Kjeldearkiv:Langbuksa

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Forteljinga Langbuksa er skriven av Johan Tufteland (1913-1998). Teksten er frå ei upublisert barnebok som heiter Splintaskøyta og andre soger, og inneheld fleire hendingsrike forteljingar frå kystkulturen i Austevoll. Jan Tufteland har digitalisert forteljinga.


LANGBUKSA

Liten hadde eg alltid vore. Det nytta ikkje kva eg gjorde for å veksa, like seint gjekk det. Eg åt mest støtt – fekk tjukke skiver med syltetøy hos mor og store bakstekaker med graut på hos bestefar, men like lite hjelpte det.

Ein dag kom eg på at maten kanskje ikkje seig skikkeleg ned i magen, man berre la seg oppe under akslene. Då gjekk eg ut i eit brot og hoppa ned i mosemyra. Jau, no kjendest det ut som maten seig heilt ned i magen. Men då eg mælte meg heime på døra der merket stod, var eg framleis like liten.

Odd frå grannegarden var mykje høgare og sterkare, han. Der kom maten skikkeleg ned såg det ut til. Men så hadde han ei sid langbukse så han kunne endeleg veksa seg lang og stor. Eg gjekk berre i knebukser, og då var det ikkje å venta at eg vaks meir, for det var berre smågutane som gjekk i knebukse.

Nei, no ville eg bli stor, eg og. Snart var eg ti år, og då kunne det vera på tide at eg fekk meg ei skikkeleg bukse. Eg spurde mor om ho ville sy meg ei. ”Ja, det kan eg nok, men du er så liten enno,” svara ho. ”Eg kan ikkje bli større før eg får meg ei skikkeleg langbukse,” sa eg.

Så måtte ho til med det. Ho fann seg ty og sat ein heil dag og sydde. Det var utruleg mykje arbeid på ei slik bukse. ”Skal du ha skikkelege lommer?” spurde ho. ”Ja, lommer må eg ha, for eg skal bera fallekniven og anglane i dei, og så skal eg gå med nevane i lommane nett som bestefar alltid gjer.” svara eg. ”Ja, du får få lommer,” sa ho, ”men du må ikkje læra deg til å gå med nevane i bukselommene støtt, for det er ikkje fint.”

Mor mælte buksa på meg etter kvart som ho sydde. ”Du må gjera henne stor for no vil eg veksa mykje,” sa eg. ”Ja, du vert nok stor med tida, men enno greier du deg med ei lita bukse,” svara mor. Buksa vart likevel i lengste laget. Eg laut lyfta henne opp med nevane når eg gjekk. Då tok mor å bretta opp ein fald nede, og det tok seg svært flott ut, for slik var kyrkjekleda til dei vaksne.

Den dagen eg var ti år, fekk eg bruka den nye buksa fyrste gongen. Sjølvsagt laut eg springa til bestefar og syna han kor stor og fin eg no var vorten. Han skrytte svært over meg og sa at eg alt var ein vaksen kar. No skulle han ut og sjå etter rak, sa han, og han hadde bruk for ein sterk kar til å hjelpa seg om han fann noko. Jau, eg skulle vera med. Å leita etter rak var det kjekkaste eg visste.

Det bar sør gjennom myrane og ned gjennom nokre klovar. Eg sprang lett på treskorne og kom ned til sjøen lenge før bestefar. Det låg store dottar med tang og anna rask ute på sjøen. Nei, her var det visst ikkje noko rak som dugde. Då fekk eg auga på ein djup klove borti berget. Eg kjende mest på meg at det var noko der og sprang bort til så eg kunne sjå ned i den djupe kloven. Jau, der låg eit stort rak og flaut så tungt. Det var ei stor tunne. Eg kraup ned i kloven og fekk tak i henne, men eg vann ikkje berga raket på land. Då kom bestefar og hjelpte meg.

”Ja, her har du funne deg eit godt emne til hummarteine,” sa han og rulla henne oppover berga. No blei det fart i bestefar. Han for så lett hoppande langs sjøkanten over kvasse bergnover og høge steinar, smaug gjennom tronge klovar og hoppa over breie bergkløfter. Støtt hadde han nevane djupt i bukselommene, men like sikkert trødde han for det.

Det fall svært vanskeleg for meg å fylgja etter han no. Over dei breie klovane greidde eg ikkje å hoppa. Då laut eg klyva lange omvegar. Bestefar for alt springande langt borte, og han fann sikkert alt raket lenge før eg fann fram til det. Eg tykte det var så gale at eg kom mest på gråten.

Men eg skulle nok ta han att. Eg stakk nevane djupt i bukselommene og sprang over berg og stein. Det gjekk bra eit stykke. Eg brukte augo godt og såg etter dei novene som var best å trø på. Men den lange buksa seig ned for treskosnutane, og eg stupte rett som det var. Stundom rende skorne seg fast i bergklovane så eg laut slita dei laus.

Nei, no måtte eg skunda meg , tenkte eg og la i veg. Eg knytte nevane i bukselommene og krøkte tærne inne i treskorne og la i veg alt eg kunne. Men her var det mest umogeleg å koma fram. Berget var fullt av djupe klovar, og nibbene stod rett opp tett som kardetindar.

Brått rende den eine treskoen seg pinnande fast, og den andre støytte mot harde fjellet så det svei i tærne. I ein blunk for eg på hovudet langt framover og rende nasen mot ei kvass nibbe. Det svartna for augo, og eg låg lenge og berre vrei meg av verken.

Bestefar høyrde skrikinga mi og kom springande. Han tok meg i bukseselane og lyfte meg opp. ”No må du koma deg heim,” sa han. Men eg var så skamslegen at eg greidde ikkje stå på føtene. Nasa mi blødde så det fossa ned over den nye buksa. ”Du har visst slått deg heilt forderva,” sa bestefar. Han tok og bar meg over dei stygge bergnibbene og like heim.

Mor anka seg då ho fekk sjå meg. Ho fann vatn og vaska meg, og buksa la ho i blot med ein gong. Eg sto lenge og hiksta og såg på den nye buksa mi som låg og flaut i vatnet som eit rak. Ho hadde fått eit stort hol på det eine kneet.

Nasa mi slutta å blø og blei snart god att, men sidan den gong har ho vore litt skeiv. Holet på buksa grodde ikkje att. Mor laut setja ei stor bot over det. Jau, eg gjorde eit godt naserenn den gongen eg skulle vera vaksen og gå med nevane i bukselommene!

Denne artikkelen er en kilde og er derfor stengt for redigering. Eventuelle bemerkninger eller rettelser kan etterlates her.