Klepp historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen til historielaget, teikna av Herborg Kverneland.

Klepp historielag arbeider med lokalhistoria i Klepp kommuneJæren. Det vart stifta 25. februar 1987 som Klepp historielag- og ættesogelag, men fekk seinare det noverande namnet sitt. Laget har sidan 2018 hatt eige kontor/lokale.

Ved starten i 1987 var det 20 medlemmer, i 1994 hadde talet auka til 60, og etterpå har det gått jamt oppover til i dag (2019), med eit medlemstal på 355.

Hovudaktivitetar

Historielaget skal formidla og fremja interessa for lokalhistorie via årbøker, lagsmøter, lokale og regionale historiske turar, og treffpunkt på kontoret. Medlemmene samlar og registrerer gamle foto og dokument, skriv av kyrkjebøker og fotograferer gravminne.

Klepp historielag bistår også kommunen med namneval på nye vegar og liknande. Laget samarbeider med Jærmuseet med vakt på [[Klepp bygdemuseum, aktivitetsdagar med gamle leikar med meir for barn. Også Klepp kommune deltek på dette.

Gjenreising av gammalt dagmerke på Reve i sammarbeid med Kystverket og grunneigarane. Sjå også Refve redningsstasjon.

Publikasjonar

Klepp historielag gir ut årbok med lokalhistoriske emne. Frå 1989 til 2005 vart det utgitt seks årshefte, og frå 2007 har det blitt utgitt ei årbok (på ca. 160 sider) kvart år med artiklar som er skrevne av ulike forfattarar.

Det vart laga ein trykksak etter at laget registrerte krigsminne frå andre verdskrigen i kommunen.

Leiarar

  • 1987-1990: Johan Sørbø
  • 1990-1996: Folke Ravndal
  • 1996-1999: Gunnar Borvik
  • 1999-2013: Bernt Øvregård
  • 2013-2014: Johan Magne Wiig
  • 2014-2015: Sigurd Tore Anda
  • 2015-2019: Kari Steinskog
  • 2019-XXXX: Nils Sigurd Skretting

Av andre sentrale personar kan nemnast Asbjørn Jakobsen og Bernhard Bore, som laga videofilmar om jordbruk på Jæren med hest som trekkraft, om tarebrenning og om torvskjæring.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer