Knut Strompdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Strompdal (fødd 1881 i Velfjord (no Brønnøy kommune), død 1954) var folkeminnesamlar.

Han hadde stipend frå universitetet for å samle folkeminne på Helgeland og i Namdal. I tretti år, frå 1923 til 1953, reiste han kvart år for å samle inn tradisjonsstoff. I Namdalen reiste han fleire gonger frå Nærøy i vest til Lierne i øst. Dei fleste kommunane på Helgeland vitja han fleire gonger.

I skriftserien til Norsk Folkeminnelag gav han i tida 1929–39 ut tre band med folkeminne, Gamalt frå Helgeland. Velfjord historielag gav ut ei samla utgåve i 1996, med føreord av Ivar Seip.

Kjelder og litteratur

  • Vonheim, Herlaug: artikkel i Årbok for Helgeland 1998/99. Mosjøen 1998.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!