Kjeldearkiv:Forkledas historie

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Forkledas historie
Forklede i Hjartdal.JPG
Foreldra til Aslaug Mosebø ved Våtjønn i Tuddal. Mor, Tone Nisi, har kvardagforkle på seg utanpå stakk og liv. Hårband høyrde også med. (Hjartdal historielag)
Kildeinformasjon
Forfattar: Aslaug Mosebø
Stad: Hjartdal kommune
Nedteikna: Hjartdal historielag, "Årbok 2015", Notodden, 2015. Lenke til digital utgåve på historielaget sine heimesider.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.
Sauland bygdekvinnelag stilte opp til forklefotografering. Mange av forkleda som er omtala i artikkelen ser vi her. Modellane er frå venstre: Aslaug Mosebø, Bjørg Aamaas, Elsa Slaattun, Liv Tinnes Mork og Ragnhild Bekkhus.
Foto: Leif Skoje / Hjartdal historielag
Forkledas historie

Det ser ut til at forkledet har hørt med til kvinnekleda langt tilbake i tida. Få klesplagg er laga av så mange ulike materialer og fargar, og har så mange forskjellige utformingar, som forkledet. Sjølve hensikten med forkledet var at det skulle verne kleda, men er og var også bruka som pynt, f.eks. forkledet til bunadene våre.

Forkledet har vore bruka både i kvardag og fest. Hadde forkleda kunne fortalt om alt dei hadde vore med på, ville det blitt utallige historiar. Forkleda eg skriv om er del av ei samling på over 50 som eg har tatt vare på. Dei er velbruka av mor, født i 1901, av svigermor født i 1901, og av to tanter til mannen min, født i 1885 og 1889. La oss ta ein tur med forkleda tilbake i fortida og fram til i dag:

Kvardagsforkleda

Desse kvinnene hadde sin plass i heimen. Det var i den tida da det ikkje var å gå i butikken og hente alt ein trong av mat og klede. Det måtte dei virke til sjølve, og det utan dei hjelpemidlane som me har i dag.

Registrere arbeidstid var eit ukjent begrep. Det var å arbeide frå tidleg morgon til seine kveld. Men sundag var kviledag, bortsett frå det nødvendige som måtte gjerast. Kvinnfolka bruka alltid forkle. Dei var ikkje påkledd før også forkledet var på. Noko nytt til jul, i alle fall eit nytt forkle, fekk dei.

Til dei forskjellige arbeida vart det bruka kvite forkle laga av lerret, og farga forkle laga av farga blåtøy. Stoffet var ofte heimevove og sjølvlaga. Alle hadde ikkje vev, men kjøpte stoff til ein pris av 20 - 25 øre meteren. Sukker og mjøl var å få kjøpt i tøysekkar. Når sekken var tom, vart den vaska og sydd til blant anna forkle.

Forkleda var laga i ulike fasongar og med forskjellig pynt, det kunne vere med kroklisser og band. Dei eldste forkleda eg har, er frå ca. år 1900. Dei er store og laga av heimevove lerret. Denne vevnaden vart ofte lagt ut på snøen og vart bleika av sterk vårsol. Store forkle dekte godt kleda under. Kleda vart nok ikkje vaska så ofte som me gjer nå til dags. Vaskemaskinen var enda ikkje oppfunnen. Klesvasken var å stå med vaskebrett, koke i kjelar, ofte ute ved bekken der ein kunne skylle kleda.

Sauland bygdekvinnelag. Frå venstre: Astrid Wang, Marit Asland, Tone Brukås, Barbo Krosshus, Wenche Karlsen og Gudrun Bøe.
Foto: Leif Skoje / Hjartdal historielag.

Desse forkleda har vore med på blant anna:

Høsting av bær og frukt: I løpet av nokre få sommar- og haustmånader måtte ein ta vare på alt som kunne nyttast utover året. Det vart laga syltetøy og saft av ville bær, så som blåbær, bringebær, molter og tytebær – og av hagebær, så som rips, solbær, eple og plommer. Hermetiserte plommer, pærer og eple vart og gjort til dessert. Epleskiver vart og tørka - like eins nyper. Godt å ta fram til vinteren.
Slaktetida om hausten: Det vart laga kurv, sylte, rull, blodpølse, salta og hermetisert – og det på ein svart komfyr. Elektrisiteten vart teken i bruk i Sauland i 1919. Parafinlampa og stearinljoset gav lyset.
Baking: Store ruver flatbrød og gjæra brød måtte til. Finbakst: fattigmann, goro, julekake og smultringar høyrde med til jul.
Mjølkestell: Av mjølka fekk ein mykje god mat. Det vart kinna og laga smør, ysta ost og koka prim.
Øl- og vinlaging: Ein vanleg måte å skaffe seg øl og vin på var å lage det sjølv. Vin kunne bli laga av løvetann, forskjelleige bærsortar, eple og pærer og til og med av roseblad. Stelle i stand lag og mykje meir i kvardagen, så som å ta seg av familien, bade ungar og gamle, var også aktivitetar der forkle høyrde til. Folk var nøysomme. Dei sleit forkleda ut. Kvinnfolka tok ikkje imot lønningsposen slik dei fleste kvinner gjer i dag. Mannen hadde kontantane, og det skulle strekke til mange ting, og ofte vart det minst på kjerringa. Under krigen (1940-1945), særleg på slutten, var det lite å få kjøpt av stoff. Og det dei fekk var det merke på. Dei «stekte» opp gamle klede og fekk noko nytt av det. Eg ville så gjerne bruke symaskin, og det fekk eg lov til, men det var verre med stoff. Mor gav meg nokre lause skjortekragar som eg stekte frå kvarandre og det vart eit slags forkle. Det var lite stoff, og det ein hadde blei skjøtt saman.

Pynteforkle – gamle og nye

Folk lika å pynte seg litt ekstra til sundagen og når dei skulle ta seg ein tur til naboen. Dei gjekk oftare til kvarandre i nabolaget enn nå til dags. «Heime var eg så vide kjent - og slapp inn kvar eg ville» er Ivar Aasen sine ord.

Det fòr nokre som heitte kramkarar rundt i gardane før, og dei hadde ein stor kuffert med mykje rart i, alt frå knappenåler, strikk og bukseselar, men også litt påteikna handarbeid, f.eks. forkle. Mor kjøpte eit slikt forkle. Liv Tinnes Mork har dette på seg på gruppebiletet. Det er blått, med påteikna roser. Ho broderte med perlegarn. Skulle ho vere fin, tok ho på seg dette forkledet.


Døme frå Aslaug Mosebø si forklesamling

Serveringsforkle

Dette serveringsforkledet er det lagt mykje arbeid på, med nupereller innfelt i forkledet og rundt kanten
Foto: Ukjend / Hjartdal historielag, "Årbok 2015", Notodden, 2015. Lenke til digital utgåve på historielaget sine heimesider.

Alltid forkle når du bar fram mat i lag: så som bryllup, begravelsar og andre lag. Forkleda var nok mest til pynt på den som serverte. Forkleda var fine – laga av tynt bomullsstoff. Det var lagt mykje arbeid på utførelsen, med nuperellar, innfelte blonder, kapper og små legg. Barbo har på seg eit slikt forkle på gruppebiletet.

Uniformsforkle

Mange arbeidsplassar kravde sin uniform. Skulle ein byrja på sjukepleieutdanninga laut ein stille i blåkjole og søsterforkle, med så og så mange forkle til bruk. Likeeins til husmorskule, Stabekk-utdanning (hustell-lærarskule) og jordmorutdanning fekk ein ei liste om det. I arbeid som helsearbeidar var også dette habitten. Og heimkunnskap på skulen har sin uniform. Forkle, ofte sydd på skulen, med tørkle til jentene og hatt til gutane. På gruppebiletet har Ragnhild på seg uniformen som blei bruka i heimkunnskapstimane på Hjartdal barne- og ungdomsskule.

Kjoleforkle

Så er det kjoleforkle - som vart bruka som arbeidskjole heime. Dei var som regel sydd i bomull, gode og behagelege å bruke. Men så fekk me eit stoff som heitte nylon. Det stoffet er tett og lite luftig, ubrukeleg både i kulde og varme.

Strieforkle

Dette forkledet vart sydd av ein striesekk og nytta i grovarbeid f.eks. i fjøset. Det var ikkje alltid veden kom i vedkassa. Kvinnfolka måtte bera sjøl, og da var strieforkledet godt å ha. Elsa viser eit slikt forkle på gruppebiletet.

Klypeforkle

Det mest typiske mannsforkledet var vel det som smeden bruka i arbeidet. Her ser vi Halvor H. Sisjord i smia.
Foto: Ukjend / Hjartdal historielag, "Årbok 2015", Notodden, 2015. Lenke til digital utgåve på historielaget sine heimesider.

Dette var forkle med lommer til klesklyper. Dei lika nok å ha «orden i sakene» i gamle dagar. Klesklypene var laga av tre – og skulle dei ikkje bli svarte, måtte dei takast inn etter bruk.

Juleforkle

Mange syntest ikkje det var jul før juleforkledet kom på – som regel raudt med grøn pynt. Seinare med sølv- og gulltrådar. Marit har eit typisk juleforkle på gruppebiletet. Dette serveringsforkledet er det lagt mykje arbeid på, med nupereller innfelt i forkledet og rundt kanten.

Mannsforkle

Gjennom desse hundre åra har det vore lite om forkle til mannen, med unntak av smeden. Han bruka forkle i smia. Det var laga av skinn. Men tida har forandra seg, og etter som mannfolka tek meir og meir over på kjøkkenet må dei ha forkle, og me har fått mannsforkleda. Desse er oftast laga av godt bomullsstoff - gjerne i striper. Eit slikt har Wenche på gruppebiletet.

Bunadforkle

Forkleda var og er ein viktig del av folkedrakta. Det gjeld beltestakken og bunaden. Materialet og dekoren variera mykje. Både band og broderi er høgst forskjellig. Bunadforkledet som eg, Aslaug, har i hendene på gruppebiletet og som eg held på det andre biletet, er brureforkle til beltestakken som bestemor til mannen min stod brur i. Det var i år 1879.

Til slutt

Det ser ut som forkledet har hatt ein stor plass i kvinnene sitt liv gjennom hundre år. Kanskje bør me ta denne tradisjonen opp att, og dermed noko av det som desse forkleda var med på. Det synest som om mykje av det har blitt borte. Åste Nisi skriv det slik i eit dikt:

Å kunne me verna om alt av verdi

frå gamle og nyare tider,
og forma det saman i ven harmoni,
som inn i vårt tilvære glider.
Ein arv har me fengje, ein arv skal me gje,
å kunne me alltid stå saman om det,
til signing for komande ætter.


Kjelder

  • Hjartdal historielag, "Årbok 2015", Notodden, 2015. Lenke til digital utgåve på historielaget sine heimesider.

Referansar