LHL Sykkylven
Hopp til navigering
Hopp til søk
Landslaget for Hjerte- og Lungesyke Sykkylven er ei lokal undergruppe av den nasjonale organisasjonen LHL. Laget vart starta i 1987 under namnet Sykkylven og Stranda lokallag av LHL. Dei to kommunane hadde felles lag fram til 2006 då det vart eige lag for medlemene i Sykkylven. Ein pådrivar i foreininga gjennom dei første åra var Jens Olsen. Til saman sat han som leiar i lolkallaget av LHL i 16 år. I 2019 vart han utnemnt til den første æresmedlemen i laget.
Kjelde:
- Sykkylvsbladet, 8. mai 2019.