Kjeldearkiv:Høydalsvikane gnr. 79. Naust

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Høydalsvikane gnr, 79. Naust
Kjeldeinformasjon
Navn: Ola E. Høydalsvik
Født: 19. januar 1908
Død: 03. septmber 2000
Sted: Høydalen (Volda)
Tidsrom: 1900- og 2000
Nedtegnet: 2010
Metode for nedtegning: Egenforfatta
Nedtegnet av: Odd Høydalsvik
Beskrivelse: Ola E. Høydalsvik har fortalt til sonen Odd Høydalsvik f. 1947
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.
Vikane. Notahengje

Uranaustet

Det var her eit fellesnaust for ein båt som tilhøyrde Lida-Johan (Slåttelid), Håvik-Lars, Årset-Knut og Vike-Knut (79/2). Denne båten vart på folkemunne kalla ”Urabukken”. Sverre Høydalsvik overtok denne naustetomta og bygde hytte her.

Knutenaustet

I Vikebugen har (79/2). “Knutegarden” sitt naust. Dette naustet er tilbygd og har både vanlege naustfunksjonar og ei elektrisk tømmersag.

Strånotnaustet

Strånota var ei seidenot som var felles for Vikane og Indre Høydal. Seidenota hang i ei notahengje som stod om lag der Midtgardsnaustet står i dag. Ola E. Høydalsvik (79/3) kjøpte i 1927 (som stråmann) både nota og naustet som han flytta til (79/3) i 1928. Eg hugsar godt dette bygget som var ei notahengje som var berre delvis bordkledd. Naustet var rive ca. 1982 då nytt naust nr. 2 vart bygd på bruk 3.

Lidabåtnaustet

Dette var ei gamal naustetomt som høyrde til (79/4) Jakobgarden. Elias Svarthammar bygde her eit naust som Lida-Iver (Slåttelid) og Peder O. Håvik frå Olagarden i Håvika brukte som naust til ein båt dei eigde saman. Ca. 1940 byrja Rasmus J. Høydalsvik (79/4) å bygge båtar i dette naustet. Han flytta noko seinare til sitt eige område på Gjellneset (Vik Båtbyggeri) og let notalaget få overta naustet mot at han fekk overta Spelbåtnaustet til notalaget som låg på hans eigedom i grenselinja mellom bruk 3 og 4. Spelbåtnaustet låg på ein høg steinmur og stod til ut i 1960-åra då Rasmus byrja å utvide området til båtbyggeriet. I slutten av 1960-åra gjennomførte Rasmus J. og Ola E. (79/3) eit makebyte slik at Rasmus J. fekk den gamle nausttomta til bruk 3 som grensa inn til Vik Båtbyggeri sitt område mot at Ola E. fekk overta notalaget sitt naust med tilhøyrande nausttomt (eigar Rasmus J.). Ola E. bygde nytt naust for bruk 3 her. Naustet fekk store skadar i nyttårsorkanen i 1992.

Gamle Olanaustet

Lagt til april 2021 av Oddvar etter handskrive frå Odd.

Gamlenaustet til Olagarden (79/3) låg i grensa mot (79/4). Naustet hadde eit tilbygg mot nord for materiallagring. Støda var mot nordaust og det kunne vere til bry. Derfor ynskte Ola å få til ei stød meir i ly.

Spelbåtnaustet

Spelbåtnaustet høyrde til notalaget og låg på bnr. 4 i grensa mot bnr. 3. Sjå det som står om naustet under avsnittet om Lidabåtnaustet.

Jakobnaustet

Jakobgarden (79/4) hadde eit naust der Vik Båtbyggeri vart bygd då Rasmus J. starta opp med bygging av større båtar. Det vart bygd båtar opp til 72 fot (Dyrhaug) og mange forlengingar av både eldre og litt yngre fiskebåtar. Vik Båtbyggeri er omtala i andre artiklar.

Hansnaustet

På vestsida av elva som renn ut på Vikesanden på (79/1) ligg Hansnaustet som og er påbygd fleire gonger med både ekstra rom til garnhengje og ei tømmersag.

Naust tilhøyrande gnr. 79, bnr.10, Fjordglytt

Naustet ligg på eigedomsteigen til (79/4) (Reitabakken). Knut Vikestrand hjelpte Håkon Høydalsvik (frå bruk 4) med å bygge dette naustet rundt 1950. Naustet har eit tilbygg som m.a. Kåre Vikestrand brukte som naust då han budde i “Barakka” (bustadhus i grensa mellom Vikane og Høydal indre på Reitabakkane). Etter at Kåre Vikestrand flytta til Vikestranda har Håkon Høydalsvik disponert heile naustet. Han bygde seg bustadhus på gnr. 79, bnr. 10.

Notahengje på gnr. 79, bnr. 4 sin sjøteig i Bakkane

I grensa mellom bruk 3 og bruk 4 stod ei notahengje som eg berre så vidt kan huske frå eg var liten (79/5). Notabåten til Høydal notlag stod i dette naustet til nytt naust vart bygd i Bøstranda. Naustet vart rive i 1950 åra.

Emma Høydal f. Høydalsvik (bruk4) fekk eit jordstykke nær dette naustet/nothenget der Høydal Trevare vart bygd (79/22). Denne fabrikkbygningen vart bygd av Levi Høydal (Arnegarden, 84/1) og Lars Høydalsvik (bruk 4). Seinare vart fabrikken eigd av brørne Levi, Johan og Martin Høydal. Høydal trevare er no fritidshus.

Yste-Hansnaustet

Dette var ei naustetomt som tilhøyrde gnr. 79, bnr.1 (på 79/3 sin sjøteig i Bakkane). Naust vart bygd her i 1914-15 til ein båt som tilhøyrde Martinus H. Høydal (84/3), broren Lars H. Høydal (Holsvik) og Hans R. Høydalsvik (79/1). Den fyrste båten dei hadde heitte på folkemunne ”Trelappen”. Dei hadde vel og ein båt som heitte ”Forsøk” og bygde seinare ”Skjerven”. ”Falk” som tilhøyde Anders H. Høydalsvik vart vel og bygd her. Hans R. og sonen Rasmus H. Høydalsvik bygde mange båtar i dette naustet som vart skada under nyttårsorkanen i 1992. Anne Reidun f. Høydalsvik og Einar Dale byggjer no naust og hytte på denne tomta.

Ein har ikkje teke med heilt nye naust som naust i Angslaneset (Kiperberg) eller naust på Vikeneset (Nyhammer).

Galleri for Volda g.nr. 79, Høydalsvik. I dagleg tale Vikane



Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Høydalsvikane gnr. 79. Naust er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.