Krigsminnesmerket i Hornnes
Hopp til navigering
Hopp til søk
Krigsminnesmerket i Hornnes stend rett utafor Hornnes kyrkjegard, og er reist til minne om tre horndøler som gav sine liv under andre verdskrigen.
Minnesmerket er ei støtte i granitt. Øvst står innskrifta «Desse horndøler miste livet sitt i fridomskampen 1940–1945». Deretter følgjer namna til dei tre med fødsels- og dødsdato, og dødsstaden.
- Jon Hornnes, * 23-11-1904 † 19-5-1944 i Natzweiler fangelæger.
- Alfred Skaiå, * 19-6-1920 † 17-6-1944 i Sachsenhausen fangelæger.
- Jørgen Tambini, *17-8-1893 døydde i februar 1942 ved krigsforlis.
Minnesmerket vart avduka den 17. mai 1947, med om lag tusen menneske til stades. Ordførar Olav A. Tveit las ein prolog, medan løytnant Abusland heldt avdukingstala. To æresvaktar frå Evjemoen leir stod vakt, og oberstløytnant Ullern la ned ein krans.
Litteratur og kjelder
- Minnesmerket, sjå bilete.
- «Avduking av minnesmerke i Hornnes» i Fædrelandsvennen 1947-05-21. Digital versjon på Nettbiblioteket.