Kongsfjellet (Austevoll)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kongsfjellet, 185 moh, er eit fjell i Austevoll kommune. Det er det høgste punktet på øya Selbjørn.

Fjellet blir kalla Kongsen, og er eit populært turområde, Nordsjøløypa går over Kongsen.

Gravrøyser

Det ligg fire store gravrøyser på Kongsfjellet, dei er bygd på toppen av lave fjellknausar, slik har dei som bygde gravrøysene fått flotte røyser utan altfor mykje arbeid. Den største røysa er 20 meter i diameter og omlag 3 meter høg. Dei tre andre er mindre. Gravrøyser slik som desse ser ut som ei stor haug med stein. Steinen er ofte kring 30 centimenter i tverrmål, men ein finn også ofte større blokker på kring ein meter i ei røys. Det ligg ikkje jord eller veks gras på gravrøysar slik det gjer på gravhaugar.[1]

Røvarar

Alle dei fire gravminna på Kongsfjellet har vært røva, nokon har grove seg heilt ned til fjellet under den største av røysene og kasta steinen utover.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Referansar

  1. Gravfeltet på Kongsafjellet [1]