Kviteseid gamle prestegard

Kviteseid gard, eller Kviteseid gamle prestegard, er eit gardsanlegg der det ligg sju vedtaksfreda hus i tunet. Han var prestegard for Kviteseid fram til 1870, då garden vart selt til jarnverkseigaren Diderik Cappelen. Adressa er Fjågesundvegen 1092, og gardsnummeret 22.

Kviteseid gamle prestegard slik ein ser han frå kyrkja.
Foto: Leif-Harald Ruud (2025).

Det er litt usikkert når Kviteseid gard blei prestegard. Ein teori er at presten i den første tida budde på ein annan gard, og at Kviteseid gard ikkje blei prestegard før på 1500-talet.

Sjå òg: Prestegårder i Norge

Kjelder


Koordinater: 59.3554463° N 8.5261954° Ø