Kvernskatt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvernskatt var ein årleg skatt på kverner og møller på 1600- og 1700-talet. I det alminnelege skattebrevet for 1682 kom det påbod om at alle gardar, plassar, kverner og sager som anten ikkje var skyldsette, eller som var for lågt takserte, straks skulle skyldsetjast. Iallfall etter den tid skulle det betalast skatt også av kvernene i høve til landskylda.

Frå 1770 (kongeleg resolusjon 20. februar) vart det bestemt at små kverner som berre vart brukt av bøndene til eige og grannane sitt behov (gardskverner), ikkje trong å bli skyldsett og dermed bli pålagde kvernskatt. I staden vart det innført ei avgift for desse, som skulle fastsetjast år for år på tinget. Denne avgifta for små, ikkje-skyldsette kverner vart oppheva frå 1803 (etter forordning om jordavgift 1. oktober 1802).

Det kan ha førekome kvernskatt også før 1682. Av stiftamtstoverekneskapa framgår det iallfall at «kvernstadpengar» var ei jordebokavgift i Selbu og i Namdalen i 1660- og 1670-åra, og venteleg også før den tid.


Kjelder

  • Katalog for futerekneskapa i Riksarkivet, v/Tor Weidling.
  • Katalogar over stiftamtstuerekneskap i Riksarkivet.
  • Forordning om skattenes påbud i Norge for anno 1682, 26. februar 1682.
  • Kgl. res. 20. februar 1770 ang. små kverner.