Kjeldearkiv:Ku på tur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ku på tur
Kjeldeinformasjon
Forfattar: Magnar Høydal
Født: 1937
Tema: Personleg minne om ei kyr på tur med rutebåten.
Periode: Ca. 1950
Stad: Høydalen (Volda)
Nedteikna: Oktober 2024
Metode for nedteikning: Nedteikna av forfattaren
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Ku på tur er Magnar Høydal sitt minne frå ungdomsåra.

Dette er for nokre år sidan, truleg ca. 1950. Hendinga er frå Høydalen ei lita bygd på sørsida av Austefjorden. Bygda var veglaus og samkvem med andre bygder var det rutebåten som stod for. Den gjekk måndag, onsdag og fredag og stundom også på laurdag. Frå Høydalen gjekk rutebåten kl. 8 til Volda og retur frå Volda att ca. 16.30.

Denne hendinga tok til på gnr. 81 bnr. 2 «Heimstedalen». Brukaren var Ola L. Høydal, i dagleg tale Dale Ola. Han hadde avtala med ein slaktar i Volda om at han sende ei kyr (ku) på rutebåten på måndag. Då ville slaktaren i Volda stå på kaia når rutebåten kom til Volda og hente kua. Å sende ei vaksen ku på rutebåten er kanskje ikkje noko problem men for den som ikkje er van med det kan det vera litt «spesielt». For storfe var det vanleg å bruke «segl», det er seglduk under vomma på dyret, med eit kjetting kryss på kvar side som ein huka mantelen i og med ei taustropp bakom låret og ei stropp framom brystet på dyret. Når dyret vert letta opp så er det nokså vanleg at dyret er noko nervøs og då kjem mageinnhaldet ut i ei fart, slikt er erfaringsbaset, så greitt og finna sikker plass for seg sjølv. Vart det for gale måtte dekket spylast. Mjølkespannene som skulle med rutebåten til meieriet i Volda vart ikkje tekne om bord før kyra var plassert på sikker plass. Det vanlege var at dyr vart leidd bak i babord gang, der var heil vegg på ca. 2 m med dør fram til dekk, og resten bakover var rekkverk av solide rør. I desse røra vart kua bunden med grimetauet. Neste stopp var Høydalsneset, der kom dei ut med færing med sine mjølkespann som vart lempa om bord i båten. Høydalsneset hadde både kyr og geit, så det var to mjølkespann, ei med raud sløyfe festa til lokket, det var geitmjølka. Same ordninga var det på Bjørnaset, vel 2-3 km lenger ute. Rutebåten var ei ordning som knytte bygdene saman, ei skikkeleg «mjølkerute».

Men så var det historia eg tok til på. Kva som hende veit me ikkje men på eit eller anna vis har kyra fått grima av hovudet og hoppa over bord. Her trur eg det er det som gjer at kua overlevde, hadde ho henge på slep etter grimetauet ville ho truleg vorte kvelt. Rutebåten var «Progress» og truleg gjekk han i rutefart med 8–9 mil. Fjøra utover mot Høydalsneset er stort set berre svaberg men kua har funne ein plass og kjøme seg på turt land. Det er ingen som har meldt frå om ei kyr på vandring. Då ho var koma på fast grunn er det truleg at ho har teke vegen opp på Bøen, dyra har gode sansar for å orientere seg. Ein må tru at kyra har gått fram på utsida (vestsida) av elva og då vil ho sjå heimegarden på andre sida. Ei kyr som nett hadde symt Austefjorden ville neppe ha problem med å vasse Høydalselva. Litt fram på dagen såg Ola L. (Dale Ola) at kyra han sende med rutebåten om morgonen no stod ved fjøsdøra som om ingenting hadde hendt.