Knut Tarjeisson Stavenes (1916–1918)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Tarjeisson Stavenes (fødd 17. mai 1916 i Bykle, død 31. desember 1918 same staden) var ein av mange ungar som vart ofre for spanskesjuka.

Han var son av Tarjei Knutsson Stavenes (1871–1970) og Gunhild Ånundsdotter Tveiten (1896–1972), og vart fødd på Nordtveiti. Han var det andre bornet i familien; då han døydde var det tre, og foreldra fekk i alt sju ungar.

I 1918 vart Noreg råka av influensapandemien kjend som spanskesjuka. Denne sjukdommen råka særleg hardt bland barn og unge, og Knut vart eit av mange ofre. Han døydde på årets siste dag i 1918. Gravferda fann stad den 8. januar 1919, medan jordfestinga måtte vente heilt til 29. mai same året.

Då Tarjei Stavenes og Gunhild Tveiten fekk ein son til i 1920 fekk han same namnet, Knut Tarjeisson Stavenes.

Litteratur og kjelder