Kjeldearkiv:Norgesbrev fra Bergit Flaati til Egelev Olsen 1916-10-23
Norgesbrev fra Bergit Flaati til Egelev Olsen 1916-10-23 | |
---|---|
Informasjon om brevet | |
Dato: | 1916–10–23 |
Fra sted: | Telemark, Seljord, Flatdal |
Fra: | Bergit Flaati |
Til: | Egelev Olsen |
Til sted: | USA |
Nr. i samling: | 1748 |
Samling: | Norgesbrev |
Oppbevaringssted: | Edna M. Anderson |
Tagger: | Nærmiljø, Helse og sykdom, slag, tjenestejenter, giftermål |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
Kjære Egelev!
Tusen takk for brev du sende meg, eg fekk det laudagskvelden. Du kann tru eg vart glad daa eg høyrde det var brev fraa deg. Det er so gilt aa faa høyra fraa dykk. Det var godt aa høyra at de var alle friske og livde godt. Det same kann eg fortele. Ja me er friske og liver bare bra.
Ja eg hadde skrive brevet færdigt i jaar og var færdig vilde reisa paa posthuset med det, men so hende det eit uventa tilfelde, so eg laut riva brevet uppat. Gunhild Strand var her hite, ho sat her med eg skreiv brevet, og eg skulle helse til dykk at dei livde godt. Dei vilde snart skrive brev til deg sa ho. Men so var det i kveldingi ho skulde heimatt. Mor fylgde henne ut etter vegen, som godt var. Ho fekk eit slagstilfelde so ho vart lam paa halve sida og vart sitande i vegen til me fekk sela paa hesten. So køyrde me henne heim. Det var ikkje vont sa ho, men ho tafsa svært paa maalet. Me køyrde henne radt til stovedøri. Daa kann du tenkje Kjetil blei forskrekt, naar ho kom heimatt paa den maaten, han fekk mest ikkje tala. Ja det vonde kann snart koma. Ho hadde vore sers frisk den dagen sa ho. Dei hev same tenestjent i vetr og.
Forresten er dei friske alle kjente eg ikkje anna hev høyrt. Paa Lakshyl liver dei berre godt. Gudvei er stor og flink no. Kari Haugen er frisk og liver godt. Olav er paa Rue, han hev vore der eit aar no og skal vera der til vetren og. Bergit Spranget er paa Dale i vetr. Ingebjørg Vasmoen er frisk og hauseleg. I vetr i ho vera foruta jente. Ho hev berre vesle Ingebjørg Bøle, men ho gjeng no i skulen. Olav er paa Vasmoen, han hev ikkje reist til Amerika enno. Greggar Rue er lauskar enno, men dei pratar no um at han skal gifte seg no, med Bergit Jelsta. Barbro er der ja, ho er altfor trugi tenestjente. Ja, dei skal no vera tvo i vetr. Anne Smeland er der, ho hev vore der i sumar og. Paa Hegni lever dei godt. Dei hev ikkje meir enn tvo born enno, men der skal vist bli fleir snart. Kjetil Sundbø og Gunhild liver godt. Dei hev ei stor hauseleg jent og der skal vist og bli smaafolk att. Men Anne Sundbø d.y. hev vore klein i sumar. Ho hev site og ingenting jort sidan tidleg i vaar, ho er betre noe, men ho hev daa stelt seg med tvaa tjenestjentur til vintren. Anne Sanden er frisk og liver god, veslejenta hennar hev vorte stor no skulde du set.
Ja, Tarjei Feten og Tallev kom heim i vaar. Dei bur paa Feten, og Tallev hev vore paa Saaheim i sumar. Gro Aase hev eg ikkje høyrt jete paa lenge. Seinst eg høyrd jete ho, var ho ikkje gift. Ja, det er mange som hev para seg i hop her i Flatdal sidan du var her. No i haust er det no Knut Skeie og Liv Rynjom, so er det Olav Li og Anne Rynjom. So var det no Olav Prestaashus og Gunhild Haugen som skulde vije i denne vika. Margit Hegni hev fenge seg ei liti [resten av brevet mangler]