Kjeldearkiv:Norgesbrev fra Brit Lamvik til Lars Halle 1926-02-07

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norgesbrev fra Brit Lamvik til Lars Halle 1926-02-07
Konvolutt US philatelic 1925.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 1926–02–07
Fra sted: Møre og Romsdal, Gjemnes, Lamvik
Fra: Brit Lamvik
Til: Lars Halle
Til sted: USA, Illinois, Chicago
Nr. i samling: 1955
Samling: Norgesbrev
Oppbevaringssted: Erna Lamvik
Tagger: radio, telefon, Familieforhold, småbarn, Religiøsitet, Amerikanske forhold, Kultur, misjonsbasar, avholdsforening, amming, melkeproduksjon, grisedrift, Hverdagsliv
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kjære Lars!

Du skal ha so mykje stor takk for brevet som eg har fått att[alt?]! Du er `knuppen´ til aa skriva det skal vera visst. Straks etter du var reist og eg kunde fortelja av og til kor flink du var aa skriva heim so fekk eg ofte til svar. "Ja det er vel for det første det, det er gjerne so med alle som kjem der, men når dei har vore der ei stunn vert det som oftast slutt." Og eg tenkte, gjev det aldri maa henda at Lars og Torvald sluttar aa skriva heim om det henner so gale at dei vert aldri so lenge borte. -Og eg trur heller ikkje de vil gjera det, det ser heller ikkje ut for det. Torvald er heller litt langdryg av seg men når det kjem kjenner eg kor han hugsar oss. Og hadde vi vore so svære at vi eide radio i huset so hadde de fått gått paa ein stasjon og heldt eit foredrag til oss og vi skulde ha reist til Kr. sund so skulde de nokk faa høyra målet vårt, haha-

Men berre vent so kann vi vel telefonera åt kvarandre og om det fortset med utviklinga som det hittil har gjort. Ja det er svert, det går langt over mitt vesle vit og langt inn i prestens og, trur eg. -Paa Ulset der Randi søster til Olav er gift har dei og fått seg radio no. Dei er rike og barnlause dei maa vita. Du, i går tala eg med mor i telefon. Det første ho sa var "Eg fekk slik hug aa høyra målet ditt at eg måtte ringja op." Og sidan talast vi lenge med kvarandre. Og eg tenkte da eg hengde bort mikrofonen, aa kor gjerne har vel ikkje dei tvo der langt borte og villa høyrd røysta til mor! -De høyrer ho sikkert i minnet, og ho er like ung som før. Vonar ho og dei andre ser indover snart. Det er so gildt med at det ikkje er lengre vegen. Siste eller førre fredag kom Ragna indover paa snarvisitt. Eg sat paa kjøkenet og stella Olamann og best det var fekk eg sjaa Ragna stod i døra. "Aa kor glad eg vart," var det første eg sa. "Ja ho mor og sa da eg gjekk at når ho Brit får sjaa deg vert ho glad," svara Ragna. Ho kom med presang til Ole fraa tante Ragna i Chicago kann du tru og det som fint var og. Kvit kjole, trøye, lue og labbar, alt var sjølvsakt vent. Berre det vert sal [sol?] snart skal vi ta eit bilæte av karen. Han veks og er tjukk og triveleg, og snild som før. Rikti ein vakker liten ein kann du tru Lars. Han får mørke brune augo og helst truleg svart hår. Det er da brunaktig enda. I augo kjem han vel til aa likna folket mitt, men truleg far sin i ansiktform. Det er da ikkje so godt aa vita enda. Berre vi måtte forstå aa verta gode foreldre og at han vert ein Jesu disipel. Det er eit stort ansvar med aa faa born men og svert gildt.

Hadde brev fraa tante Ragna og nyleg. Eg skal svara snart til ho no, det fortener ho. Ho er vel berre frisk no? Det var dumt at tante Sigrid reiste sin veg for tante Ragna. Men so har ho da fleire att av sine. Høyrde av mor at de er komne til Chicago alt. Har de både kost og losji hjaa onkel Ola no da? Nei det var mest dumt at eg og Olav ikkje kom der so hadde de skulla havt heim hjaa oss. Kor eg skulla ha koka og bøtt og vaska til dykk. Tante Marie har jo so mange sjølv aa syta for. Men det er svert gildt de får vera der det er sant. Onkel er sikkert glad de er i nærleiken. Det er eit `syn´, kor eg har ynskt og sett att onkel Ola. Ja hadde det hendt hadde eg sikkert vorte so glad, at eg har teke armane kring halsen paa han, haha. Ja de er ikkje trygge for anna enn at det henner du og Torvald og om eg får i dykk meir -

Kor går det med desse småane til onkel da, dei trives vel betre likevel i `juneiten´ vel? Eg hugsar Ruth sa til meg i fjor vinter at ho vilde vera hjaa meg til ho vart vaksa, for i Amerika var det so mykje stygge folk, men her i Norge var alle snilde. Ein dag som eg og tante Maria var inne i Viken hjaa Berit og Anders var Ruth, Ester og Torvald heime hjaa Olav. Dei var nede i eldhuset om kvelden og Olav koka grisgraut og millom anna sa Ruth til Olav. "No må du snart ta med deg kjerring di aa sjaa bort paa Bersøya" Olav ler so han hikstar når han tek op att etter dei. Han er so begeistra for Torvald kor opvakt han var. Ja det var noko kjekke born, aldeles eneståande og det trur eg.

Ella var aldeles vidundarleg både snild og vakker. Ho låg attmed meg ei natt ho var her i sumar og Olav var paa islasting, du må spør ho om ho hugsar det? Det var so alt for lite eg fekk vera saman med dei tykkjer eg, kanskje eg aldri meir ser dei att, i allefald lite truleg alle. Ja slik er dette livet. "Møtes skilles saa er det vort vis, hist vi samles skal i paradis" heiter det i songen. Ja om vi fekk møtas att der kor alt er berre glede og herlegdom da var det ikkje nøye med om vi aldri såg kvarandre att her meir. Og alle som vil skal faa verta salige står det, men diverre, enda vel den største skare aa gaa mot fortapinga. Det er frykteleg at ein skal vera so uvitug i mot seg sjølv. Ja Lars, du maa fortsettja aa beda for meg og oss alle at vi må faa vera saman i Himlen. Eg tenkjer so ofte vert eg frelst skjer det eit under so elendig som eg er. Og det er og eit under at vi arme syndarar skal faa koma fram for nådet[...?] og verta slik i Guds augo som vi aldri har synda før. Måtte vi finnast tru til enden, det skal skje ved Guds hjelp.

I gårkveld var det pakkefest og basar her paa skulehuset til inntekt for menighetspleien. Magda hadde pakke og Olav kjøpte han att. Eg og Ola og bestemor var heime vi. Eg var i fjøset og medan var bestemor og Ola aleine inne. I Torvik skulde det vera auksjon for sjømandsmisjonen sa mor.

No i dag har det vore avhaldsmøte, årsmøte med valg paa nye formenn i båe laga både store og barnelaget. Olav sa fraa seg gjenvalg som formann, han vilde ha byte no. Eg vart invald i barnelaget, helst formann spår dei meg.

Eg var ikkje der. Det er i høgda tre timar eg kann vera borte enda da Ola ikkje har fått stort anna enn brystet, so eg tykkjer det er besst aa vera i ro heime. Eg har i ettermiddag gjort ferdig mjølke rekneskap for buskapen. Olav har rekna og eg reviderte skjøna du. Det var 18242 liter for 1925. Det var mindre enn første året vi hadde garden da vi var uheldig med ei ku og so selgde vi og ei som var den beste mjølkaren. Ho hadde det slik at ho vart sjuk straks etter ho bar og det var lenge før ho tok seg op att. "Husmanns-sykja" kalla dyrlækjaren det. No har vi 5 mjølkerkyr, ei kvige som har teke seg kalv og ein årsgamal stut og tvo enda mindre so det er vi i talet. Og so får vi snart tvo til om det går godt so det vert elleve da vi skal setja paa dei og. Og so har vi tre avlspurker, tvo har alt teke seg og skal koma ei i april og ei i mai, den tredie vert til hausten. Og so har vi elleve sauer, har ikkje fått lam enda. Det er mykje arbeid med desse grisene eller grisedrift, men det gjer bra netto når det går godt. Vi har vore svert heldige hittil og får vara det og. Vi har mykje aa venta so ein må nokk baska med litt av kvart. Og no er det flaue prisar paa alt ein skal selja. I fjor var det 30, 40 kr for ei tønde potetar og i vinter tek det vel til aa dra seg opp i 8 - 10 kr.

Og mjølk og smør er det mest berre halv pris for. Har vore heldige og fått seld nokso mykje is i vinter, truleg for ca halv anna tusen kr trur Olav paa kvar. Dei er nemleg tre i kompani. Det er strengt aa vera bonde, men det er intresant og ikkje sant? Aa kor eg ynskjer du hadde kome att paa Vollan Lars. Hadde garden berre vore litt større og du hadde fått lakt dei tilgode noko pengar so - Men det er mykje paa jord aa dyrka og fin heim er det og det er sikkert. Det vert noko kostbart aa faa til husa i brukbar stand, serleg løa treng vel omvøling. Stua er bra berre ho vart litt påbygd og fiksa. Men du lyt faa med deg han Tuttu heim att so gjer de arbeidet sjølv de -

Eg skulde ha skrive til søster Janna og. Fekk brev fraa henne for ei tid sidan. Det var lenge sidan sist no at eg visste mest ikkje kva eg skulde tru. Dei har seld garden oppe i bygda og flytta ned til Sand, storbygda! Der har dei bygd seg op eit fint hus sa to. Ho har vilja til Amerika, men foreldra har i mot det, ho er barn åleine maa vita. Ja ho Janna er eneståande kjekk. Eg far ikkje fraa mig anna enn at ho har passa svert til kjerring til deg Lars. Årsak at eg er so beint fram! Ho er svert flink i arbeid, netthendt og snar, og lettliva og snill som faa. Men ein maa sjølvsakt verta glad i den ein skal velja seg om det skal verta rette forhollett.

Måndag. Det vart slutt her i går kveld da eg måtte stella kveldsmat og etter den tid la Olamann beslag paa mor si. Han ligg no borte i den vesle senga si og søv. Han fekk seng hjaa far sin til jul. Han har allereide fått mykje ikkje eldre karen han er. Eg har no vaska klæde hans og før eg kokar middag tenkte eg aa gjera ferdigt dette brevet til deg. Olav og drengen er paa isarbeid. Dei er no gått igong med aa leggja inn i huset. Eg skulde helsa deg fraa alle Håvardsholms når eg skreiv. Hadde brev fraa Nanna, Hilda og Alvhild og presangar til jul fraa dei. Hilda hadde ikkje fått seg post so det er tungsamt for henne og. Men det er fleire hundrad lærarar som ikkje har arbeid so ho er ikkje aleine. Fraa Maren Røsdahl skulde eg og helsa. Ho arbeider paa fabrikken i Tingvoll. Veit ikkje om du hugsar henne. Ho er her frå Kinden og omlag mellom 50-60 år. Det var en kjækk gut det skal jeg si dig sa ho og lovord fekk du i høge tonar. Eg var so lik deg sa ho "og forresten har eg høyrd du er like hyggelig og," sa ho so eg fekk litt ros eg og, haha -

Veit ikkje om eg har fortald deg at Martinus Hegerberg og kone hadde barn for dåpen same dag som vi, og han heiter Marvin og er paa dagen like gamall som Ola. Dei spurde etter deg og eg skulde helsa. Har du råka Bolli noko nyleg og kor går det med han? Ja eg er viss om du vart forundra daa du fekk sjaa han. Han kom uventande paa vitjing til meg og paa Ullevål han Bolli, og eg vart glad kann du tru. Du maa helsa han fraa meg. Ja at du lengta heim julekvelden og elles ofte og er eg viss om. Det er reint forgale de skal vera so langt borte. Det er som du segjer ein kann faa vondt for bringa, ja det er ofte tunkt, men det er inga råd, vi får venta i tålmot so kanskje de kjem att ein gong. Det vart ei som fekk store augo kann du tru da eg braut brevet ditt og ut ramla tvo kort. Nei no kjem det trulovings kort - tenkte eg og når eg fekk sjaa namnet ditt paa båe tenkte eg, nei no har han teke feil eit kort og sendt båe sine, haha - Tankane arbeidde i lynfart og det bar til at lesa, eg må vel finna noko i brevet om det tenkte eg, og da det kom so langt at eg fekk samanhengen sette eg i aa læ høgt so Magda spurde kva eg lo til. Eg fortalde henne kva eg trudde og kva eg fekk sjaa og ho sette i aa storhauka, "Dette var høvelig til deg, han narra deg, hels Lars at det var artigt["] sa ho - So det vart morro ei stund ja. Kor går det med dykk no da Lars, er det godt millom dykk tvo eller? Høyrer ikkje meir paa deg -

Nei no måtte eg ta op han Olamann og no sit han paa fanget mit og ser so reint andektig nedpaa papiret og kor pennen fer bortover linjane. Av og til ser han op i augo paa meg og smiler, han meiner sikkert eg skal helsa morbror Lars. Skulde yndskt du hadde sett denne vakre guten min no Lars -

Noko nytt fraa Torvik har eg visst ikkje. Nils Bøn held paa og vert bra att, og Synnøve er visst nokso bra att heldigvis. Eg var redd det skulde gaa gale med henne, da betennelse i øret er so fårleg[?].

Paa sørvollan er det visst som vanleg, han Kjempis går like ugift og kyter av kor mange kvinnfolk han kunde ha fått. Men saken er nokk den at han har vilja havt mange han ikkje får trur eg, haha - Ja det er ikkje greidt aa vera Ola heller. Og Reiten har fått ringen paa i saman med Karen Hamnes som du vel veit.

Du skal ha takk for notatane fraa Åpenberinga Lars! Gud hjelpe oss alle at vi er ferdige når kallet lyder til kvar enkelt av oss! No vil ikkje han Ola at eg skal skriva meir visst, han bråkar op og ned og sit berre og `gjel´ no. Hels alle våre da Lars og bed Torvald skriva til meg!

<Hjartevarm helsing fraa di Brit.

Skal helsa fraa Olav.

Har nyleg havt brev fraa Marie og ho likar seg visst nokso godt. Trivest da [...]]