmålinga med fastsetjing av grenser og opplysningar om tilgrensande eigedomar, blir det opplyst at dette nye grunnstykke «gis særskilt matr[ikkel] no. 58 Brøndgaten». Denne tomta var fråskilt ein eigedom som i 1898 hadde blitt målt opp som «matr[ikkel] no. 49 Egenæs av Egenæs løkke B.2».[17]

Målebrev for eigedomane i Stavanger, kan det som alternativ til sjølv å finna det aktuelle målebrevet via grunnbok/panteregister i ei pantebok med tinglyste dokument, bestillast kopi av frå kommunen. Ved å kontakta Innbyggerservice, innbygger og samfunnskontakt får ein i løpet av få dagar svar på sin «Innsynsbegjæring» med tilsending av det aktuelle målebrevet, i dette tilfellet «målebrev for Brønngata 58, gnr./bnr. 58/166».

Deretter får eg tilgang til «den gamle grunnboken» gjennom Digitalarkivets «selvbetjeningsløsning».[18] Her finn eg opplysningar om nokre av dei tidlegare eigarane av Brønngata 58. Grunnboka opplyser ikkje om bebuarar på same måten, særleg gjeld dette for leigetakarar av hybel eller anna leigd husvære.

Frådelinga frå 1919 blir bekrefta av denne «gamal grunnbok». Utifrå opplysningane i denne grunnboka, kan denne foreløpige rekkja av eigarar/busette setjast opp. Rett nok er opplysningane om tidlegare eigarar noko mangelfulle. Dei første eigarane som er førte opp, er søskena Helga Wilhelmsen og Karsten Undem frå 1953, altså 34 år etter at eigedomen Brønngata 58 hadde blitt etablert. Men i grunnboka er følgjande hefte frå etableringsåret 1919 ført inn som hefte på eigedomen:

Erklæring fra Inger Olsen og Hanna Scheie om ikke å innrede noe som helst rom på hanebjelkeloftet med unntagelse av det for trappen og klæskott nødvendige rom.[19]

Neste skritt i kjeldesøkinga, er å finna det aktuelle panteregisteret for Stavanger by. For å lykkast med dette er det viktig å søkja informasjon om kva rode Brønngata høyrde til. Her kan ein gå til eiga informasjonsside om rodeinndelinga på Byarkivets nettside.[20]

Brønngata høyrde til 7. rode. Gateeigedomane i sjuande rode er å finna i dette panteregisteret ved Arkivverket/Statsarkivet i Stavanger.[21]

Dette panteregisteret bekreftar «opphavshistoria» for Brønngata 58 om utskiljing frå Eiganes-løkkene. Hanna Skeie (Scheie) og Inger Olsen var verkeleg dei to første eigarane frå 1919 av denne nye Brønngate nummer 58-eigedomen. Seljarane heitte Karl Sunde og Gustav Helland, dei hadde same året handla til seg eitt større areal av løkkene på Eiganes.

Ved folketeljinga 1920 finn me syerske Inger Olsen i det eine av dei tre husværa i «Brøndgaten 58», nemleg «Leilighet 2». Inger er ugift, 48 år gamal og fødd i Stavanger. Hanna bur i «Leilighet 3» og er gift, 41 år og også fødd i byen. I slutten av artikkelen set me opp folket som budde på den nye gateeigedomen, dei to kvinnelege eigarane blir dermed førde opp først.

Den nemnde Undem-familien kjøpte Brønngata 58 i 1934 og blei sitjande med denne gateeigedomen like fram til dei selde den utav slekta si til noverande eigar, oljearbeidaren Endre Fidje frå Mandal i 1992.

I 1960-åra finn me to personnamn utanom Valgjerd, knytte til Brønngata 58.[22] Det er tolloppsynsmann Karsten A. Undem[23] og Kåre Håland. På denne tid er skattetaksten gitt opp i 1963 og 1965. Denne takstverdien fall frå 22000 til 21000 kroner over desse to åra. I 1966 blei derimot skattetaksten for Brønngata 58 omvurdert til 27200 kroner berre for bygningar.[24] I tillegg kom no ein eigen takst for arealet. Denne blei fastsett til 5100 kroner slik at den samla skattetakseringa for Brønngata 68 utgjorde 32300 for denne eigedomen, året etter at kommunereguleringa i 1965.

«Den vedvarande leigetakaren» Valgjerd Viland i Brønngata 58 fekk komplement i avisa Stavangeren i 1954.[25]

Lokala til det kommunale matutsalet i Vågen hadde blitt pussa opp og dette blei markert ved ei samkoma før første februarhelga 1954. Etter gjennomføringa av det offisielle programmet for gjenopninga av matutsalet, fortel Stavangeren om bordseta:

Så ble det budt på kaffe, smørbrød og lefse og hjemmebakt julebrød og russekake. Bestyrer Hans Hårr kunne opplyse at alle kaker, poteteskaker og lefser ble laget på kjøkkenet og etter den smakebit vi fikk, vil vi gjerne sende en kompliment til kafeens bestyrerinne Valgjerd Viland som har vært i over 25 år i posten.

Boka om slekta til Valgjerd er også full av lovord om henne og skriv at det var på det stavangerske matutsalet «ho gjorde sitt livsverk».[26] Slektsboka fortel at ho gjennom alle arbeidsåra sine på matutsalet aldri hadde så mykje som «ein times fråvær, korkje av sjukdom eller andre årsaker».

Kommunen dreiv matutsalet sitt også om søndagane. Opningstid frå klokka 10, opererte ein med. Valgjerd, derimot, «visste at det kvar søndag morgon sto ein flokk og hutra og fraus og venta på å få koma inn i varmen. Om vinteren var flokken særleg stor.» Valgjerd hadde ikkje fred på seg til å liggja frampå og nyta kviledagsmorgonen. Ho opna dørene til kaféen før klokka 9.

Til «Bækkegate 2»

Anna Nilsen, gift Torkelsen (1901–1992) budde i barndomsåra og ein seinare periode av livet i Bekkegata 2.
Foto: Hakon Johannessen

Fotoet viser Anna Nilsen, mor hennar var «Olina (dotter til Anna i Sponaneset). Olina hadde to døtrer: Karen og Anna. Olina budde i Bekkegata 2.

Mor og far og eg var der på vitjing under krigen – eg var 12 år. Me tok bilder hos fotograf og eg var hos tannlege og fekk noko mellom framtennene.
– Torkel Viland frå Ølensvåg, seinare tannlege i Ølen

Bekkegata 2 låg i Klevens rode og «skjærer Øvre Strandgaten mellem nr. 20 og 22».[27] I dag er denne gata borte.[28] Eigedomen måtte vika plass for posthuset som blei bygd ca. 1970. Gateadressa, som hadde eit eldre matrikkelnummer 483, lar seg leita opp på Digitalarkivet mellom panteregistera til Byfogden i Stavanger.[29] Kombinert med folketeljinga for 1910, finn me ut at her i Bekkegata 2 budde Anna på fotografiet saman med mor si og søster si. Olene heitte mor hennar og det er ho som er hovudpersonen i Bekkegata 2 gjennom den tidsperioden denne artikkelen legg størst vekt på i person- og familiehistoria frå denne gateadressa:

Anfin Kristinius Nilsen f. 1869 i Stavanger, d. 1910, g. 1900 m. Olene Paulsen f. 1875 i Vikedal, d. 1960.

Barn:

a.     Karen Helene f. 1900, d. 1979,  busett Stavanger, gm. Carl Thorsen.

b.     Anna f. 1901, d. 1992, busett Stavanger, gm. Lars Torkelsen, skilt.

c.      Anfinda Kristine f. 1902, d. 1903 (9 månader).

Olene, mor til Anna på bildet, var frå Vikedal. Namnet hennar blei ved dåpen skrive inn i kyrkjeboka som Åse Oline.[30] Under oppveksten kalla dei henne Olina til dagleg og «Olina Sponaneset» dersom dei skulle plassera kor ho kom ifrå. I Stavanger by skreiv ho seg ved ulike høve for Olene, f. Paulsen, for eksempel i 1903.[31] Sen-namnet sitt hadde ho tatt slik sidan far hennar heitte Paul Hansson. Som gift, skreiv Olene seg som Olene Nilsen.

Mor til Olene heitte Anna Henriksdotter. I 1938 stod dødsannonsa hennar i Stavanger Aftenblad.[32] Anna Sponenæs var det skrive der. Sponaneset var husmannsplass under garden Hundseid i Vikedalsdalen. Anna hadde først fått sonen Rasmus. Tjue år var ho som åleinemor det året han blei fødd, i 1868. Rasmus Fatland kom guten til å bli kjent som. Han dreiv det stort i krøter- og driftehandel. Sonesonen Ole Fatland grunnla firmaet Fatland slakteri.

Olene – eller Olina – hadde i alt ti søsken. To av dei døydde som små barn. To søstrer budde i Stavanger som Olene sjølv. Tre av brørne drog til Amerika, ein av dei kom tilbake til heimbygda Vikedal. Ei av søstrene budde i Oltedal.

Huset på Sponaneset i Vikedal, der Olene Paulsen i Bekkegata 2 kom frå, står ennå, nå på Underbakka i same bygda.
Foto: Anne Berit Skipevåg Tveit

Anna Sponaneset budde dei siste femten leveåra sine frå 1923 som enkje etter Paul Hansson hjå sonen Rasmus sin på småbruket Underbakka på matrikkelgarden Fatland. Yngste dottera til Rasmus heitte også Anna, oppkalla etter farmora. Det var denne Anna som med ektemann og sonen Torkel Viland, besøkte slekta i Bekkegata 2 for fotografering og tannlegebesøk i Stavanger.[33]

Den unge enkja

Olene og ektemannen Anfin budde ved folketeljinga i 1900 i «Bækkegaden». Han hadde både blitt fødd og vakse opp her. Yrket hans var hermetikkarbeidar, ho hustru.[34] Den vesle familien på tre budde i ein kvistetasje. Jentebarnet Karen var berre fire månader då teljinga blei tatt opp.

Fem år seinare fekk Anfin kjøpa barndomsheimen Bekkegata 2. Skøyta var datert 1. mai 1905 og blei tinglyst 10.5.1905 for 2700 kr frå Hakon Nilsen til Anfin Nilsen (Nielsen).[35] Hakon eigde Bekkegata 2 etter testamente datert 29. og tinglese 30.4.1905 frå faren Ansten Nilsen.

Anfin finansierte kjøpet av Bekkegata 2 med å låna kjøpesummen på 2700 kroner av A. O. Furnæs(?). Dette obligasjonslånet blei ståande i Bekkegata 2 fram til det blei sletta i 1951.[36]

Olene (Olina) budde i «Bækkegate 2» ved folketeljinga i 1910.[37] Ho dreiv småhandel som «Torvhandlerske». Tidlegare same året var ho blitt enkje og budde ved teljinga her dette året, saman med dei to døtrene, ni og ti år gamle. Sjølv var Olene ei ung enkje på berre 35 år. I dødsannonsen til mannen «Anfind Nielsen» i arbeidaravisa 1. Mai hadde ho skrive «Min kjære mand» og dessutan tatt med at han 20. mars «døde stille i troen paa sin frelser, nær 41 år gammel».[38] Gravferda blei halden tredje påskedag og gjekk føre seg «fra hjemmet, Bækkegd. 2».[39]

Bekkegata slik den såg ut på slutten av 1940-åra, med nr. 4a til venstre og nr. 6a og litt av nr. 6 til høgre.
Foto: Waldemar Eide / Stavanger byarkiv

Tapet av ektemannen må ha vore tungt for Olene. Sju år før han døydde, hadde dei mista deira «kjære lille Anfinda Kristine». Ho døydde natta til 7. oktober 1903, ni månader gamal.[40] Fødselsdatoen hennar var 28. desember 1902.[41]

Den vesle familien var framleis busette i «Bækkegate» ti år seinare.[42] Folketeljinga frå 1920 opplyser at Olene no var blitt «fiskehandlerske på Stavanger torv». Yngstedottera Anna tok seg av husarbeid heime. Eldstedottera Karen på 20 år var alt blitt «bokholderske og kassereske». Ho arbeidde for Olaus M. Høie, som var innehavar av sildemjølfabrikken «Fjelberg Bruk».

Olene opplyste ved 1920-folketeljinga at ho ikkje «anvender» leigd arbeidshjelp. Ho hadde heller ikkje noka «bierverv» utanom torghandelen sin.

«Olene Nilsen» eigde framleis bustaden sin i «Bekkegaten 2» i åra 1933-1934. Det blei på same tid ført opp at huset hennar utgjorde 58 kvadratmeter. Skattetaksten lydde på 7200 kroner.[43] Om lag ti år seinare, under krigen, var husarealet det same medan skattetaksten var auka til 9000 kroner.[44]

Olene døydde i 1960. Dødsannonsen hennar stod på trykk i Aftenbladet 20. oktober 1960.[45] Seks dagar seinare kunne det i same avisa lesast om gravferda hennar.[46] «Fru Olene Nilsen» blei gravlagd frå Eiganes kapell. Gravferdsomtalen fortel om stor deltaking og eit «vell av blomster». Salmevalet omfatta både «Kjærlighet fra Gud» og «Leid milde ljos». Gravferda blei avslutta ved at «avdødes svigersønn Carl Thorsen takket for sympati og deltakelse».

Bekkegata 2 blir riven i 1960-åra

Huset i Bekkegata 2 blei det ikring 1961 bestemt at skulle rivast og eigedomen sanerast. Eigarane Anna Torkelsen og Karen Helene Thorsen fekk 73100 kroner i erstatning for tomteverdien.[47] Dette blei ordna ved at dei to året etter skøytte Bekkegata 2 til «Staten ved Poststyret» for erstatningssummen.[48]

Bakgrunnen for at Bekkegata 2 måtte bort, var byggjinga av det nye posthuset i Kleivå. I alt åtte hus laut rivast for «å gi plass for posthuset».[49] I tillegg til dei åtte private eigedomane, eigde kommunen også nokre hus som måtte fjernast til fordel for det nye posthuset.

Rivinga av Bekkegata 2 skjedde ikkje før enn i 1967, men året før hadde Den Norske Stat overtatt eigedomsretten til huset her og det vesle arealet på 58 kvadratmeter.[50] Boligsjefen i Stavanger annonserte 18. september det året at interesserte kunne senda inn tilbod på riving av Bekkegata 2, saman med nokre hus på gateadressene Øvre Strandgate 18, 20 og 22.[51]

Med dette kom historia til Bekkegata 2 til ein slutt. I dag kan me gjera digitale nettsøk i gamle Aftenbladet-årgangar og for eksempel finna noko av det som «sat i veggene» då huset på denne eigedomen blei rive. I 1946 hadde nokre «tjuer med svært register» fått «velfortjent straff» i byretten. Ein av dei tre blei straffa for at han 27. eller 28. januar 1945 «borttok» frå ein «leilighet i Bekkegata 2 eitt par ski med stavar, ei lusekufte, ein pullover og ei øks».[52] Den same tjuven måtte også stå til rette for at han både slakta nokre høns og tok ein del andre høner og endå til ein hane med seg frå ein stad på Våland.

Ei lita spalteannonse i Aftenbladet kunne 14. januar 1946 fortelja at ein funnen gullring, kunne «fås tilbake i Bekkegata 2».[53]

Eigarfamilien Nilsen var gjennom åra elles ikkje dei einaste menneska som budde i Bekkegata 2. Det var i alt fire husvære og seks personar som høyrde til her i 1910.[54] Ti år seinare var det ikkje like trongbudd her. I same huset som den vesle enkjefamilien, budde dette året hermetikkarbeiderske Severine Sigbjørnsen i sitt eige husvære.[55] Ho var fødd i 1868 i sunnhordlandsbygda Sveio.

Nilsen-familien til Bekkegata 2 før 1875

Svigerforeldra til Olene hadde kjøpt Bekkegata 2 på auksjon i 1879. Ansten Nielsen og Karen Pedersdotter budde alt ved folketeljinga i 1875 i Bekkegata 2.[56] Han var fraktemann det året.[57]

Historia om Bekkegata kan førast langt tilbake. I denne artikkelen er dette ikkje gjort lenger bakover i tid enn til bøkkermeister Lars Jenssen, «her af Staden» Stavanger, sitt kjøp av denne eigedomen på offentleg auksjon i 1839. Grunnen til at artikkelen ikkje går lenger tilbake i tid for Bekkegata 2, er at den er eit bidrag til den prosessen denne folkeforskinga er. Det blir ikkje forventa at folkeforskarane skal gjera arbeidet sitt som folkeforskarar langt tilbake på 1800-talet. Folkeforskingsprosjektet for å skriva Stavangers historie om gateadresser og bruksnummer er først og fremst venta at interesserte kan delta i som folkeforskarar tilbake til ca. 1900.

Anna på bildet

Anna på bildet døydde 26. november 1992. Dødsannonsen hennar stod å lesa vel ei veke seinare i Aftenbladet. Dei tre barna til søstera Karen Helene hadde sett sine namn inn i annonsen for deira «kjære tante». Det blei opplyst at gravferda hadde «funnet sted i stillhet».[58]

Anna hadde etablert seg som forretningsdrivande før 1933.[59] Truleg var det som bokbindar ho dreiv eiga næring.[60]

Stavanger adressebok for 1961 fortel at «binderske» Anna Torkelsen igjen budde i barndomsheimen Bekkegata 2 på grunn av at ho og mannen hadde blitt skilt. I 1950-åra hadde ho også vore busett der saman med mora Olene. Desse åra arbeidde Anna som ekspeditrise.[61]

Anna heldt fram med å bu i Bekkegata 2 ei tid også etter 1961, sjølv om lagnaden for huset var fastsett: Riving til fordel for nytt posthus.[62] I 1965 var det derimot komne nye folk i Bekkegata 2 etter Anna, dei heitte Salomonsen.[63]

Tillegg

Etter publiseringa av denne artikkelen i Stavangeren nr. 1 2024, kan det leggjast til nokre opplysningar om Anna.

Anna Nilsen og Leif Torkelsen, som gifta seg 11. november 1933, hadde sonen Tor, fødd 1935. Ekteparet skilde seg i 1947.[64] Før giftarmålet hadde Anna i åtte år arbeidd som ekspeditrise i Blomsterhallen i Stavanger. Ho gir ved dette høvet ikkje opp at ho hadde nokon bakgrunn som bokbindar.

Anna blei i praksis åleinemor frå 1938. Frå den tid av var det vanskeleg for henne å arbeida utanfor heimen sidan ho var åleine med tilsynet for sonen. Under krigen tok ho seg «leilighetsarbeide», også då som butikkekspeditrise i ein blomeforretning.

Leif Torkelsen hadde i 1938 vore under konkursbehandling som byggmeister. Året etter reiste han til sjøs som skipstømmermann. I juni 1940 gjekk han i land i England frå båten han hadde hyre på. November månad same året tok han seg arbeid på ein fabrikk, før enn han 1. september 1941 blei kalla inn til militærteneste – begge delar i England.

Torkelsen kom heim igjen i mai 1945 og blei utnemnd til kaptein 1. september 1945. Han fekk i oppdrag å vera minesjef i Stavanger og området rundt. Dermed var han ansvarleg for minerydding etter krigen.[65]

Leif Torkelsen gifta seg seinare på Austlandet og flytta dit. Han døydde i 1977.[66]

Sjå meir om folket i Bekkegata 2 nedanfor. 

Folk og heimar i Brønngata 58

Oversynet nedanfor over familiar og personar som har budd på denne eigedomen, er ikkje komplett, men vil lagt ut på folkeforskingsprosjektets digitale plattform, LokalhistorieWiki.no, for vidare supplering, korrigering og aktivisering der.

Biografiske opplysningar er henta frå digitaliserte aviser, folketeljingar, kyrkjebøker etc. på Nettbiblioteket og Digitalarkivet.

Heile huset

Hanna Regine Olsen («Scheie») f. 1879 i Stavanger, g. 1901 m. Søren Johan Wilhelmsen Skeie («Scheie») f. 1880 i Avaldsnes.


Barn:

a.      Reidar Harry f. 1902.

b.      Vilhelm f. 1904.

c.       Harold Johan f. 1906.

d.      Helga Jørgine f. 1909.

e.      Ruth Marie f. 1914.

f.       Else f. 1920.

Skøyte 1919 til Hanna Regine og søstera Inger Olsen. Skøyta var frå Karl Sunde og Gustav Helland. Dei to seljarane hadde kjøpt tomta av Gunder J. Ween same året.[67]

Inger og Hanna lånte pengar av Stavanger kommune for å skaffa kapitalen som trongst til å kjøpa Brønngata 58. Pengelånet blei etter få år overført til Stavanger Sparekasse. Kommunen stilte seg som garantist for lånet fram til 1942.

Hanna skreiv at ho arbeidde for «mit Hjem» på personsetelen sin ved folketeljinga i 1920.[68] Mannen Søren Johan skreiv for sin del at han hadde «sjøen» som leveveg. Stillinga hans var fyrbøtar. Han gir opp at han arbeider for ein «tollopsynsmand i Stavanger».[69] I åra 1914 til 1919 hadde han opphalde seg i Amerika.[70]

Inger Olsen, f. 1872 i Stavanger, budde her i Brønngata 58 i «leilighet 2» året etter at ho og søstera Hanna hadde kjøpt kvar sin part av denne nye gateeigedomen. Inger var syerske og gjorde syarbeidet sitt for private.[71]



Marie Schultz og Otilie Pedersen (Persen)

Skøyte 1930 frå Inger Olsen og Hanna «Scheie» ovanfor. Året etter blei Marie omtalt som enkje og Otilie (Othilie) som rentenist.[72]



Andreas Andersen Undem, f. ca. 1870, d. 1942, gm. Karen Olsen.

Barn:

a.      Helga f. 1899, gm. Olaf Andreas Wilhelmsen.

b.      Kari, gm. Aksel Undem.

c.      Randi, gm. Trygve Salomonsen, USA.

d.     Karsten f. 1906, sjå nedanfor.

e.     Erling f. 1912, d. 1945, ugift.

Skøyte 1934. Eigedomskjøpet skaffa Undem seg pengar til ved å låna av dei tidlegare eigarane, fru Marie Schultz og frøken Otilie Pedersen. Andreas Undem var tollbetjent og seinare tolloppsynsmann.


Karsten Andreas Undem f. 1906, d. 1984, g. 1932 m. Klara Lea Kristoffersen f. 1904.

Barn:

a.     Astrid f. 1932, gm. Kåre Håland. b.     Karsten f. 1945, gm. Rigmor Waldeland.

Skøyte 1953 til Helga Wilhelmsen og Karsten Undem. Skøyte 1956 frå Helga til Karsten på halvdelen av eigedomen. I 1987 blei eigedomen delt i to like store eigarseksjonar mellom barna Astrid og Karsten.

Karsten Undem var tolloppsynsmann, til liks med far sin. Seinare blei han pakkhusforvaltar i tollvesenet.


Kjetil Undem f. 1966.

Skøyte 1989 og 1990 på kvar av dei to eigarseksjonane. Kjetil er son til Karsten og Rigmor Undem ovanfor. Han har vore tilsett i posten og budde i tomannsbustaden, der han leigde ut den eine delen.


Endre Fidje f. 1965.

Skøyte 1992.

Leigetakarar år 1920

Peder Ingolf Sviland f. 1883 i Stavanger, g. 1912 m. Anna f. 1885 i Hetland.

Barn:

a.      Ingeborg f. 1913.

b.      Solveig Mary f. 1917.

c.       Finn Paulus f. 1919.

Peder Ingolf var ved folketeljinga i 1920 handelsreisande for grosserar i «Colonial & Fedevarer», Wilhelm Ramsland.[73]

Folk og heimar i Bekkegata 2

Oversynet nedanfor over familiar og personar som har budd på denne eigedomen, er ikkje komplett, men vil lagt ut på folkeforskingsprosjektets digitale plattform, LokalhistorieWiki.no, for vidare supplering, korrigering og aktivisering der.

Kartet viser kor Bekkegata låg, som tverrgate til Øvre og Nedre Strandgate. Bekkegata 2 er markert med ei raud knappenål. Nedst ser me kor Haakon VIIs gate går i dag, med Torget til høgre. Frå Stavanger byarkiv.

Biografiske opplysningar er henta frå digitaliserte aviser, folketeljingar, kyrkjebøker etc. på Nettbiblioteket og Digitalarkivet.


Lars Jenssen, gm. Anne Mortensdotter.

Skøyte 1839. Lars var bøkkermeister «her af Staden» og kjøpte våningshuset sitt i «Klevens Rode», matrikkelnummer 483, på offentleg auksjon 17. desember 1838. Kjøpet av Bekkegata 2 fekk han skøyte på 8. april 1839. Skøyta blei tinglyst ei veke seinare, 15. april 1839. Dette er opplyst ved salet hans av huset sitt to år seinare.[74]

Det var fattigkassen i Stavanger som kravde den offentlege auksjonen. Nils Schouen (Skogen) heitte den tidlegare eigaren av våningshuset nr. 483 av «Klevens Rode og Gade her i Byen». Nils hadde vore eigar sidan 1805. Faktisk var auksjonen ei veke før jul i 1838 det tredje forsøket på å bortauksjonera dette huset i Bekkegata 2. Etter «Bud og Overbud» fekk borgar og bøkkermeister Lars Jenssen tilslaget for 161 spesidalar. Kjøpet inkluderte både huset, «Tilhørigheder» og «tilliggende Hauge». Grunnleiga utgjorde 11 skilling årleg.[75] 

Lars lånte 60 dalar av «Stavanger Byes Fattigcasse» for å finansiera det nykjøpte huset sitt i «Bækkegaden i Klevens Rode heri Byen». Den nye eigaren forsikra huset i «Brandcassen» for 150 dalar.[76]

Ole Johannessen Håversteen

Skøyte 1841, tinglesen 1842 på Bekkegata 2, tidlegare «No. 483 i Bækkegaden».[77] Ola fekk kjøpa huset her av Lars Jenssen for 200 spesidalar. Inkludert i handelen var ein obligasjon på 60 dalar. Ole lova ved kjøpet at den førre eigaren og kona skulle få ha «fri Bustad og Raadighed» over huset i Bekkegata 2. Kvart år skulle dei i husleige betala 8 dalar til Ole og dessutan yta alle av «Huset gaaende Skatter og Udgifter».[78]

I 1841 blei det også inngått «Forening med Naboen No. 482» om smuget mellom desse to eigedomane.[79] Denne naboen heitte Endre Grødeland og han meinte at Lars Jenssen hadde gjort seg skuld i «Grovheder og Fornærmelser» mot seg. Striden galdt «Plankeværket» som skilde mellom dei to eigedomane. Endre gjekk med på flytta dette tregjerdet for å «stifte Forlig og erholde Nabo Fred». Begge naboane skulle ha fri ferdsel gjennom smuget mellom eigedomane deira.  

Det kan tenkjast at striden bak denne avtalen, kan vera grunnen til at Lars Jenssen selde Bekkegata på om lag same tid.


Hans Andreas Hanssen f. 1814 i Håland prestegjeld, gm. Rakel f. 1818 i Jelsa prestegjeld.

Barn:

a.      Peder f. 1847 i Stavanger.

b.     Jens Andreas (!) f. 1849 i Stavanger.[80]

c.      Inger Dårta (!) f. 1852 i Stavanger.

d.     Nille Helena f. 1855 i Stavanger.

Skøyte 1847, tinglyst 1859 til Hans Andreas Hanssen for 230 spesidalar.[81] Seljaren Ole Johannessen Håversteen budde på Kvitsøy då han i 1847 selde våningshuset som høyrde han til i «Bækkestrædet i Klevens Rode her i Byen». Huset hadde brannforsikringsnummer 483 og låg mellom «Endre Grødelands Halvtag og Hauge på nordvestre side, jomfru Schiøtzes Hauge på nordøstre side og Ole Klinkenborgs Våningshus og Hauge på sydvestre Side».[82]

I folketeljinga 1865 er det gitt opp at «Gårdens eier» var H. Jaasund, truleg er han identisk med Hans Andreas Hanssen.[83] Huskjøpet sitt hadde han nokre år før lånt pengar av Stavanger bys overformynderi for å gjennomføra. Lånet lydde på bortimot 122 dalar.[84]

Hans Andreas var tømmermann. Sonen Peder var sjømann og sonen Jens var skreddar ved folketeljinga i 1865.[85]

Mats Svensen budde her i sitt eige hushald med familien sin i 1865. Han var sjømann på 30 år, fødd i Vats. Kona hans, Berta Maria Svensen, var seks år yngre og fødd i Stavanger. Dei hadde dottera Martilde Marie, to år gamal. I husværet deira budde også den ugifte mannen «Florens Kjælder», 60 år gamal og fødd i Christiania. Han var ugift og blei i folketeljinga oppført som bokbindarsvein.[86]


Ansten Nielsen f. 1828 i Strand, d. 1905, gm. Karen Helene Pedersdotter f. 1831/1832 i Høyland, d. før 1891.

Barn:

a.     Nikolai Alfred f. 1862 i Stavanger.

b.     Janna f. 1865 i Stavanger, gm. Peder Riisa. (Riise?)

c.      Hakon f. 1867 i Stavanger, d. 1906, ugift.

d.     Anfin Kristinius f. 1869 i Stavanger, busett Bekkegata 2, sjå nedanfor.

e.     Sven f. 1874 i Stavanger.

Auksjonsskøyte 1879, «grundet på Salg i Hans Hanssen og Hustrues Dødsbo».[87] Det var på fjerde gangs auksjon at Ansten Nielsen fekk tilslaget på huset til dei førre eigarane, som ved dette høvet blir kalla «tømmermand Hans Hanssen Jaasunds og Hustrue». Auksjonen galdt det som her er omtalt som våningshus nr. 483 med «Grund ved Bækkegaden». Anstein baud 320 spesidalar for huset.[88]

Denne familien budde her i Bekkegata 2 alt ved folketeljinga i 1875.[89] Ansten var fraktemann.[90] Ti år seinare blei yrket hans ikkje gitt opp meir detaljert enn at han var arbeidsmann med «Knivsberg» som arbeidsgjevar.[91]

Ved folketeljinga for Stavanger i 1885 var eldste sonen Nikolai blitt blikkenslagar. Den nesteldste, Hakon, «farer som Jongmand», heiter det.

Ved den neste folketeljinga etter 1885, nemleg teljinga i 1891, var Karen død og Ansten blitt enkjemann. Dottera Janna budde heime hjå han, saman med sønene Sven, Hakon og Anfin.[92] I tillegg heldt den gifte Rakel Serine Olsen til her i 1891, ho var fødd 1867 i Stavanger.[93]

Huseigaren Ansten blir i 1891 opplyst å vera såkalla sjøhusmann ved ølforretning.[94] Sonen Sven «tjener på Klubben», heiter det.[95] Bror hans, Hakon, var framleis sjømann, med «Seilskib», står det skrive.[96] Det same var også den tredje av gutane, Anfin.[97] Hakon oppheldt seg truleg i England, Anfin hadde Amerika som «antageligt Opholdssted».

Ansten Nielsen døydde 9. januar 1905.[98] Sonen Hakon døydde året etter.[99]

Dei budde trongt i Bekkegata 2

Det budde tre familiar til i Bekkegata 2 i 1875, i tillegg til eigarfamilien Nilsen. Den første familien budde i første etasje, der også Karen Helene og Ansten heldt til med borna sine. Denne familien bestod av Laurits Gustav Larsen frå Christiania. Han var fødd der i 1839 og livnærde seg som gjørtlar i arbeid for andre. Kona Ane Marte kom frå Haugesund, fødd der i 1849. Dei hadde spebarnet Fredrik Oskar, fødd 1875.

Deretter var det familien i andre etasjen, som bestod av skipstømmermann Ellef Jonsen, f. 1850 på Sunde i Håland prestegjeld, kona Helga Martine, f. 1853 i Hundvåg, og det berre 15 dagar gamle gutebarnet deira.

Det siste hushaldet i Bekkegata 2 i 1875, heldt også til i andre høgda og bestod av matrosen Nils Andreas Larsen, f. 1845 i Skudenes og kona Berta Sofie, f. 1842 i «Lunde Sogn» forutan Andreas Nilsen, også frå «Lunde Sogn», f. 1858 der og i snikkarlære. Mannen Nils Andreas var elles ute til sjøs og oppheldt seg i England, det var kjent eller «formodet Opholdssted» for han.

Også i 1885 året budde det fleire menneske i huset i Bekkegata 2:

Styrmannen Sjur Monsen var fødd 1854 i «Bjørnevig». Anne Cecilie Andersen var kona hans, f. 1858 i Stavanger. Dei hadde vesleguten Malvin på to år, f. 1883, og litlejenta Anna Marie under året gamal, begge fødde i Stavanger.

Den tolvte og siste personen i Bekkegata 2 i 1885 var enkja Sofie Samsonsen, f. 1820 i Fjelberg i Sunnhordland.

Anfin Kristinius Nielsen f. 1869 i Stavanger, gm. Olene (Åse Oline) Paulsen f. 1875 på Sponaneset u. Hundseid i Vikedal, d. 1960.

Barn:

d.     Karen Helene f. 1900, d. 1979,  busett Stavanger, gm. Carl Thorsen.

e.     Anna f. 1901, d. 1992, busett Stavanger, gm. Leif Torkelsen, skilt.

f.       Anfinda Kristine f. 1902, d. 1903 (9 månader).

Sjå også ovanfor om denne familien. Olene er nemnd i bygdeboka Heimar og folk i Vikedal, band 2, side 1274.

Litteratur

  • Austbø, Anne Tove (red.): Stavanger byleksikon. Utg. Wigestrand. 2008. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Dyrvik, Ståle:, Sosiale endringar på 1800-talet, side 399-417 i Hovland, Edgar og Hans Eyvind Næss: Fra Vistehola til Ekofisk. Rogaland gjennom tidene, Universitetsforlaget, Stavanger - Oslo - Bergen - Tromsø 1987.
  • Götlind, Anna og Helena Kåks: Mikrohistoria. En introduktion för uppsatsskrivande studenter, Lund 2014.
  • Hempel, Kari, Arne Langhelle og Nils Olav Østrem: Heimar og folk i Vikedal, 2, Midtbygda, Fjellgardane, Vigmostad og Bjørke, Bergen 2019. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Viland, Lars, Viland. Ei slekt frå Ølen. Liv og lagnad gjennom 400 år, Sauda 1994. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Rogaland fylke: Adressebok for likningsåra 1953-1954.
  • Rogaland fylke: Adressebok for likningsåra 1955-1956.
  • Rogaland fylke: Adressebok for likningsåra 1957-1958.
  • S.M. Brydes gatefortegnelse for Stavanger 1961, S.M. Brydes Forlag, Oslo.
  • S.M. Brydes gatefortegnelse for Stavanger 1963, S.M. Brydes Forlag, Oslo.
  • S.M. Brydes gatefortegnelse for Stavanger 1965, S.M. Brydes Forlag, Oslo.
  • Stavanger adressebok: Adressekalender for Stavanger 1930, Stavanger kommune.
  • Stavanger adressebok: Adressekalender for Stavanger 1931-1932, Stavanger kommune.
  • Stavanger adressebok: Matrikkel over Stavanger med skattetakster 1942-43, Stavanger kommune.
  • Stavanger adressebok: Stavanger adressekalender og Rogaland industri 1940-1941, Stavanger kommune.
  • Stavanger adressebok: Stavanger adressekalender og Rogaland industri 1942-1943, Stavanger kommune.
  • Stavanger kommune: Stavanger skattetakst. Matrikkel 1966, Stavanger 1966.
  • Stavanger kommune, Informasjon om Stavanger, Stavanger 1981.

Kjelder

Digitalarkivet

  • Gammel grunnbok: «Selvbetjening gammel grunnbok.»
  • Statens institutt for folkehelse. Døde 1951-2014.
  • Folketeljing 1865 for 1103 Stavanger kjøpstad.
  • Folketeljing 1875 for 1103 Stavanger kjøpstad.
  • Folketeljing 1885 for 1103 Stavanger kjøpstad.
  • Folketeljing 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad.
  • Folketeljing 1900 for 1103 Stavanger kjøpstad.
  • Folketeljing 1910 for 1103 Stavanger kjøpstad.
  • Folketeljing 1920 for 1126 Hetland herad.
  • Folketeljing 1920 for 1103 Stavanger kjøpstad.
  • Stavanger byfogd. «Matrikkel over Stavanger 1933-1934 med håndskrevne henvisninger til panteregistrene.»
  • Stavanger byfogd. Pantebok nr. 10, 1832-1843.
  • Stavanger byfogd. Pantebok 11, 1843-1852.
  • Stavanger byfogd. Pantebok 12b, 1857-1862.
  • Stavanger byfogd. Pantebok nr. 20b, 1899-1899.
  • Stavanger byfogd. Panteregister nr. AD 3, 1855.
  • Stavanger byfogd. Panteregister nr. AD 4, 1904.
  • Stavanger byfogd: Panteregister 1933-1934.
  • Stavanger kriminaldommer. Pantebok nr. 32a, 1919-1919.
  • Stavanger skifteforvalter, Pantebok nr. 24a, 1904-1906.
  • Stavanger prestegjeld:
    • Kyrkjebok (klokkarbok) for Domkirken sokneprestkontor, B 20 1921-1937.
    • Kyrkjebok (ministerialbok) for Stavanger prestegjeld, Domkirken sokn 1896-1917.
  • Vikedal sokneprestembete:
    • Klokkerbok for Vikedal sokn nr. B 9, 1856-1878.
    • Ministerialbok for Vikedal sokn nr. A 7, 1868-1883.

Stavanger byarkiv

  • Nettside. Forklaring på roder.
  • Stavanger kommune: Felles Innbyggerservice <postmottak.innbyggerservice@stavanger.kommune.no>

Aviser – Nettbiblioteket

  • 1ste Mai 23.3.1910 og 21.5.1910.
  • Rogaland 29.9.1938.
  • Stavanger Aftenblad 7.10.1903, 11.1.1905, 7.6.1906, 20.8.1938, 20.2.1946, 20.10.1960, 26.10.1960, 6.4.1961, 27.4.1961, 13.2.1962, 18.9.1967 og 4.12.1992.
  • Stavangeren 8.2.1954.

Anna

  • Se eiendom: Statens kartverk nettside Kartverket.no.

Referansar

  1. Brønngata 58, Google Maps og Stavanger byleksikon; Bekkegata i Stavanger byleksikon.
  2. Dyrvik 1987: 405-417.
  3. Valgjerd Viland i Døde 1951-2014 frå Digitalarkivet.
  4. Viland 1994: 247.
  5. Bellest R. Østbø i folketeljinga 1920 for Hetland herad frå Digitalarkivet.
  6. 0037 Stokkeveien, Leilighet 04 i folketeljinga 1920 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet
  7. 0037 Stokkeveien, Leilighet 03 i folketeljinga 1920 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet.
  8. SAST, Folketelling 1920 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1920, s. 110882 i Digitalarkivet. Dette er referanse til Valgjerd Vilands «Personseddel». Søstera «Olena Viland» sin personsetel følgjer rett etter Valgjerds.
  9. Stavanger adressekalender og Rogaland industri 1940–41, Stavanger byarkiv.
  10. Stavanger Adressekalender 1942–43, Stavanger byarkiv.
  11. Adressekalender for Stavanger 1930, Stavanger byarkiv.
  12. Informasjon om Stavanger 1981, Stavanger byarkiv.
  13. Viland 1994: 247.
  14. Brønngata 58-H0101, Se eiendom, Kartverket.
  15. «1919/900147-1/102 Fradelingsdokument. 18.06.1919 Opprettelse – fradelt fra en adresse». Kjelde: Grunnboksutskrift for 1103-58/166. Noverande eigar frå 1992: Endre Fidje, f. 1965.
  16. Stavanger kriminaldommer, SAST/A-101414/004/4/41/410BD/L0003: Pantebok nr. 32a, 1919-1919, s. 92 i Digitalarkivet.
  17. Konduktørforretning 29.11.1898.
  18. Selvbetjening gammel grunnbok, Digitalarkivet.
  19. Stavanger kriminaldommer, SAST/A-101414/004/4/41/410BD/L0003: Pantebok nr. 32a, 1919-1919, s. 267 i Digitalarkivet.
  20. Forklaring på roder, Stavanger byarkiv.
  21. Stavanger byfogd, SAST/A-101408/001/4/41/410/410AD/L0004: Panteregister nr. AD 4, 1904, s. 480.
  22. S.M. Brydes gatefortegnelse for Stavanger : tillegg til Stavangeravdelingen i Adressebok for Rogaland fylke[, 21. utgave]. Utg. S.M. Brydes forl.. xx#. 1961. Digital versjonNettbiblioteket.
  23. Rogaland (Stavanger: 1925-1988) 1938.09.29. Digital versjonNettbiblioteket.
  24. Matrikul 1966, Stavanger byarkiv.
  25. Stavangeren 1954.02.08. Digital versjonNettbiblioteket.
  26. Viland 1994: 247.
  27. Stavanger Adressekalender 1942–43, Stavanger byarkiv.
  28. Forklaring på roder, Stavanger byarkiv.
  29. Stavanger byfogd, SAST/A-101408/001/4/41/410/410AD/L0003: Panteregister nr. AD 3, 1855, s. 22 i Digitalarkivet.
  30. Heimar og folk i Vikedal. 2 : Midtbygda, Fjellgardane. Utg. Fagbokforlaget. 2019. Digital versjonNettbiblioteket.
  31. Stavanger Aftenblad 1903.10.07. Digital versjonNettbiblioteket..
  32. Stavanger Aftenblad 1938.08.20. Digital versjonNettbiblioteket.
  33. Heimar og folk i Vikedal. 2 : Midtbygda, Fjellgardane. Utg. Fagbokforlaget. 2019. Digital versjonNettbiblioteket.
  34. 0048 Bækkegaden, Leilighet 03 i folketeljinga 1900 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet.
  35. Pantebok 24-147.
  36. Panteregisteret opplyser at lånet blei sletta 14. juni 1951, nr. 1368.
  37. Olene Nilsen i folketeljinga 1910 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet.
  38. 1ste Mai 1910.03.21. Digital versjonNettbiblioteket. Avisa 1. Mai er den seinare Rogalands Avis.
  39. 1ste Mai 1910.03.23. Digital versjonNettbiblioteket.
  40. Stavanger Aftenblad 1903.10.07. Digital versjonNettbiblioteket.
  41. Anfinda Kristine Nilsen i Ministerialbok for Stavanger prestegjeld, Domkirken sokn 1896-1917 (1103M1) frå Digitalarkivet
  42. 0096 Bækkegate, Leiliget 01 i folketeljinga 1920 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet.
  43. «Matrikkel over Stavanger 1933-1934 med håndskrevne henvisninger til panteregistrene.»: Stavanger byfogd, AV/SAST-A-101408: Panteregister nr. -, 1933-1934, s. 13 i Digitalarkivet.
  44. Matrikkel over Stavanger med skattetakster. 1942/43. Utg. Floor. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  45. Stavanger Aftenblad 1960.10.20. Digital versjonNettbiblioteket.
  46. Stavanger Aftenblad 1960.10.26. Digital versjonNettbiblioteket.
  47. Stavanger Aftenblad 1961.04.27. Digital versjonNettbiblioteket.
  48. Stavanger Aftenblad 1962.02.13. Digital versjonNettbiblioteket.
  49. Stavanger Aftenblad 1961.04.06. Digital versjonNettbiblioteket.
  50. Matrikul 1966, Stavanger byarkiv.
  51. Stavanger Aftenblad 1967.09.18. Digital versjonNettbiblioteket.
  52. Stavanger Aftenblad 1946.02.20. Digital versjonNettbiblioteket.
  53. Stavanger Aftenblad 1946.02.20. Digital versjonNettbiblioteket.
  54. Bækkegate 2 i folketeljinga 1910 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet.
  55. 0096 Bækkegate, Leilighet 02 i folketeljinga 1920 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet.
  56. I den digitale avskrifta av folketeljinga 1875 er det skrive feil gatenamn: Bekkegate er blitt til «Bakkegade». Ansten Nielsen i folketeljinga 1875 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet.
  57. Skanna utgåve folketeljinga 1875 for denne eigedomen, «Bække-Gade No. 483»: SAST, Folketelling 1875 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1875, s. 371 i Digitalarkivet
  58. Stavanger Aftenblad 1992.12.04. Digital versjonNettbiblioteket.
  59. Domkirken sokneprestkontor, SAST/A-101812/001/30/30BB/L0020: Klokkerbok nr. B 20, 1921-1937, s. 134 i Digitalarkivet.
  60. Anna budde truleg i Brønngata 54 etter at ho gifta seg 1933 og kan ei tid ha vore nabo med Valgjerd i Brønngata 58 etter at Valgjerd flytta inn der tidleg i 1940-åra.
  61. Adressebok Rogaland fylke for likningsåra 1953-1954, 1955-1956 og 1957-1958.
  62. S.M. Brydes gatefortegnelse for Stavanger : tillegg til Stavangeravdelingen i Adressebok for Rogaland fylke[, 21. utgave]. Utg. S.M. Brydes forl. 1961. Digital versjonNettbiblioteket.
  63. S.M. Brydes gatefortegnelse for Stavanger med eiendommenes skattetakster : tillegg til Stavangeravdelingen i Adressebok for Rogaland fylke, 23. utgave. Utg. S.M. Brydes forl. 1965. Digital versjonNettbiblioteket.
  64. Arkivverket, Riksarkivet, Justisdepartementet, 3. sivilkontor G, AV/RA-S-1041/F/Fa/L0473: Jnr. 6480-1947 G. Skilsmisse - Leif Torkelsen - f. 1903 - Anna f. Nilsen - Stavanger - 1947.  
  65. 1ste Mai 1945.07.02. Digital versjonNettbiblioteket.
  66. Hamar Arbeiderblad 1977.11.15. Digital versjonNettbiblioteket.
  67. Kjelde for opplysningar her og nedanfor om heimelsdokument og pengelån etc. er dette panteregisteret: Stavanger byfogd, SAST/A-101408/001/4/41/410/410AD/L0004: Panteregister nr. AD 4, 1904, s. 480. Sjå også: Stavanger byfogd, SAST/A-101408/001/4/41/410/410AD/L0004: Panteregister nr. AD 4, 1904, s. 262.
  68. SAST, Folketelling 1920 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1920, s. 107500 i Digitalarkivet.
  69. SAST, Folketelling 1920 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1920, s. 107498 i Digitalarkivet.
  70. SAST, Folketelling 1920 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1920, s. 107499 i Digitalarkivet.
  71. SAST, Folketelling 1920 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1920, s. 107496 i Digitalarkivet.
  72. Adressekalender for Stavanger 1931–1932, Stavanger byarkiv.
  73. SAST, Folketelling 1920 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1920, s. 107486 i Digitalarkivet.
  74. Stavanger byfogd, SAST/A-101408/001/4/41/410/410BB/L0014: Pantebok nr. 10, 1832-1843, s. 555 i Digitalarkivet.
  75. Stavanger byfogd, SAST/A-101408/001/4/41/410/410BB/L0014: Pantebok nr. 10, 1832-1843, s. 349.
  76. Stavanger byfogd, SAST/A-101408/001/4/41/410/410BB/L0014: Pantebok nr. 10, 1832-1843, s. 349.
  77. Stavanger byfogd, SAST/A-101408/001/4/41/410/410AD/L0003: Panteregister nr. AD 3, 1855, s. 22 i Digitalarkivet.
  78. [1] Pantebok 11-252. .
  79. Stavanger byfogd, SAST/A-101408/001/4/41/410/410AD/L0003: Panteregister nr. AD 3, 1855, s. 22 i Digitalarkivet.
  80. Namnet til Jens kan i den skanna utgåva av folketeljinga 1865 lesast som Jens Andreas: RA, Folketelling 1865 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1865, s. 363 i Digitalarkivet.
  81. Stavanger byfogd, SAST/A-101408/001/4/41/410/410AD/L0003: Panteregister nr. AD 3, 1855, s. 22 i Digitalarkivet.
  82. Pantebok 12-436a.
  83. Bosted 0169, nummer 483 i folketeljinga 1865 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet
  84. [1] Pantebok 12-436b.
  85. Bosted 0169, nummer 483 i folketeljinga 1865 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet.
  86. Bosted 0169, nummer 483 i folketeljinga 1865 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet.
  87. Stavanger byfogd, SAST/A-101408/001/4/41/410/410AD/L0003: Panteregister nr. AD 3, 1855, s. 22 i Digitalarkivet.
  88. Pantebok 14-821.
  89. I den digitale avskrifta av folketeljinga 1875 er det skrive feil gatenamn: Bekkegate er blitt til «Bakkegade». Ansten Nielsen i folketeljinga 1875 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet.
  90. Skanna utgåve folketeljinga 1875 for denne eigedomen, «Bække-Gade No. 483»: SAST, Folketelling 1875 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1875, s. 371 i Digitalarkivet.
  91. Ansten Nielsen i folketeljinga 1885 for Stavanger kjøpstad frå Digitalarkivet.
  92. Ansten Nielsen i folketeljinga 1891 for Stavanger kjøpstad. frå Digitalarkivet.
  93. Skanna personsetel for Rakel Serine Olsen: RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 6714 i Digitalarkivet.
  94. Skanna personsetel for Ansten Nilsen: RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 6709 i Digitalarkivet.
  95. Skanna personsetel for Sven Nilsen: RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 6711 i Digitalarkivet.
  96. Skanna personsetel for Hakon Nilsen: RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 6712 i Digitalarkivet.
  97. Skanna personsetel for Anfin Nilsen: RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 6713 i Digitalarkivet.
  98. Stavanger Aftenblad 1905.01.11. Digital versjonNettbiblioteket.
  99. Stavanger Aftenblad 1906.06.07. Digital versjonNettbiblioteket.