Kjeldearkiv:Intervju med lærer Sverre Aukland 5. mai 1966

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Intervju med lærer Sverre Aukland 5. mai 1966
Kjeldeinformasjon
Type: Intervju
Navn: Sverre Aukland
Forfatter: I. E.
Født: 7. mai 1896
Død: 27. oktober 1974
Sted: Solvang i Vigmostad
Nedtegnet: 5. mai 1966
Nedtegnet av: Fædrelandsvennen
Transkribert av: Magnus Aukland
Ekstern referanse: Nasjonalbiblioteket
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Fædrelandsvennen intervjua lærar Sverre Aukland (1896–1974) den 5. mai 1966 i samband med 70-årsdagen hans, om læraryrket, skuleutvikling, den oppveksande generasjonen og språkutviklinga her til lands.

Vi må kome fram til eitt språk i dette landet: Læraren og kommunepolitikaren: Sverre Aukland 70 år laurdag

Hadde eg i dag vore ung, ville eg ha utdanna meg til lærar. Læraryrket har vore svært interessant, og noko av det viktigaste for ein lærar er å komme på bølgelengde med barna og finne den rette kontakt. – Det er Sverre Aukland som seier dette til Fædrelandsvennen ein dag vi stikk innom heimen hans på Vigmostad. Kommande laurdag, den 7. mai fyller Aukland 70 år. Han er fødd og vakse opp i Vigmostad og har i alle år hatt sin plass der. I 1917 tok Aukland lærarskuleeksamen ved Notodden lærarskule. Frå 1917 til 1919 hadde han sin første lærarpost på Fasseland i Sør Audnedal, men så kom han tilbake til heimbygda og i fem år var Aukland framhaldsskulelærar for Vigmostad og Konsmo. Hadde klokkar og lærarpost frå 1924 til 1963. I 1926 fekk Vigmostad kyrkje orgel, og frå då av lova Aukland å ta seg av spelinga i kyrkja – noko han held på med framleis. Han hatt mange tillitsverv i bygda. I perioden 1948-52 var han ordførar, han har og vore stulestyreformann. Aukland har alltid vore glad i sang o musikk, og han har starta eit par sangkor og halde liv i desse i fleire år.

– Kvifor ville De bli lærar?

– Eg hadde svært lyst til å gå skulevegen. Kanskje det låg i slekta! Bestefar min, Søren Ougland, var omgangskulelærar i 1846. Noko utdanning hadde han ikkje, av yrke var han gardbrukar og skomaker. Min far var lærar, og eg tok over posten hans då han slutta i 1924. Ein av sønnene mine har slått inn på samme yrket.

– Utviklinga i skulen?

Alt nytt er ikkje berre godt, og det er ikkje berre dårleg det som er gamalt. Nå er det fleire lesetimar. To-delt skule var bra med passande elevtall, men etter kvart blei krava større. Elevane skulle ha spesialundervisning, og då måtte sentraliseringa kome. I Vigmostad er det nå 4-delt skule. Barnetalet vil minke noko, men ein får håpe at ein framleis får halde på 4-delt. Det er til stor føremon.

– Opplæringsmetodene skifter veldig. Det er nok slik at vi som er opplært på ein bestemt måte, har kanskje litt verre for å finne oss til rette med dei nye metoder. Der er mykje godt med arbeidsskuleprinsippet, og utviklinga er nok til det betre. Men det var meir romantikk med dei gamle skulehusa, og lærarane hadde betre kontakt med foreldra enn dei har høve til i dag. Nå har lærarane betre arbeidstilhøve, og elevane betre høve til vidare utdanning.

– Men kva med slekta som veks opp?

– Barna i dag er annleis enn dei var før. Dei er mykje meir frimodige og meir åpne, men viktig er det alltid at disiplinen er der. Vi som er eldre, har lett for å idealisere det som har vore.

– Og så har De vore organist i fleire år?

– Før kyrkja fekk orgel, måtte eg vere forsangar, og det var ikkje alltid så lett. Men heldigvis i 1926 – ble eit gamalt orgel kjøpt for vel 5.000 kroner. Det var mykje den gong, men med god støtte frå bank, kommune, norsk-amerikanarar og bygdas eigne folk blei det nok pengar. Eg har seinare funne ut at dette orgelet er 93 år og blei kjøpt i Løten. Det var T.B. Ekeland som den gong var prest. Elles har det vore fire faste prestar i mi organisttid, og det har alltid vore godt samarbeide.

– For år tilbake gjekk folk til kyrja eller nytta hest og karjol, merkelig nok hadde dei og god tid. Nå er det å fara av sted med bilar, men likevel har ingen tid lenger. Ein får betale for velstandsutviklinga og!

– Kva meiner De om språkutviklinga?

– Eg ser fram til eitt språk i Norge kva det måtte kome til og heitte. No er dei to språkene kome så nær kvarandre med alle mogelege lovlege former, at det står lite igjen til å kunne samlast om eitt språk. Det ville vere stor føremon med eitt språk i Norge, men dei steile målfolka lyt fire litt på kvar sin kant. Frå enkelte hold bremsast det opp, og kanskje kan det vere bra, slik at det ikkje blir for stor overgang, men eitt språk må det bli før eller seinare.

– Og nå tek De det vel svært med ro?

– Det gjer eg, men eg er aldri arbeidsledig. Alltid er det ting å stelle med, – ting som som eg ikkje fekk høve til då eg var lærar.

Kilde