Kristian Kielland (1899–1984)
- For fotografen med omtrent samme navn, se Kristian Kjelland.
Kristian Kielland (f. 1899 i Trondhjem, d. 1984 s.s.) var ein arkitekt og konservator som blant anna er kjent for arbeidet sitt med tradisjonsbåtar, inkludert oppmåling og fotografering. Han vart fødd tysdagen den 11. april i Trondhjem av foreldra Margit Løchen og arkitekt Gabriel Kielland. Broren var komponist og dirigent Olav Kielland.
Han vaks opp i fødebyen og vart immatrikulert ved NTH i 1918. Han fullførte arkitektutdanninga der i 1926 og begynte i 1927 å arbeide som assistent ved Nordenfjeldske Kunstforening. Same året gifta han seg med Magda Haugen (1900–1990). I 1929 tok han eksamen i kunsthistorie ved Göteborgs Högskola, og frå 1930 var han konservator ved Nordenfjeldske Kunstforening.
I 1940 vart Kielland direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum (no Norsk Maritimt Museum).
Kristian Kielland døydde 85 år gammal laurdagen den 18. august 1984 i Trondheim.
Verk
- 1938 - Åfjordsbåten (Staværingen). (Skrift; 38 / Norsk Sjøfartsmuseum)
Fotogalleri
Færing og fyring på Romundset. (u.å.)
Aurgjeldsfyring i Torsetsundet. (u.å.)
Toskgansbåt på Ulsnes. (u.å.)
Toskgansbåt på Ulsnes. (u.å.)
Kjelder
- «Kristian Kielland» på WikiStrinda
- «Kristian Kielland» på Nettstedet for familien Kielland på Ancestry.com
- Vi fra NTH. De første ti kull. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kristian Kielland i Historisk befolkningsregister.